Integrering blei det kalla då reformer kom og kvinner og menn i hui og hast skulle vera der alle andre var. For nokon blei det ein sval vind. Andre opplevde det meir som eit stormkast.
Uansett: Tanken var god, alle skulle vera i lag og alle er like verdifulle.
På Valen i Kvinnherad blir det feira 10-årsjubileum for eit rikt felleskap:
SIKVAL- Saman i kyrkja Valen.
Kvinnheringen skriv:
Fleire Sikval-medlemer gjorde då viktige tenester; Signe Reidun Lie las inngangsbøna som om ho aldri har gjort noko anna, Ståle Mehl tok seg av ein vanskeleg evangelietekst, noko han kom svært godt ifrå, medan Leif Inge Heimvik rørte heile kyrkjelyden med vakker og ærleg song. Saman med organist Eva Megjesi vart det feiande flott musikk. Meir musikk vart det då heile Sikval-gjengen trødde til med songen «Eg er meg og du er deg, og saman er vi vi».
Integreringa fungerer på SIKVAL- Fordi dei som er hovudpersonane i samlinga er flinke å ta vel i mot alle som vil vera med der. Det er ikkje få i nærmijløet som er blitt inviterte til å bli med på dei faste samlingane der det er god mat, mykje glede og fast samlingstund i kyrkjerommet til avslutning. Her blir naboar og vener integrerte.
Songen dei syng på SIKVAL har noko å læra oss alle:
Eg er meg og du er deg
og saman er vi VI.
To kan gjera meir enn ein
og tjue meir enn ti.
Eg er meg og du er deg
og saman er vi VI,
saman er vi VI,
saman er vi VI!
saman er vi VI!
Nice :-)
SvarSlett