fredag 25. mai 2012

Som om det står om livet

Eg ser henne. 
Ho kjem springande oppover bakkane. 
Ser seg ikkje tilbake, 
hiv seg framover steg for steg, 
som om det står om livet.

Det er på TV. Siste kommentaren før eg finn meg til rette i sofakroken er: Mange gjorde alt dei kunne for å berga ungane sine.
Eg tenkjer: Det må vera ei kvinne som spring i motbakke for og redda barnet sitt.

Kvinna spring mot stupet. Ho slakkar ikkje på farten. Snur seg framleis ikkje for å sjå seg tilbake. Vender blikket framover, utover stupet, og utan å nøla, hoppar ho.

Eg ser henne hoppa. 
Det er ikkje spelefilm. 
Det er livet. 
Det var livet, 
som tok slutt.

Kvinna skulle ikkje redda bornet sitt. Den kommentaren gjaldt forrige scene i filmen. Denne kvinna heiv seg utfor klippa fordi ho hadde høyrt at fienden som inntok landet, ville valdta og drepa. Då var det betre å ta sitt eige liv. 

Fleire hundre tok livet sitt ved dette høgdedraget.

Det var i første verdskrigen.
I vår nære fortid.
Det var i Japan.
«Dette er den styggaste sida av ein krig,» seier reportaren.

Før sending blei det åtvara mot svært sterke scener. Eg trudde ikkje sterke scener gjorde inntrykk på meg lenger. Dagane etter kjem bileta av livlause kroppar på avstand. Men synet av kvinna som sprang, med full fart utan å snu seg tilbake, før ho kasta seg utføre, det brenn seg fast. Den skundsame kroppen, nærast ivrig etter å gjera det ho trudde var best: Å ta sitt eige liv.

Eg er blitt vaksen for lengst. Eg veit det er naivt og spørja, men eg spør likevel, som eg gjorde då eg var barn: Korleis kan det bli krig i verda når krig tar livet av dei som ikkje ynskte krigen? Kva er viktig nok til å føra einskildmenneske ut i slike uføre?

4 kommentarer:

  1. Det finnes sikkert flere svar, og jeg ser for meg unge mennesker i sin mest sårbare alder. Unge mennesker med et behov for å tro på noe som er større enn dem selv. Noen av disse blir ledet til å tro, at de er større enn livet, ja de bestemmer over livet, og for disse noen kan dette bli skjebnesvangert, med et liv som ledes i feil rettning, ved å ta livet fra andre, og troen på, at dette er riktig.
    Noen kveldtanker herfra.
    God pinse til deg.
    Bibbi.

    SvarSlett
  2. Når fremtiden blir for mørk og farlig er det lett å velge en vei ut av livet.
    Vi tror lettere på det onde enn det gode, kanskje?
    Det tragiske med krig er at det alltid går ut over tredjepart, skyldige og uskyldige. En tredjepart kan være skyldig, ved å bringe andre til å ønske seg fra livet.
    God pinse og nyt livet.
    Mormorklem

    SvarSlett
    Svar
    1. Du er inne på noko der.Lettare å tru på det vonde enn det gode når ein er truga. Særleg om det på førehand er skapt fiendebilete. Derfor er fiendebilete svært farlege.

      God pinsti til deg, mormor!

      Slett
    2. Og det er vel lettere å skape fiendebilder, tror jeg.

      Slett