torsdag 21. april 2011

Vend andletet mot sola!

Vend andletet mot sola
så fell skuggane bak deg!

Skuggane er der like fullt

Teiknar du eit menneske
utan å ta med skuggen
vil det bli hengande i lause lufta
Om det er på veg oppover eller nedover,
veit me ikkje.
Men me veit at det ikkje har bakkekontakt.

Liker du ikkje skugge,
får du velja deg mørkret

Der sola skin,
er det skuggar.

Og eg vender andletet mot sola …

3 kommentarer:

  1. Kjempebra! Veldig interessant og viktig blogg du har sånn generelt, eg likar at du brukar stemma di på nettet til å snakke om viktige saker. Og dette diktet var rett og slett nydeleg.

    SvarSlett
  2. Takk Gunhild Sofie!
    Lurer jo på kven eg sit og skriv til av og til, og om dette kan ha verdi for nokon. Det er derfor flott å få tilbakemeldingar.

    SvarSlett
  3. Følger deg, eg, men har ikkje alltid tid til å kommentere. Eg er også veldig oppteken av verdiar, mange av dei same som du er så flink til å få fram her.

    SvarSlett