tirsdag 1. mai 2012

Å gøyma menneske..


Ja, det går an å gøyma menneske. I årevis prøvde familie og samfunn å stua vekk, gøyma dei det ikkje var plass til i samfunnet.

Eg har hatt arbeisplassen min på Valen psykiatriske sjukehus ei tid, og bur no trygt, ti minutt derifrå. I dag gjekk eg meg ein tur i området nede mot sjøen.

Eg var innom den gamle gravplassen som ligg så lunt til mellom over 100 år gamle lauvtre.

Det  er stille innafor steinmuren. Nokre få gravstøtter helsar sitt siste farvel. Men dei fleste gravene er merkte med ein flat stein i marka, utan namn. I sjukehusarkivet ligg det kart som fortel kven som ligg kor. Men det kan du ikkje lesa på gravsteinane. Det skulle ingen vita.

På dei få gravsteinane som er der, er det ein inskripsjon som er nytta: "Gjemt men ikke glemt."

Av og til kan desse orda nyttast også på andre gravplassar. Dei fortel då at nokon har tatt avskild, og er ikkje lenger å sjå og møta,. Han er gøymd. Men når eg går nede på gravplassen her, får eg andre assosiasjonar med ordet "gøymd". Mange blei gøymde frå resten av samfunnet her. Men dei næraste, mors- og farshjarta, kunne nok likevel ikkje gløyma.

Me er komne fleire steg på veg ut av uføret når det gjeld haldninga til psykisk sjukdom. Men me har nok framleis eit stykke igjen å gå.

8 kommentarer:

  1. Et langt stykke å gå når det gjelder likeverd mellom mennesker. Sakte fremover og noen tilbakeslag, som alltid.
    Gjemt, men ikke glemt - vakkert og trist.
    Ha en flott kveld.
    Mormorhilsen

    SvarSlett
  2. Egentlig litt tankevekkende...Er vel heller sjelden vi "gjemmer" folk med psykiske lidelser i dag, men det er nok fortsatt et tabu som i mange sammenhenger kan bli tiet ihjel...dessverre! Dette er kanskje ennå mer tabu i andre deler av verden? Var på Louisenberg sykehus, psykiatrisk avdeling, min eks møtte der en mann han kjente fra sitt hjemland, og denne mannen ba han pent om ikke å si noe til noen at de hadde møttes...

    SvarSlett
    Svar
    1. Trur nok mange blir gøymt i andre land framleis, eller tru dei vil bli gøymt om dei avslører kva problem dei slit med. Trist!

      Slett
  3. Vakkert av deg å ta frem de gjemte og glemte. Takk.

    SvarSlett
  4. Takk for ei fin påminning!

    Eg trur nok at det er ein del vekkgøymde menneske i Noreg, også i dag. Det offentlege medvitet om psykisk sjukdom har blitt større, og aksepten også. Likevel er det nok ikkje like enkelt å leve med slik sjukdom i små og gjennomsiktige lokalsamfunn. Folk har jo eit bilde av korleis ein er som person, og når dette plutseleg endrar seg, utan krykker, bandasjer eller synlege sår, kan det for mange bli tøft.

    Og så tenkjer eg på alle dei einsame eldre, som sit "vekkgøymde" på sjukeheimar eller eigne leiligheter, utan gjenlevande familie, slekt eller venner. Ingen som kjenner på ansvar for å besøke. Det er nok mange som kjenner seg gløymde!

    Gravskriftet "Gøymd men ikkje gløymt" får meg til å tenkje på eit bibelvers, Matt 10,29. Gud ser kvar einaste sporv som dett til marka, og Han ser kvar einaste vekkgøymde eller einsame person!

    SvarSlett
  5. Så fint Tante, du e meg nå flink å ordlegga deg =)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for gode ord, Roy Jakob. Kjekt at du er innom her.

      Slett