tirsdag 12. mars 2013

- Eg kjenner meg nedvurdert. - Nei, det gjer du ikkje!

*  - Me opplever at me ikkje er ynskte når abortlova er slik at foster med vår sjukdom skal kunne veljast vekk med sjukdomen som einaste grunngjeving, har mange funksjonshemma sagt til Høgre.
- Nei, slik er det ikkje, blei det sagt på Aktuelt, 12.03.2013.

Det er greitt å seia at det ikkje skal vera slik at ikkje alle er like velkomne i samfunnet. Men ein kan ikkje nekta for at det blir opplevd slik.

* Eldre har lenge opplevd det negativt at det er snakk om eldrebølgja; som om dei eldre strøymer utover samfunnet og blir til ei plage og ein utgiftspost. Før me er gamle sjølv, tenkjer me ikkje på det. For alle vil leva lenge, men ingen vil bli gamle.

* Uføretrygd er eit sikringsnett når helsa sviktar. Det var ikkje meininga "trygda"skulle vera ein negativ merkelapp. Men eg unngår å seia at eg er uføretrygda. Eg seier at eg er arbeidsufør. For kven andre går rundt og seier kor dei får løn eller utbetaling frå: "Eg er lønsmotakar", "Eg er arbeidsgjevar"?
Opplevinga er subjektiv. Alle fakta kan peika i ein anna retning, 
men når den det gjeld, opplever at det er eit problem,
 hjelper det ikkje å nekta.

Lover og ordningar som ikkje var tenkt slik, ord som ikkje hadde dobbel meining, når dei likevel tar nye vegar, må det lagast nye kart. Elles tolkar me kartet ulikt, og snakkar forbi kvarandre.

Det er haldningar det gjeld, ikkje fakta. Men om ein ikkje ser kor det ber hen, kan haldningar skapa fakta. Haldning blir fort til handling. Det er frivillig å ta abort. Ingen tvang. Men: Kva vil det krevja å bera fram eit born som "alle andre" meiner ikkje skulle vore fødd? Korleis vil det vera for det barnet å veska opp?


Handling blir til haldning. 
- Lova treng ikkje å endrast. Det er så liten endring som eventuelt skal gjerast. 
Gjer det likevel!
Med den handlinga blir det skapt haldningar: 
Livet er verdifullt 
- slik det er!

***************

Bakgrunnen for kommentaren og Høgre sitt framlegg finn du her

mandag 11. mars 2013

Kva skal tilsynet sjå til? Om skoen er korrekt, eller om han trykkjer?

Regjeringa vil flytta tilsynet med barnehagane til Fylkesmannen i følgje Vårt land: Annenhver barnehage har brutt loven.

Å flytta tilsynet frå eigaren v/kommunen til staten v/Fylkesmannen er vel og bra, men poenget er vel å få betre barnehagar. Og då er spørsmålet om tilsyn fører til forbetring?

Det er bra at systema for kvalitet er i orden. 
Det hjelper likevel lite dersom dei ikkje blir fulgte. 
Men kvardagen kan vera trygg for store og små 
sjølv om det ikkje kan lesast ut av kvalitetsikringsdokumenta.

Ved eit tilsyn er det lettast å sjå etter systema, reglane, dokumenta:
Korleis skal ein gå fram ved uhell ved leikeapparat ?
Kor ofte blir leikapparata sjekka teknisk?
Kor godt skal hendene vaskast?
Når skal born sendast heim grunna sjukdom, smittefare?
osv

Både skular og sjukehus har allereie eit statleg tilsyn. Går me til rapportar etter slike tilsyn og ser kva type avvik og merknader som blir gitt, vil dei som kjenner verksemdene truleg undra seg noko. Det kan vera svake sider ved det daglege arbeidet som slett ikkje blir avdekka ved tilsynet. Tilsynet ser nemleg i hovudsak til systemet - ikkje den praktiske kvardagen. I verste fall kan ein få ei rekkje avvik utan at nokon har lidt overlast i det heile, mens tilhøve som gjer kvardagan vanskeleg for nokon, ikkje blir oppdaga.

Alt kostar: Skal ein kosta på seg meir tilsyn eller fleire vaksne?
 "Det kan godt hende det finnes en prislapp på det, men det må jeg i så fall sjekke opp", seier Kristin Halvorsen til vg.
At det har ein prislapp er heilt sikkert. Og at talet på den lappen vil stiga etter som systemet rullar og går og byråkratiet veks, er det ingen tvil om. Nokre feil vil systemet kunne retta opp?
Men er det verd innsatsen?

Systemtilsyn må me også ha, men fordi me så lett trur at jobben er gjort når tilsynet er på plass, er det ei avsporing av debatten.

Fleire vaksne i barnehagen gir betre tilsyn med borna.  
For meg er det det viktigaste tilsynet.

Når det gjeld forbetring av tilhøva i barnehagen, er foreldra som ser kvardagen der, dei beste til å sjå kva som er bra og ikkje fullt så bra.  Foreldra må oppmuntrast til å seia ifrå når noko bør forbetrast, til dei ansvarlege i barnehagen og til oss som lokalpolitikarar. Om dette fungerer, er det ikkje avgjerande om det er systemkontroll kvart år eller kvart tredje år.

Elles er det interessant å lesa i ei Kartlegging av skader og ulykker i barnehager at:
Det er få barn som skader seg i norske barnehager, 
og de aller fleste skadene er så små at de ikke krever videre oppfølging.
 (Kartlegging av skader og ulykker i barnehager 
gjort av Dronning Mauds Minne Høgskolen for Utdanningsdirektoratet.)

lørdag 9. mars 2013

Toleranse i abortsaka ? Toleranse som får meg til å kviskra?

Abort og toleranse, eit ordpar som synest å gå godt i hop. Men stopp litt: Det gjeld berre om ein tolerer ei liberal abortlov. Elles er ein stokk konservativ og kvinnefientleg.

I toleransens namn skal ein forstå at mange unge jenter kjem i ein situasjon der dei ikkje har mot til å bera fram eit barn. Slik møtte eg abortkampen i min ungdom. Men etter kvart oppdaga eg at like mange søkte abort fordi dei fekk for mange born på rad eller at mødrene var i eldste laget. No er spørsmåla kor alvorleg sjukdom ein skal kunna påvisa seint i svangerskapet før ein kan avbryta det.

Det er ingen tvil om at teknologi og legevitskap har endra seg mykje sidan abortlova kom. Då var det snakk om kvinna sin råderett over eigen kropp. No er det snart eit spørsmål om samfunnet og foreldra sitt mot til å ta i mot eit barn som kanskje vil krevja noko meir enn det vanlege. Er det ikkje då på tide å vurdera gjeldande lov på nytt slik Høgre no vil gjera? For meg synest det å vera innlysande at det er ein relevant debatt dei vil ta. Men strekk toleransen så langt?

Dette er framlegget frå Høgre: 
Høyre vil forhindre at menneskelig liv sorteres ut fra egenskaper. Høyre vil endre abortloven slik at egenskaper ved fosteret ikke er et selvstendig abortkriterium etter grensen for selvbestemt abort. Tilstander som ikke er forenlige med liv, skal i seg selv gi grunnlag for abort.

Paradoks: Galt å velja vekk jenter, men ikkje barn generelt?
Ved den flotte feiringa av kvinnedagen i Kilden i Kristiansand blei mykje godt sagt om utviklinga og kvinna si rolle i samfunnet. Likevel: Det var eit paradoks at den eine talaren framheva vår eigen abortlov, mens den andre la vekt på kor viktig det er med kvinnesak i andre land: Der jentebarn blir aborterte fordi foreldra ynskjer ein gut. Då lurer er: Er det ikkje tankjevekkjande at abort skal forsvarast i alle situasjonar unntatt når det blir utvelging av kjønn? Kva med heilt friske barn, uavhengig av kjønn?

Å få råda over eigen kropp, var slagordet då abortlova blei slik ho er.  Med den utviklinga me har hatt på prevensjon og seksualundervisning (heldigvis), må me vel heller snakk om råda over eige liv. Dei fleste kan styra når dei blir gravide, om dei vil. Då ser eg heilt vekk frå misbruk av kvinna sin kropp. Det er eit anna spørsmål, for ikkje å seia ein tragedie. No er det  meir eit spørsmål om å styra over eige liv. Den debatten kan me ta, og eg synest den er meir relevant.

Skuldkjensle?
Ny abortdebatt ynskjer me ikkje fordi det gir så mange skuldkjensle som dei bør sleppa, blir det sagt. Eg ynskjer ikkje å gi nokon skuldkjensle. Eg kjenner ikkje kvar livssituasjon. Eg trur ikkje abort er ei enkel løysing for mange. Men det undrar meg at kvinna sine kjensler berre skal nyttast for å avvisa viktig debatt. Kva me kjenslene som faktisk er der grunna abortinngrep? Spør i kvinnelag, spør legar, spør dei som møter kvinner i krise: Finnest det ikkje nok av dei som strevar i periodar seinare i livet grunna ein abort? Det er me som snakkar negativt om abortlova som påfører dei desse smertene, vil nokon hevda. Då vil i tilfelle desse stemmene ha stilna det siste året, då me mest ikkje har hatt noko abortdebatt. Det trur eg ikkje er tilfelle.

Mot?
De er lett å gå i skyttargravene i denne debatten. Kan henda har eg allereie sendt nokon i skyttargrava som eg helst ville ha dialog med. Men for ein gongs skuld vel eg å seia det eg tenkjer om denne saka. I for mange år har eg vore så tolerant at eg berre har kviskra. Men eg er komen til at ein også må våga krevja toleranse andre vegen. Når eg ser reaksjonen Høgre blir møtt med når dei vil ta ei høgst påkrevd vurdering, er det på tide å få debatten meir nyansert. Me lever i 2013. Kvinnene har nådd langt. Det er eit stykke igjen å gå for å vera likestilte i praksiss. Men la oss ikkje gå så taktfast framover at me ikkje våger å ta dei viktige samtalane. Då er kvinnesaka komen i eit uføre.

Diskriminerande?
Progamkomiteleiar i Høgre, Bent Høie, seier at dagens lov kan opplevast diskriminerande for dei som lever med eigenskaper som i dagens lov er framheva som eit sjølstendig grunnlag for abort. Les heile argumentasjon her

Hovudinnhaldet i dette innlegget ligg også på Vårt Lands debattforum: Verdidebatt
  

fredag 8. mars 2013

Kven er "dei narkomane"? Kunne eg vore ein av dei? St.melding 30, 2011 - 2012

 
"Dei narkomane har øydelagt liva sine".
Kven har ikkje svært så klare oppfatningar av kven som er blitt narkomane og ikkje minst kvifor dei er blitt det? Men om me ser nokre år fram i tid og ser kven som er avhengige av narkotiske stoff, vil me truleg få nokre overraskingar.

Livet har lært meg at eg kunne ha blitt ein av dei, og fordi eg har oppdaga det, vonar eg at eg kan unngå å bli det.

I går handla Debatten på NRK om røyking av heroin på sprøyterom. Som vanleg når (mis)brukarar kjem til orde, gjorde det sterkt inntrykk. Sterkast inntrykk gjorde det likevel på meg då ein av dei måtte spørjast direkte om kva type misbruk han hadde strevd med, og svaret var at han var kome skikkeleg ut i uføret etter å ha starta med piller i ein vanskeleg livssituajon.

