fredag 25. februar 2011

Det du ikkje veit, har du vondt av.

Talet på uføre aukar, og det er sjølvsagt ei politisk oppgåve å laga ordningar som reduserer talet. Så høgt som talet er i dag, kan det synast som om me ikkje har nok verktøy i verktøykassa til å snekra saman dei løysingane som må til for å byggja gode arbeidsplassar som ligg til rette for å koma tilbake til arbeidet.

Derfor er det naturleg at ein er på leit etter nye ordningar, og då siktar ein seg ofte inn på nye lover. Ikkje unaturleg sidan det er det som er Stortinget si oppgåve. Men kan det vera slik at det ikkje er nye lover som skal til no? Kan det vera at me hadde vore langt betre stilt om me faktisk hadde realisert dei lovene og ordningane me allereie har?

Nav-skuta er tung å snu. Og det var ein god tanke bak samlinga av tenester som skulle gjera livet enklare for den einskilde. Men alle som har arbeidd med realpolitikk veit at å vedta ei lov eller ei ordning, i utgangspunktet berre gir ei ny lov på papiret og ei ny ordning som kan nyttast. Realiseringa, er ei heilt anna sak. Ein vedtar ikkje realitetar, ein vedtar rammer.

Det som trengst for at uføre kan koma tilbake til arbeidslivet når tida er moden for det, er god kommunikasjon og informasjon. Den uføre blir minna om at dersom det er endring i helsetilstand eller inntekt, skal det straks meldast frå til Nav. Eg skulle ynskje det var same informasjonsplikt andre vegen: Så snart det blei konkrete ordningar for retur til arbeidslivet, skulle den einskilde straks ha melding, direkte i postkassa.

I den tida det var noko som heitte tidsavgrensa uførestønad, skulle det vera jamlege samtalar med Nav. Nokre slike samtaler har heilt sikkert funne stad, men neppe i det omfang som var målet. Når ein gjekk over til varig stønad, har eg ei oppfatning av at desse samtalene forsvann. Og det er for så vidt logisk i og med at ein då har kome til at retur til arbeidslivet neppe er sannsynleg, og då er det ikkje så mykje å snakka saman om. Saka er berre den at dei fleste menneske er i endring. Ting skjer, og ting skjer kanskje nettopp etter ein såpass lang pause frå arbeidet at kropp og sinn har fått tatt seg inn. Då er det eit problem dersom det å vera arbeidsufør er blitt ein livsstil som det er tungt å endra.

I det siste har eg oppdaga to reiskap i verktøykassa som må vera svært nyttige.
1. Arbeidsgjevar kan sleppa å ha ansvar for å dekkja sjukepengar i arbeidsgjevarperioden når han tar inn ein arbeidstakar som kjem frå uføretrygd (i fylgje mitt lokale NAV-kontor)
2. Den perioden ein kan prøva seg i arbeid utan å måtte ta ein full runde i systemet for å gå tilbake igjen til uførestønad, er svært lang.

Punkt 1 gjer terskelen lågare for å våga seg på nytt arbeid. Ein treng ikkje tenkja på at ein gir arbeidsgjevaren eit problem ved å prøva seg i arbeid.
Punkt 2 gir mot til å prøva fordi ein ikkje treng frykta ein ny og lang kanossagang gjennom systemet dersom ein ikkje lukkast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar