tirsdag 12. mars 2013

- Eg kjenner meg nedvurdert. - Nei, det gjer du ikkje!

*  - Me opplever at me ikkje er ynskte når abortlova er slik at foster med vår sjukdom skal kunne veljast vekk med sjukdomen som einaste grunngjeving, har mange funksjonshemma sagt til Høgre.
- Nei, slik er det ikkje, blei det sagt på Aktuelt, 12.03.2013.

Det er greitt å seia at det ikkje skal vera slik at ikkje alle er like velkomne i samfunnet. Men ein kan ikkje nekta for at det blir opplevd slik.

* Eldre har lenge opplevd det negativt at det er snakk om eldrebølgja; som om dei eldre strøymer utover samfunnet og blir til ei plage og ein utgiftspost. Før me er gamle sjølv, tenkjer me ikkje på det. For alle vil leva lenge, men ingen vil bli gamle.

* Uføretrygd er eit sikringsnett når helsa sviktar. Det var ikkje meininga "trygda"skulle vera ein negativ merkelapp. Men eg unngår å seia at eg er uføretrygda. Eg seier at eg er arbeidsufør. For kven andre går rundt og seier kor dei får løn eller utbetaling frå: "Eg er lønsmotakar", "Eg er arbeidsgjevar"?
Opplevinga er subjektiv. Alle fakta kan peika i ein anna retning, 
men når den det gjeld, opplever at det er eit problem,
 hjelper det ikkje å nekta.

Lover og ordningar som ikkje var tenkt slik, ord som ikkje hadde dobbel meining, når dei likevel tar nye vegar, må det lagast nye kart. Elles tolkar me kartet ulikt, og snakkar forbi kvarandre.

Det er haldningar det gjeld, ikkje fakta. Men om ein ikkje ser kor det ber hen, kan haldningar skapa fakta. Haldning blir fort til handling. Det er frivillig å ta abort. Ingen tvang. Men: Kva vil det krevja å bera fram eit born som "alle andre" meiner ikkje skulle vore fødd? Korleis vil det vera for det barnet å veska opp?


Handling blir til haldning. 
- Lova treng ikkje å endrast. Det er så liten endring som eventuelt skal gjerast. 
Gjer det likevel!
Med den handlinga blir det skapt haldningar: 
Livet er verdifullt 
- slik det er!

***************

Bakgrunnen for kommentaren og Høgre sitt framlegg finn du her

6 kommentarer:

  1. Jeeg kan fortsatt bare si meg enig, jeg :)
    Mormorklem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Fint med debatt. Men fint å være enig også!

      Slett
  2. Svar
    1. Takk for positiv tilbakemelding. Puttar den på tanken til ein dag det trengst energi.

      Slett
  3. Viktige tema dette her.
    Å snakke for seg selv, og å avgrense egne opplevelser og intensjoner, fra andres, er vel første bud? Ikke så enkelt bestandig, men noe å minne hverandre om kanskje.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er vanskeleg å snakka for andre, enda verre å påstå at andre opplever noko feil. Dei ssm gir uttrykk for det, meiner det kanskje ikkje slik. Elles så høyrer dei ikkje kva dei sjølv seier.
      Særleg i politikken, der ein skal leggja til rette for andre, er det viktig å høyra kva som verkeleg blir sagt, er mi erfaring. Å oversjå innvendingar fordi dei er subjektive, kan lett føre i uføret.

      Slett