søndag 3. april 2011

"Vi har ingenting imot at du tar verv som ordfører etter kommende valg!"

Eg har fått eit brev som startar med denne positive utsegna: Ingenting imot at eg tar vervet som ordførar. Ikkje verst. Eg blei ordførar for 16 år sidan, men fekk ingen slike brev eit halvt år før den gongen.

Så kjem heller ikkje brevet frå ein med røysterett, det kjem frå forsikringssselskapet mitt, KLP. I samband med at eg stiller til val, har eg skissert nokre ordningar som må til om eg skal vera ordførar, og spurt Nav og KLP om dette er i tråd med regelverket deira.

Svaret frå Nav var positivt. Der fekk eg også vita korleis eg kan prøva meg i anna arbeid dersom helsa held fram og betrar seg yttarlegare. I KLP var dei altså også svært positive, og var allereie komne til etter valet; Dei fortalde meg at eg då ville vera innmeld i KLP att sidan det også var pensjonsselskapet til kommunen til liks med min forrige arbeidsgjevar.Det var nesten så eg fekk ei kjensle av at nokon trur dette kjem til å gå bra! Ein kan bli betre i både rygg og bein av mindre! I alle fall forbigåande.

KLP la også til at det var råd å prøva seg i arbeid utan å mista rettane , ikkje berre i nav, men også i hjå dei. Nyttig å vita. Elles kjem ikkje informasjonen rekande på ei fjøl. Så er det berre å vona at ryggen ikkje sviktar meg, no som så mange vil leggja til rette for aktivitet. Det er klapp på skuldra å få overalt.

Likevel går eg med ei svak uro for kva som vil dukka opp på TV 2 med det fyrste. Dei lager eit oppslag med ordførarkandidatar som er uføre. Eg hadde ein lang samtale med dei, og dei ville nytta meg som døme i programmet. Men så kom dei til at eg ikkje er representativ. Eg er jo truleg på veg ut i arbeid att, uavhengig av valet. Eg er glad eg ikkje blir eksponert i programmet, men eg vil bli nemnd med namn, og det kan vera nok til ein runde med negativ merksemd. Andre som stiller til val og er uføre i dag, har fått negative reaksjonar rundt i landet, også frå eigne partimedlemmer. No kjenner ikkje eg deira situasjon, men eg kjenner meg sjølv, mine planar for korleis eg vil gjera det, og eg kjenner ordførarkvardagen, sidan eg har vore i stolen før. Vinklinga i programmet vil sjølvsagt vera avgjerande for haldningane det skaper, så det er berre å vente å sjå. No er i alle høve det formelle i orden. Og så skal det vera eit val, før me veit korleis det heile endar. Det er greitt å ta denne runden med informasjon og reaksjonar no i god tid før val og valkamp, slik at me får konsentrera oss om lokale saker i valkampen, og om valresultatet tilseier det, kan me konstituera oss etter valet utan eit forstyrrande ordskifte om slike spørsmål som dette.

Det er nifst å nærma seg arbeidslivet att, særleg fordi det ikkje er kjekt å skuffa nokon dersom det skulle visa seg at helsa ikkje held i lengda likevel. Men ein kan ikkje hoppa over eit djup i to mindre byks. Ein må ta det i eitt!
http://marittotland.blogspot.com/2011/02/ordfrarkandidat.html

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar