Å flytta tilsynet frå eigaren v/kommunen til staten v/Fylkesmannen er vel og bra, men poenget er vel å få betre barnehagar. Og då er spørsmålet om tilsyn fører til forbetring?
Det er bra at systema for kvalitet er i orden.
Det hjelper likevel lite
dersom dei ikkje blir fulgte.
Men kvardagen kan vera trygg for store og små
sjølv om det ikkje kan lesast ut av
kvalitetsikringsdokumenta.
Ved eit tilsyn er det lettast å sjå etter systema, reglane, dokumenta:
Korleis skal ein gå fram ved uhell ved leikeapparat ?
Kor ofte blir leikapparata sjekka teknisk?
Kor godt skal hendene vaskast?
Når skal born sendast heim grunna sjukdom, smittefare?
osv
Både skular og sjukehus har allereie eit statleg tilsyn. Går me til rapportar etter slike tilsyn og ser kva type avvik og merknader som blir gitt, vil dei som kjenner verksemdene truleg undra seg noko. Det kan vera svake sider ved det daglege arbeidet som slett ikkje blir avdekka ved tilsynet. Tilsynet ser nemleg i hovudsak til systemet - ikkje den praktiske kvardagen. I verste fall kan ein få ei rekkje avvik utan at nokon har lidt overlast i det heile, mens tilhøve som gjer kvardagan vanskeleg for nokon, ikkje blir oppdaga.
Alt kostar: Skal ein kosta på seg meir tilsyn eller fleire vaksne?
"Det kan godt hende det finnes en prislapp på det, men det må jeg i så fall sjekke opp", seier Kristin Halvorsen til vg.
At det har ein prislapp er heilt sikkert. Og at talet på den lappen vil stiga etter som systemet rullar og går og byråkratiet veks, er det ingen tvil om. Nokre feil vil systemet kunne retta opp?
Men er det verd innsatsen?
Systemtilsyn må me også ha, men fordi me så lett trur at jobben er gjort når tilsynet er på plass, er det ei avsporing av debatten.
Fleire vaksne i barnehagen gir betre tilsyn med borna.
For meg er det det viktigaste tilsynet.
Når det gjeld forbetring av tilhøva i barnehagen, er foreldra som ser kvardagen der, dei beste til å sjå kva som er bra og ikkje fullt så bra. Foreldra må oppmuntrast til å seia ifrå når noko bør forbetrast, til dei ansvarlege i barnehagen og til oss som lokalpolitikarar. Om dette fungerer, er det ikkje avgjerande om det er systemkontroll kvart år eller kvart tredje år.
Elles er det interessant å lesa i ei Kartlegging av skader og ulykker i barnehager at:
Det er få barn som skader seg i norske barnehager,
og de aller fleste
skadene er så små at de ikke krever videre oppfølging.
(Kartlegging av skader og ulykker i barnehager
gjort av Dronning Mauds Minne
Høgskolen for Utdanningsdirektoratet.)
Tiltredes med ekeløv :)
SvarSlettMormorklem :)
Så kjekt. Me bestemødre har også stemmerett her.
SlettKan bare slutte meg til dette. Nok kvalifiserte voksne er viktigst.
SvarSlettDessuten - barn må få leke, selv om de kan falle ned, fra et tre.
Tiltredes, også med ekeløv :-)
SvarSlett