I ein episode av Puls for noko tid sidan møtte med to menn og ei kvinne som gjekk på metadon. Den eine kvinna var vel etablert. Ho tok ein operasjon og starta med smertelindring med tablettar etterpå. Den eine mannen hadde vore på landslaget i turn. Etter ein kneskade var han også over på smertestillande medisin.

Så langt er det svært så mange av oss som har gått same vegen. Så fortalde desse to korleis smertene og situasjonen gjorde at dei trengte medisin i lang tid, og korleis dei ikkje makta å trappa ned. Dei enda dei med å bli avhengige først av medisinen legen hadde skrive ut, seinare sterkare stoff.

Kunne det vore meg?

Etter tre operasjonar var eg på føtene att og sat i eit styremøte. Ein mann eg har stor respekt for, bøygde seg over bordet til meg og kviskra: 
 - Går du på smertestillande? 
- Ja, av og til, svara eg som sant var. 
- Det gjorde eg også, sa han. Eg måtte på avvenning. No går det bra.

På plass på jobb att i administrasjonen på eit sjukehus, med mange legar rundt meg i kvardagen, fekk eg eit forsiktig spørsmål:

 - Må du ta smertestillande for å klara arbeidsdagen her? 
Svaret var det same: 
- Ja, av og til. 
Blikket eg då fekk og den alvorlege kommentaren gjorde inntrykk:
 - Det er ikkje meininga å ta slike tablettar som du har for å gå på jobb. Det er for å få betre livskvalitet.

Eg er ute av faresona, trur eg. Men eg har fått meg ein støkk i livet. Derfor har eg eit ynskje om å signalisera til andre at dette er leik med elden. Samstundes vil eg ikkje klandra dei som gav meg reseptane. Eg fekk ingen dårlege råd. Eg ynskjer heller ikkje at nokon skal la vera å ta smertestillande som treng det. Kva er då bodskapen min? Kanskje berre det å minna om at det er kort veg frå bruk til misbruk. Kan henda det faktisk ikkje er noko markert skilje på den vegen. Det berre går over frå å vera det eine til å bli det andre. 


Dessutan er det nyttig for meg - og kanskje for andre - å nyansera synet på kva som kan øydeleggja livet og gjera kvardagen svært så vanskeleg.

Og frå barndomen er eg opplært i den omvendte myrsnipefilosofien, så eg veit at det kan henda meg. Det er ingen av oss som i utgangspunktet kan seia at det ikkje er så farleg, det gjeld ikkje meg. Eg skal klara meg.


Rusmeldinga ligg no i Stortinget: Mi oppmoding er: Snakk høgt om faren ved medisinbruk! (kommentar til stortingsmelding 30, 2011-2012).

Godt sagt:
Kommentar på Twitter: 

rusavhengighet er demokrat, spør aldri etter kjønn, rase, rang, om du starta med sprøyte, pliller fra legen, eller dram av far
..
Kammelryttersken skriv godt om same tema: Smerter og umulige valg
..
Kommentarane som kjem inn; (sjå nedanfor), minner om at dette for mange handlar om meistring. Mine tidlegare innlegg om dette finn du på samlesida Meistring

tirsdag 5. mars 2013

Heilt rått! Og Innigo!


Bilete: Råtass, helt Rå
Innigo har gjort det igjen: Gjort ord til meir enn språk! Råsafta som blir presentert som "Best før, ikkje verst etter" er laga av frukt med skjønnhetsfeil, og har sjølvsagt fått namnet Råtass! Innigo er rå på økologi og rå på språk.
Heilt rått, med andre ord.

Me vil gjerne ha slike varer som den vesle Hardanger- verksemda Innigo lagar. Då må me også kjøpa varene og spørja etter dei. Me kan ikkje satsa på at dei puttar frukt på flaske av rein idealisme. Men me kan drikka jusen av rein idealisme, for den er rein, ideell til mang slags måltider, - og den smakar godt!

Meir om Innigo: Innigo - inn i hampen god på økologi

Foto: lånt frå Facebooksida til Innigo





søndag 3. mars 2013

Dobbelsidig integrering

Frå Kvinnheringen:

Integrering blei det kalla då reformer kom og kvinner og menn i hui og hast skulle vera der alle andre var. For nokon blei det ein sval vind. Andre opplevde det meir som eit stormkast.

Uansett: Tanken var god, alle skulle vera i lag og alle er like verdifulle.

På Valen i Kvinnherad blir det feira 10-årsjubileum for eit rikt felleskap:
SIKVAL- Saman i kyrkja Valen.

Kvinnheringen skriv:

Fleire Sikval-medlemer gjorde då viktige tenester; Signe Reidun Lie las inngangsbøna som om ho aldri har gjort noko anna, Ståle Mehl tok seg av ein vanskeleg evangelietekst, noko han kom svært godt ifrå, medan Leif Inge Heimvik rørte heile kyrkjelyden med vakker og ærleg song. Saman med organist Eva Megjesi vart det feiande flott musikk. Meir musikk vart det då heile Sikval-gjengen trødde til med songen «Eg er meg og du er deg, og saman er vi vi».

Integreringa fungerer på SIKVAL- Fordi dei som er hovudpersonane i samlinga er flinke å ta vel i mot alle som vil vera med der.  Det er ikkje få i nærmijløet som er blitt inviterte til å bli med på dei faste samlingane der det er god mat, mykje glede og fast samlingstund i kyrkjerommet til avslutning. Her blir naboar og vener integrerte.

Songen dei syng på SIKVAL har noko å læra oss alle:

Eg er meg og du er deg
og saman er vi VI.
To kan gjera meir enn ein 
og tjue meir enn ti.
Eg er meg og du er deg
og saman er vi VI,
saman er vi VI,
saman er vi VI!


onsdag 20. februar 2013

Alternativ helsehjelp - godt meint og dårleg gjort?

Når ein er sjuk, er det eitt som er stort og viktig: Om det ikkje er å bli frisk, så er det å bli betre. For mange er det å vera i live.

Det er klart at dette gjer ein sårbar og svært mottakeleg for gode tilbod.
Då eg valde å fortsetja å vera aktiv i det offentlege rommet etter at ryggen svikta, var det ei matte på golvet som gjorde det muleg. Dette blei slått opp i pressa. Og kva hende då? Jo, eg fekk telefon frå folk eg ikkje kjende, folk som kunne fortelja meg korleis eg kunne bli betre.

I den første samtalen lytta eg høfleg, - og litt interessert. Og blei litt forfjamsa då samtalen enda med at personen som ringte, kom til å tena pengar på at eg valde tilbodet som blei presentert.

Neste gong telefonen ringte, var eg klar i utgangspunktet, og spurte om oppringaren hadde ei vare å selja. Det hadde han.

Tilbod om alternativ helsehjelp har eg trudd var godt meint, sjølv om eg veit at det av og til er "dårleg gjort". Men eg ser at når den som har fått stor tru på ei løysing, og dermed kjem i ein situasjon der ein skal tena pengar på å gjera dette kjend, kan motiva lett bli blanda saman.
Likefullt skal eg ikkje ta ifrå nokon at det var godt meint. Men det er ikkje lenger "berre godt meint".

Det veit eg no 40 år etter.
Mor blei tidleg sjuk. Og for 40 år sidan prøvde ho alternativ medisin. Ho var "godt i hald", som me seier, men raste fort ned i vekt. Ei stund kjende ho seg betre, men så var det tilbake til status quo. No, 40 år etter, snakka eg med veninna som køyrte lange vegar for at ho skulle få den alternative medisinen. Ho fortel noko eg ikkje visste: Legen til mor var slett ikkje glad for forsøket hennar, og meinte det kunne ha gått helt gale. Det kunne det.. Det ser eg no.

Proff. Risberg skiljer no mellom godarta og vondarta alternativ medisin. Det kastar lys over saka. Noko kan prøvast utan at det er kritisk om tiltaket hjelper eller ikkje. Andre bør sikra seg at alternativ ikkje øydelegg meir enn det hjelper.

Healer?
Og så var det healing. Det har eg problem med fordi eg ser at det fører til mykje skuffelse, - uansett kva som skjer eller ikkje skjer.

Og helbreding?
Kristen tru opnar for guddomeleg helbreding. Ikkje som automatikk, men som unntak. Problemet her er som med andre alternative vegar ut av sjukdom; Det kan skapa kjensle av å ikkje strekkja til om ein ikkje blir frisk. Det har eg skrive om: Ta din seng og kom!

fredag 15. februar 2013

Ngikhona - Eg er her.

Etter alle dei treffa det har vore på innlegget Sawubona - å bli sett her på bloggen, er det grunn til å tru at den fine helsinga er begynt å breia om seg i landet vårt. Det er då på tide å læra kva ein svarer når ein blir møtt med:

Sawubona - Eg ser deg!

Då er svaret:
Ngikhona - Eg er her.

Dette lærte eg då eg kom over websida: africaknows

Å vera til stades.
Ordet Sawubona har rikdom og fylde i seg. Det har også Ngikhona.
Kor mange gonger snakkar me ikkje til folk, og opplever at dei ikkje høyrer etter. Og i den digitale tidsalderen, med augo festa på ein skjerm mens andre trur øyro er ledige, svarer me: ehe.., hm.., ja, nei.., så det høyrest ut som om me er med i samtalen. Og av og til er me jo det. Men ikkje alltid. Ein gong eg var barnevakt for ein stor barneflokk, maste den minste til alle tider. Eg gjekk lei, og til slutt sa minstejenta:
- Høyr på meg! Høyr på meg med augo dine!

- Ngikhona, burde eg svart då.
- Eg er her, - for deg. No høyrer eg på deg.

Meir frå africaknows:
The Zulu greeting, “Sawubona” means “I see you” and the response “Ngikhona” means “I am here”.
I love the depth of meaning that African languages carry.  Inherent in the Zulu greeting and in the grateful response, is the sense that until you saw me, I didn’t exist. By recognizing me, you brought me into existence. A Zulu folk saying clarifies this, “Umuntu ngumuntu nagabantu“, meaning “A person is a person because of other people”
We are liberated by our connections to our community and when they truly see us, they offer a mirror to our inner selves that allows us to freely connect.
In my language “Boki” from Cross Rivers State Nigeria, our greetings are always active, so if I see you sitting I will say “Aa Que?” meaning “You are sitting?” and you’re response would be “Me’en Que!“…”I’m sitting!”
Our language makes us a very definite people, we like to live in present time and define our state of being at each encounter.

Les meir om temaet Sawubona - å bli sett

torsdag 14. februar 2013

Elefanten og musa i eit tredelt helsevesen.

Kor mange lag kan helsetilbodet vårt delast inn i?

1. Offentleg finansiert. Du får vurdering av ein lege som avgjer kor fort du kjem fram i køen. Mange opplever dette på same vis som då dei skulle ha time hos legen sin: "Det er for tida stor pågang. Ver vennleg og vent. Du rykker stadig framover i køen."

Og dei fleste ventar.

2. Forsikring. Nokre arbeidsgjevarer vel å betala litt på det jamne i ei forsikringsordning for at arbeidstakarane skal vera kortast tid vekke frå arbeidet om dei blir sjuke og treng helsetenester. Dei kan svara ja når legen spør: Har du forsikring som kan få deg fram i køen?

3. Betaling. Blir du sjuk, betaler du frå eiga lommebok. Lommeboka er tjukk nok, og du får hjelp på dagen. Du bruker ikkje pengar på forsikring (solidaritet med andre som blir sjuke), for det er jo ikkje sikkert du blir sjuk. Men dukkar det opp problem, blir pengane til god nytte.

