lørdag 4. august 2012

80 % arbeidsfør. 100 % verdi?

Etter ein lang prat om dei gode og vonde dagane i livet, konkluderer han med at kroppen skal tåla fullt arbeid ei stund til, trass alvorleg sjukdom. Då han skal til å gå, kviskrar han: Men om eg går ned til 80 % stilling, har eg jo likevel same verdi. Ikkje sant?

Og eg som trudde at det var dei som blei heilt arbeidsuføre som tenkte slik, dei som blir til overs, me som blir til overs, som opplever oss på utsida av arbeidslivet, ja, av og til på utsida av sjølve livet.

Er det eige ynskje om å vera frisk, yta maksimalt som gir slike tankar? Eller er det redsla for å bli kalla trygda, underforstått; ein av dei som ikkje prøver nok? Eller er det haldningane me har, om me ynskjer det slik eller ikkje, som automatisk koblar prestasjonar opp mot verdi?

Dette har eg tenkt ein del over sidan eg sjølv måtte bita i det sure eplet og innrømma at kroppen måtte over i ein ny fase, ein fase utan fysisk belastning. Siste åra har eg reflektert over dette:

100 % ufør - 100 % verdi

Klar for presentasjonsrunde: alle har rekkja klar; med namn, bustad, arbeidsplass og tittel. Så er det min tur. Rekkja mi er kort: namn og bustad.

Så blir det vanlegvis heilt stilt. Og eg må leggja til for å ta vekk den pinlege stemninga: eg er arbeidsufør, og så legg eg til som ei slags orsaking, den kortaste eg får til: Ja, ryggen er øydelagt.

Den andre varianten oppstår ved direkte spørsmål ved småprat med høflege frasar:
- Ja, kva driv du på med, sånn til vanleg?
- Ingenting
- Men …? Kven representerer du, sidan du er her (fast spørsmål på ein del møte eg deltek på)
- Ingen.
Pause. Så må det ei forklaring til, alt utifrå kven eg er saman med. Eg legg til:
- Livet er annleis enn før, men eg har eit godt liv.
Så får me ofte ein god samtale om det gode livet.
- Eg kjem til å leggja meg på golvet, seier eg, - for at de ikkje skal tru det er krise når eg faktisk gjer det.
- Ikkje syns synd på meg når eg gjer det. Det er for ikkje å bli dårleg.
Så får me ei god samtale til; om tilpassing, deltaking og liknande. Og neste gong det er møte, har arrangørane av møtet ofte lagt til rette for ein god liggjeplass. (Takk til gode NRK-medarabeidarar som ordna god madrass på møtet i Kringkastingsrådet utan å vera bedne om det.)

Eg kunne ha gått utanom. Eg kunne ha presentert meg med titlar eg tidlegare har hatt. Eg gjorde det den første tida då oppgåvene eg hadde hatt låg nærare i tid, men det er for dumt å ramsa opp kva ein dreiv med for snart ti år sidan. Dessutan kjennest det usolidarisk med dei som ikkje kan gjera det. Men av og til grip den eg møter tak i fortida mi og spør: Var det ikkje du som var direktør, ordførar og statssekretær?
- Å stakkars deg, no kjem du ingen veg, du som var så aktiv. Korleis har du det , eigentleg?
Og eg prøver å seia korleis eg har det, eigentleg. Helsa er til meir eller mindre bry, men møter eg rette mennesket, nyttar eg sjansen og legg til: Det som er utfordringa er faktisk å halda oppe sjølvtilliten. Og sjå seg sjølv i spegelen kvar morgon og seia at ingenting av det som verkeleg betyr noko, har endra seg. Eg har framleis 100 % menneskeverd.

Dette har eg halde foredrag om i over 20 år. Eg har vist plansjar med bilete av folk i senger, gamle og unge, mørke og kvite, den døyande og det ufødde barnet i mors liv. Livet har mange ytterpunkt, og å ha ein dårleg rygg er langt frå mellom desse. Likevel: Uroa er der. Kven er eg nå når eg ikkje kan prestera noko?

I slike stunder er det godt å halda seg til det objektive: Alle, har 100 % menneskeverd. Ingenting kan rokke ved det!

Ein kveld eg hadde eit flott knippe gjester samla rundt eit festbord, gjorde eg noko som skulle visa seg å endra kvelden. Det var fleire rundt bordet som ikkje kjente kvarandre. Det var derfor nødvending med ein presentasjonsrunde. Gjestene ble bedne om å presentera seg med namn. Men dei fekk ikkje seia korkje kva utdanning, stilling eller posisjon dei hadde. Dei blei utfordra til å seia kven dei var: Korleis ville dei bli oppfatta som mennesket? Kva var viktig for dei? Runden rundt bordet blei annleis enn vanleg. Og det merkelege var: Heile kvelden blei prega av den uvanlege starten. Samtalane blei annleis.

NB! Desse opplevingane vil eg dela med fleire, ikkje fordi det er synd på oss som er arbeidsuføre eller for at de skal kjenna dykk dumme når de ikkje veit korleis de skal oppføra dykk i situasjonen som kan oppstå. Problemet ligg helst hos den som ikkje kjenner seg fortruleg med å vera i kategorien ufør. Men at andre veit at det kan vera ei utfordring, er i seg sjølv ei lita hjelp. Og formidlinga av at menneskeverdet er utan vilkår kan aldri gjerast konkret nok!

10 kommentarer:

  1. Flott blogginnlegg skrevet av en tøff dame. Ja for det er du.
    Det er så viktig med motstemmer som det som truer menneskeverdet.
    Takk.

    SvarSlett
  2. Dette gjør godt å lese.Ufør eller ei, alle mennesker er like mye verdt.
    En fortsatt god helg til deg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette er eigentleg grunnleggjande fakta, men me gløymer det oftast når me treng det mest.

      Slett
  3. Så sant og så vanskelig å huske.
    Godt du minner om det fra tid til annen.
    Mormorklem til tøffingen :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Veit ikkje heilt om det er meg sjølv eller andre eg minner om det. Det er ein slags kunnskap som så lett preller av.

      Slett
  4. Det høres ikke gøy ut å ville jobbe fulltid, men likevel få beskjed om at det bare er mulig å jobbe deltid

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, mange ynskjer nok å bidra meir enn kroppen har godt av. Og av og til kan ein stå på. Men av og til må ein sjå framover og tenkja at ein skal vara lenge :)

      Slett
  5. Sitat:
    " Å stakkars deg, no kjem du ingen veg, du som var så aktiv. Korleis har du det , eigentleg?
    Og eg prøver å seia korleis eg har det, eigentleg. Helsa er til meir eller mindre bry, men møter eg rette mennesket, nyttar eg sjansen og legg til: Det som er utfordringa er faktisk å halda oppe sjølvtilliten. Og sjå seg sjølv i spegelen kvar morgon og seia at ingenting av det som verkeleg betyr noko, har endra seg. Eg har framleis 100 % menneskeverd."

    Her sier du noe viktig. Noe jeg tror stemmer for svært mange (også fungsjonsfriske faktisk).
    Vi trenger noe å leve for, noe å være stolt av, noe å føle mestring over, og jobben er viktig i dette, for mange veldig viktig slik at frafall av jobb gir et vakum.

    Jeg har selv en blogg som startet ut for å ha noe å mestre, for å kjenne at jeg fikk til noe, for å kunne se tilbake på uken på og si at "se der! jeg har satt igjen spor etter meg, jeg har "gjort" noe". Da var jeg sykere enn jeg er nå, og ettersom jeg har blitt litt friskere så har bloggen vokst til å bli noe stort, og den gir meg så absolutt grunn til å rette ryggen og si at "jeg kan", selv om jeg ikke kan jobbe. Veit ikke helt om det hadde vært like enkelt uten bloggen.

    Jeg har ikke problemer med at jeg føler meg mindre verdt enn de friske, men jeg har store problemer med de som synes synd på meg. Som møter meg med triste øyne, som ikke veit hva de skal snakke om. Heldigvis har de fleste nå fanget opp at jeg ikke er interessert i å snakke om sykdommen når jeg for en gangs skyld er ute blant folk, men når de ser meg er det det eneste temaet de kommer på, så da blir de sittende og se taust på meg, medlidende.

    - Jeg vil ikke at noen skal synes synd om meg. Livet mitt er ikke elendig, jeg har det ikke grusomt, jeg har det bare helt anderledes enn andre. Det er masse godt i livet mitt, og så velger jeg å fokusere på det som er bra og ikke la det som slettes ikke er bra få ta mer plass enn høyst nødvendig. Livet mitt blir ikke noe bedre av at jeg lengter etter det jeg ikke kan få, og livet mitt blir iallefall ikke bedre av at andre ikke greier å forholde seg til meg som person, og bare ser sykdommen og tapet av muligheter.

    SvarSlett
  6. Takk for at du delte tankane dine her.
    Ja, det finnest eit godt liv, utan om hovudvegen. :)

    Eg forstår at det er vanskeleg for mange å finna samtaleemne viss det dei møter "berre er den sjuke". Derfor er det viktig, dersom ein har overskot til det, å fylla livet og tankane med noko anna enn eigen sjukdom, for då har ein noko å snakka med andre om også.

    Har vore inne på bloggen din. Kjempeflott! Det må vera ein stor inspirasjon for deg mens du steller med dette, og for oss som får kikka inn til deg. Og så fantastisk det er når ting veks og gror.
    Som du kanskje har oppdaga, er Anders, som har bloggen "Frå hage til mage", sonen min, så me er godt involverte i hagebruk her i huset også. Mange gode urter og salatar for tida.

    Ynskjer deg alt godt..

    SvarSlett