tirsdag 2. august 2011

Eg veit kor eg ikkje vil hen

Eg legg ned protest
mot det som er
som ikkje burde vera.
Eg legg ned protest
mot det som ikkje burde vera
som er.
Eg legg ned protest!

Det hjelper så lite.
Protesten endrar ingenting.

Jo, eg legg ned protest.
Då veit eg at den verda me må skapa
ikkje skal vera slik ho er i dag.

Eg legg bak meg protesten
går vidare
og veit
kor eg ikkje vil hen.

Desse protestantiske tankane skreiv eg for 20 år sidan. Det var då eg for første gong blei folkevald.
Dei dukka opp då eg rydda i skuffer og skap i dag. Interessant tilbakeblikk.

5 kommentarer:

  1. Kanskje du burde lese det inn på ein demonstrasjonskasett.

    SvarSlett
  2. Kva synest du eg skulle demonstrere, eller demonstrere mot?

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Jeg synes det var en finfin protest..tror det er både nødvendig og nyttig og protestere litt her i verden!

    SvarSlett
  5. Det var litt spesielt å finna denne teksten no. Eg kan jo ikkje hugsa kva det var eg protesterte på for 20 år sidan, men eg må ha vore opprørt.Og når ein blir opprørt, gjeld det å få retning på kreftene, no som då.

    SvarSlett