onsdag 23. februar 2011

Ordførarkandidat

Før eg stopper opp ved ulike hendingar langs vegen framover våren og dveler ved gode løysingar, gordiske knutar ved helsepolitikken og eigne val, må eg kort presentera historikken som bakgrunn for at eg er ufør og ordførarkandidat for Kvinnherad KrF. Fylgjande informasjon er gjort kjend i lokalmiljøet:

Eg er 100 % arbeidsufør, og har vore det i 6 år. Når eg no står som ordførarkandidat for KrF, finn eg det naturleg at nokon stiller spørsmål ved korleis dette heng saman. Ei detaljert utgreiing om helsetilstanden høyrer heime hjå lege og Nav, så noko slikt vil eg ikkje levera ut. Nokre opplysningar kan det likevel vera rett å gi.

I dei seks åra eg har vore arbeidsufør har helsetilstanden variert noko, med gode tider og optimisme og tøffare dagar. Etter fleire ryggoperasjonar hadde eg mange fysiske begrensingar som eg måtte ta omsyn til i kvardagen. I tillegg fekk eg nedsett konsentrasjonsevne.


Siste periode har eg sete i kommunestyret og andre styre, det vil seia; eg har ligge der - på ei sportsmatte golvet deler av møtetida. Det har fungert godt.

Det siste året har ryggen vore meir stabil i tillegg til at eg har funne fleire tilpassingar som gjer at eg kan vera aktiv. Dessutan har konsentrasjonsevna vore så å seia tilbake "til normalen" den siste tida .

Med den erfaringa eg har frå tidlegare periodar som heiltidspolitikar har eg kome til at eg vil kunne makta oppgåva som ordførar med fylgjande tilpassingar:

ei samordning av oppgåver og deling av frikjøpt tid mellom varaordførar og ordførar
eit tett samarbeid og deling av representasjonsoppgåver med varaordførar og hovudutvalsleiarar
sekretærfunskjon på kontoret som trår til ved behov utifrå dagsformen. Dei gode dagane vil eg makta skrivinga sjølv, i dårlege dagar, kan eg knapt ta i tastaturet og må ha ein aktiv sekretær.
Bruk av drosje på lengre distansar enn 3-4 km der det elles ville vore aktuelt å køyra sjølv
Mindre reising på konferansar o.l., men deltaking ved utvalde viktige tema der eg må koma fram til arrangements-staden kvelden i førevegen for ikkje å både reisa langt og sitja på møtet same dagen.
Tilrettelegging for liggjeplass der eg nyttar mykje tid
Arbeidsrytmen med møte og avtalar må leggjast til tider som gir nok kvile mellom øktene.

Det er sjølvsagt at:

Samarbeid med andre politikarar og deling av oppgåver må avklarast i det politiske miljøet om dette skulle bli aktuelt.
Dersom helsetilstanden framleis er som no etter valet, og eg ikkje har vervet som ordførar, vil eg gjerne tilbake i arbeidslivet dersom det finnest arbeid som kan tilpassast slik det er skissert her.
Desse tankane er førelagt Nav med spørsmål om det er i tråd med lovverket. Nav har gitt sin støtte.


Det er langt fram til ordførarkontoret. Først og fremt skal KrF be om folket sin tillit til å få eit mandat som minst gir same representasjon som i dag og ein sikker plass i formannskapet. Får me stor støtte og det skulle liggja til rette for det, tar me utfordringa og stiller med ordførar.

3 kommentarer:

  1. Flott blogg! Og gode bloggposter!!

    SvarSlett
  2. Randi Gran Tørring1. mai 2011 kl. 23:46

    Fantastisk Marit!
    Det handler om å ta vare på og SE de mulighetene livet gir! STORT!

    SvarSlett
  3. All oppmuntring mottas med takk,
    og eg veit at det kjem frå hjartet, Randi. Du er raus..

    SvarSlett