fredag 1. april 2011

Usynleg - for mi skuld

Eg lærte heime at eg skulle helsa fint på alle dei eg møtte som eg kjende. Eg lærte til og med å neia for læraren, også om eg sykla. Å neia, ståande på ein sykkel, går altså an. Eg har prøvd.

Ikkje alle eg helste på, helste tilbake. Det melde eg tilbake til mor mi, som hadde det gode svaret eg har hatt i bakhovudet seinare i livet: Held fram med å helsa du. Helser dei ikkje tilbake, er det dei som er dumme.
Dette gjekk fint. Eg helste på gamal og ung, og det var etterkvart få som fekk stempelet "dumme".

Så gjekk det nokre år. Eg blei tenåring. Og heldt fram med å helsa. Men ein kveld opplevde eg noko som var nytt for meg. Eg helste, men mannen helste ikkje tilbake. Og noko fortalde meg at det ikkje var for at denne mannen var dum. Det var som om han vende seg bort i eit ynskje om å vera usynleg.
Eg kjende mannen godt, svært godt faktisk. Men når eg tenker meg om, no mange tiår etterpå, hadde me nok berre vore saman i trygge samanhengar, der berre familiane våre hadde vore i lag. Eg hadde nok ikkje møtt han på gata før.

Det var nok sårt over dette møtet. Eg grunna over kvifor han oppførte slik han gjorde, og kom til at han let vera å helsa, for at eg skulle sleppa å visa at eg kjende han.
Han hadde eit så lågt sjølvbilete at han gjorde seg usynleg, for mi skuld.

Eg fekk aldri høve til å bli så godt kjend med han som vaksen at eg kunne vera med å visa med min måte å møta han på, at han var verd å møta, verd å kjenna. Han valde å ikkje gå på gatene så mykje lenger. Han valde faktisk å bli heilt usynleg. Han valde å ikkje leva.

Me kan studera og drøfta kommunikasjon, sosiale medier, naboforhold og byplanlegging stolpe opp og stolpe ned. Gløymer me å sjå kvarandre, er det viktigaste gløymt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar