fredag 1. april 2011

Det er langt frå å vera litt sjuk til litt frisk

"Nøkkelen er å få til en endring er å oppheve skillet mellom det å være helt frisk og på jobb eller det å være helt syk og fraværende", sa Jens Stoltenberg.

Dette er gode tankar, og langt på veg gjer desse orda jobben sin: Dei får oss til å tenkja oss om og leita etter differensierte løysingar der det er rom for å yta etter evne, både når det gjeld tempo og arbeidstimar, dersom det fører til at fleire i større grad kan vera i arbeid. Det gir ein sunnare samfunnsøkonomi, eit sunnare sjølvbilete og ein meir sosial kvardag for mange.

Men tanken fører oss fort vidare: Ikkje heilt sjuk? Neivel? Då kan ein vel nytta alt det ein har av restarbeidsevne? Ja, dersom arbeidet er slik art at det er råd og få det til, så er det svært bra. Men ikkje alle kan tilpassa arbeidet etter dagsformen. Då kan denne velmeinte påstanden få ein bismak.

Det er nemleg slik at om det ikkje er eit problem å vera litt sjuk og på jobb, så er det ikkje like enkelt å vera litt frisk og på jobb. Og slik eg ser det er det her utfordringa ligg. Eg trur ikkje det er mange som er til dømes litt sjuke og uføre. Dei som er litt sjuke er dei som tar ut alle dagane dei har rett på med eigamelding, utifrå tanken at dette er "deira dagar". Og det er altså korttidsfråveret arbeidsgjevarar flest strevar mest med.
Langtidsfråver, dei som er på veg over i uførestønad er berre litt friske. Mange av dei er sjuke på ein slik måte at det ikkje er lett å nytta "resthelsa". Forklaringa er enkel. I tillegg til ein del praktiske løysingar som må finnast, har kroppen sitt eige rekneskap. Om du ikkje har store smerter eller er hindra i all type arbeid, så fører kroniske smerter til at ein blir fysisk trøytt, så trøytt at det som ser ut til å vera restarbeidsevna går med til kvile. (i best fall til trening).
-
Eg kverulerer ikkje med Stoltenberg i skrivande stund. Eg kranglar litt med meg sjølv. I ein fase der eg prøver å motivera meg til å gå tilbake til arbeidslivet etter 6 år som ufør, tenkjer eg at: Ja, eg skal vera ein av dei som maktar og ta fatt igjen. Eg kan i alle fall gjera ein liten del av eit årsverk. Samstundes kjem rekylen så snart eg trappar opp tempoet litt: Smerten aukar, og eg blir minna om min eigen definisjon på kroniske smerter: Når du prøver å konsentrera deg om noko og maktar det, sjølv med smerter liggjande og dura i bakgrunnen, kan du berre halda fram. Då har du berre litt vondt. Når duringa og stikkinga tar fyrsteplassen i tankar og kjensler, har smerten tatt over og du må setja helsa fyrst, så arbeid. Det er då det er provoserande (iallfall litt) å bli minna om statsministeren sine ord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar