lørdag 12. mars 2011

Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun - og far min

Den dagen regjeringa Bondevik 1 skulle gå av, kom eg tidleg til kontoret. Halvvegs opp til femte etasje i KUF-bygget, møtte eg reinhaldaren. Eg sa: "God morgon", og skulle til å skunda meg vidare, då eg såg at ho stod med bøygd hovud og tårer på kinnet. Eg stanste derfor og spurte forsiktig om det var noko som var gale. "Ja, det er mykje gale", sa ho. "Lilletun skal slutta i dag".

Jon helsa alltid på henne, akkurat som han helsa på alle andre han møtte. Han såg dei, ikkje for å vera tilgjort høfleg, men fordi han faktisk såg dei.

Far og eg gjekk ofte på tur i kveldinga då eg var 13-14 år. Ein dag gjekk kursen mot eit hus som var ukjent for meg. Far sa ingenting, men opna bakdøra i huset og peika at eg skulle gå inn. Vel inne var det ingen å sjå, korkje i stove eller kjøken. Men far gjekk gjennom stova og opna døra til eit soverom. Der låg havseglaren. Det var det eg kjende han som. No var han ein liten kropp under ei kvit dyne.

Han og far veksla nokre få ord. Så tok far potta og tømte den, fann eit glas vatn og sette på nattbordet. Så var besøket over.

Jon og far lærte meg noko som det er vanskeleg å setja ord på. Men eg veit at når eg har vore ufør ein lang periode, har det dei lærte meg, hjelpt meg å ikkje hamna heilt i uføret når det gjeld å vita kven eg framleis er, fordi det viktigaste er vilkårlaust.

1 kommentar:

  1. Jon Lilletun var en person som SÅ alle, det er ikke mange jeg har møtt som har hatt ondt å si om ham.

    SvarSlett