lørdag 13. august 2011

Fiskepuddingen held det han lovar, kva med valflesket?


"Kva skal me ha til middag?" - eit av dei vanskelege vala i vår utskjemde del av verda. Smaken er så ulik, nokre er meir avanserte i matvegen enn andre, men ein ting er sikkert; vel du fiskepudding, veit du kva du får. Fiskepuddingen lovar ikkje meir enn han kan halda.

Valflesket derimot har dårleg rykte seg. Det heiter seg at det er feitt og godt før valet, men mister kvaliteten og får usmak etter valet. Korleis kan det ha seg, i desse tider med kjøleskap og fryseboksar?
Eg trur forklaringa ikkje ligg i kor haldbart flesket er, men korleis me presenterer det før og etter valet. Det dreier seg om kommunikasjon.

"Me ynskjer ein ny sjukeheim i bygda", seier ein ordførarkandidat i valkampen. Partiet hans får 9 % oppslutnad. Ved neste val får han høyra: " Du lova oss ny sjukeheim, det fekk me ikkje. Du lovar og lyg, som alle dei andre politikarane."

Då ordførarkandidaten sa at han ynskte ny sjukeheim, visste han kva som må til for å realisera det ynskjet. Enten må partiet hans få reint fleirtal i kommunestyret, eller så må han finna saman med andre parti som også ynskjer ny sjukeheim.
I tillegg til å få i hamn eit politisk fleirtal, må han også unngå snubletrådar på vegen. Investerer kommunen så mykje at gjelda blir for stor, kan ein hamna på ROBEK-lista. Då blir kommunen fråtatt sjølvråderetten over nye investeringar til økonomien er under kontroll att. I ein slik situasjon vil det ikkje vera råd å byggja ny sjukeheim. Å koma på ROBEK-lista har ein delvis skulda for sjølv, så det kan veljarane klandra politikaren for, men det vil då bli ei klaga på at han satsa for mykje, ikkje for lite.

Politikarar i valkamp kjenner til desse vilkåra for lovnadene dei gir. Derfor står det også i partiprogram: Partiet vil arbeida for, ynskjer at, vil utgreia..

Spørsmålet blir: Skal ein berre lova fiskepudding i valkampen for å unngå å koma i uføret og få skuldingar i ettertid, snakka med små bokstavar og seia: Me vil no så langt det er råd, dersom det viser seg at det er råd å få til og dersom mange nok vil det og alt legg seg til rette byggja ny sjukeheim. Eller skal me fleska til med: "Me ynskjer ny sjukeheim!", og stola på at folk flest kjenner til spelereglane i eit demokrati og veit kva kvalitet det er på flesket dei kjøper eller ikkje kjøper.


Andre innlegg om valet og om at eg stiller som ordførarkandidat:
Hjernetåke og tåkeprat
Ja eg søkjer makt
Ordførarkandidat og ufør i valkamptider

5 kommentarer:

  1. Eg syns ikkje fiskepuddingen held det han lover heller.. :-P
    Alle fiskepudding-produsentar sloss om å ha den billigaste puddingen og det du kjøper er stort sett mjøl, stivelse og fiske-ekstrakt.

    Så sånn sett er fiskepudding akkurat det same som valgflesk. Du trur du kjøpe fisk men får noko heilt anna... :-P

    SvarSlett
  2. Takk for kommentaren din, mamutmamma. Eg har nok eit noko anna utgansgpunkt enn deg når det gjeld fiskepudding. Eg veit kor mykje stivelse og diverse som er i han at eg ikkje ventar så mykje. Derfor sviktar han ikkje:)

    SvarSlett
  3. Valgflesk eller ikke. Kommunikasjonen mellom velger og den som vil bli valgt bør vel bygge på vanlig høflighet, vennlighet og ikke minst ærlighet.
    Et annet aspekt ved valgflesk er konsistensen. Det kan ikke bare være fett, det må være litt kjøtt der også (smiler).
    Fiskepuddingen vet man hvor man har, i kjøledisken i butikken, der får den bli for min del.
    Med vennlig hilsen Mormor

    SvarSlett
  4. Ja, som du veit, mormor, alle bilete haltar, så det fortel ikkje alt. Og eg er heilt samd med deg i at det viktigaste er å vera ærleg, venleg og høfleg. Og dei fleste veljarane er også høflege og kjem ikkje med påstand om at poltikarane lovar og lyg. Eg opplever likevel at det på eit vis er ei opplesen og vedteken sanning. Eg vil gjerne servera god biff også eg, på dei områda eg veit at løfta held, men eg er blitt redd dei store bokstavane.

    Kjekt at du er innom her og kommenterer ulike tema, mormor!

    SvarSlett
  5. Til alle!
    Hold dere ihvertfall langt unna FirstPrice fiskepudding, produsert for Norgesgruppens eget selskap Unil. Den går i oppløsning både ved steking og varming, dessuten smaker den som å stikke tunga ut av munnen bortsett fra mel!

    SvarSlett