Helseministeren peika på at når ein får eit tilbod frå ein privat aktør, skal det ikkje oppfordrast til 100 % eigenbetaling: "Du får time om ein månad, men om du bestaler sjøl, kan du få time i morgon." (NRK 14.02.2013)

Elefantar og mus
Dei er elefantar som er skremde av mus, seier Bent Høie om Arbeidarpartiet sin motvilje mot å sleppa til private i større grad.

Spørsmålet er berre om elefanten vil halda fram med å vera elefant, og musa i framtida vil vera ei mus? Eller vil dei bli meir likeverdige i kraft og storleik etter kvart med Høgre sin politikk?

Det er freistande å ty til: Det er det same kva farge katten har, berre den fangar mus, når først musa er nytta i biletbruken. Det er ikkje viktig for folk kven som gir helsetilboda. Det er rett. Men det er viktig at me har ei helseteneste som gir breidda av tilbod og som syt for forskning og opplæring utan kortsiktig vinst. Dessutan må det vera ei viss fordeling av tenester rundt om i landet. Dette er eg ikkje viss på at Høgre sin modell sikrar. Eg blir heller ikkje rolegare av å lesa kva Bent Høie seier på Ytring om korleis han vil kutta helsekøane. Han gir mange gode (for)svar her. Men han hoppar, etter mitt syn, for lett over nokre spørsmål:

Vil ikke dei private ta dei enklaste operasjonane?
Høie stadfestar at det kan skje, men gir uttrykk for at det ikkje er så farleg, fordi det offentlege alltid vil ta dei andre og vil vera best på det kompliserte og samansette.

Kva med kompetansebygging?
På kort sikt: Vil legar og fagkompetanse som det offentlege har investeret i, gå over til privat sektor, slik at dei offentlege sjukehusa må "begynna på nytt" med kompetansebygginga? (Ja, for Høie legg til grunn ein støre samla sjukehussektor, og dermed trengst fleire fagfolk). På lang sikt: Vil private sjukehus ta medansvar for utdanning og kompetansebygging?

Vil ikkje uavgrensa høve til å ta unna køane gjera eit evt overforbruk av helsetenester større og føra til auke i samla utgifter?
Høie har rett i at kø ikkje er ein god prioriteringsmetode. Likevel veit me at større tilgang faktisk aukar bruk. Det viser undersøkingar som fortel at dei som bur i nærleiken av eit sjukehus, får fleire helsetenester frå sjukehus/spesialisthelsetenesta.

Når det gjeld ei samla utgiftene, kan det ikkje vera rett å ha ein open sekk, då det må vera rett at også tilvisande legar skal vita at det er avgrensa midlar å henta. Legar er også vanlege menneske, og sit dei med vurdering av kor mange undersøkingar dei skal tinga, vil det påvirka dei om det ikkje er avgrensingar i pengebruk. Ansvaret for likevel å ta dei undersøkingane som trengst for å gi eit forsvarleg tilbod, vil uansett liggja på legen, slik det er også i dag.

Fleire av Høie sine svar skal gjera oss trygge fordi elefanten er større enn musa. Eg er uroleg for at det ikkje alltid vil vera slik, og då må det betre svar til for å gjera meg trygg.

Fordi: Alle skal med!

onsdag 13. februar 2013

Alle skal med!


Svanene har forstått det:
Alle skal med!

Blir det for strevsamt for ein liten kropp,
får ein den trygge og lune plassen på ryggen.

Slik skal det norske helsevesenet vera for den som treng det!

*

Då eg spurte om me må kjøpa oss fram i køen på bloggen og på Twitter i går, var det tydeleg at mange ikkje er trygge på at sikringsnettet i det offentlege helsevesenet held i farmtida,

Fleire svanebilete finn du på: Galleri Nauthydlaren