fredag 19. august 2011

Frå hjernetåke til tåkeprat?

Oppvaksen i Skudeneshavn, er eg godt kjend med tåke. Skein sola frå klar himmel ein dag, kunne ein vera sikker på at tåka, eller skodda, kom sigande. Oppdaga me det ikkje med sjølvsyn, sørgde tåkeluren frå Geitungen fyr for at me forstod alvoret. Var me då ute i båt, var det best "å pitla seg him".

Politikken kan, som sommardagen, bli skjemd av tåke, då i form av tåkeprat.

I tidlegare tider kjende eg meg rimeleg trygg når eg sa at eg skulle unngå tåkeprat. Eg ville svara ja, nei og eg vet ikkje. Av og til er det også rett å seia: Det skal eg sjekka opp. Men å snakka i veg for at det skal høyrast ut som ein svarer på det ein er spurt om, har eg lite sansen for. Eg trur heller ikkje dei eg snakkar me, har sansen for det. Det blir fort avslørt som tomme ord.

I dag er eg likevel ikkje så trygg på at eg ikkje kan koma med tåkeprat. Etter mykje narkose, la det seg ei tåke over minnet, også kalla hjernetåke, har eg lese. Det kunne føra til at eg ikkje fann ordet for alligator, så eg sa gorilla i staden. No trur ikkje det blir så mykje snakk om korkje gorilla eller alligator i den lokale valkampen, men ein veit jo aldri..

Denne hjernetåka har no letta, og det er noko av grunnen til at eg er på veg ut av uføret slik at eg stiller som ordførarkandidat. Motivasjon, engasjement og vilje er tilbake, og eg trur tanken er klar. Derfor er eg faktisk ved godt mot no i starten av valkampen. Partiet mitt, KrF i Kvinnherad, har hatt ein framgang frå forrige val frå 7,1 % til 9.1 % på siste lokale meiningsmåling. Det lover godt.

I vekene som kjem skal me presentera politikken vår. Eg stoler på at hjernetåka er vekke for alltid, og eg skal gjera det eg kan for å halda meg vekke frå den tåka eg sjølv rår over slik at det ikkje blir tåkeprat, men klare svar, ja, nei, eg veit ikkje, eg skal undersøkja..

Velkomen til å lesa:
Fiskepuddingen held det han lovar - kva valflesket?
Postoperativ demens - den lange vegen tilbake
Ja, eg søkjer makt

2 kommentarer:

  1. Det lover godt:) Skulle ønske det var flere som valgte å svare som du! Lykke til med valgkampen.

    SvarSlett
  2. Takk for det.
    Har vore på stand to timar no og snakka med mykje hyggjeleg folk. Trur eg har levd opp til eigne krav i dag. Får prøva vidare også..
    Du veit, vil ein høyra på kva andre vil seia, så blir det eit mykje betre møte enn om ein snakkar i veg sjølv.

    SvarSlett