fredag 8. april 2011

Nokre uføre er det verre å koma ut av enn andre

Denne bloggen fekk namnet "Ut av uføre(t)" og skulle handla om å bli ufør, vera ufør og koma bort frå statusen som ufør, alt med eit trygt sjølvbilete.

Så stopper eg opp i kvardagen, og ser at det er nokre uføre som det er verre å koma ut av enn andre, og for dei fleste: også verre å bli verande i. Eg tenkjer på det å bli avhengig av narkotiske stofff.

Då går tankane fort til dei som må ty til kriminalitet for å sikra pengar til kjøp av narkotika og til "kvitsnippmisbrukarane" som har ein fin fasade.

Alt dette har eg distanse til, men så veit eg: Det kunne ha vore meg i fylgje den omvendte myrsnipefilosofien  fordi eg har vore i ein sitausjon der eg har sterk medisin i lomma. Då gå det opp for meg at eg treng eit nyansert syn på kva det er som kan gjera oss narkomane. Tankane resulterte i eit innlegg på verdiebatt .no: http://www.verdidebatt.no/debatt/cat8/subcat8/thread139660/

Legg gjerne att ein kommentar på Verdiebatt.no eller i kommentarfeltet under.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar