lørdag 21. april 2012

Frp: KrF har alltid visst at det kostar å samarbeida. Derfor..

Eg meiner det same no som i vår då dette blei skrive:

Dette skulle ikkje vera ein partipolitisk blogg, men i samband med Siv Jensen sin tale denne veka, kan eg ikkje la vera å koma med ein kommentar.

Frp vil ha gjenomslag for politikken sin.
Frp ynskjer seg eit nytt fleirtal som kan danna regjering etter valet. KrF er velkomen til å vera med i det fleirtalet. Ja, truleg vil dei også vera avhengige av det vesle partiet for å få det nødvendige fleirtalet.

Slik har det også vore før. Då har KrF avvist eit slikt samarbeid. Og kven høyrer ikkje ekkoet av svaret frå KrF-leiarar: Det er fordi politikken er så viktig, og me har respekt for at Frp vil gjennomføra sin politikk. Den er i innhald så ulik vår, at me ikkje ser korleis me skal kunne sitja i lag i regjering og ta store avgjerder, dag for dag.

Det svaret likte ikkje Frp, - men hevda at KrF såg på dei som spedalske og klaga på vårt menneskesyn, fordi "me såg ned på dei". Presiserande svar blei gitt: Det er respekt for ulik politikk som er forklaringa.

Så går det mot ny valkamp og sentrumspartia må ta stilling til blokkene på ny. Vil me ha ny regjering, og vil me i så fall gå saman med FrP?

Nå står Siv Jensen fram; klar og tydeleg, og seier at Frp vil ha gjennomslag for sin poltikk i ei evt ny regjering. Ho er nesten såra på partiets vegne når andre viser til område hjå Frp som ein ikkje kan støtta. Venstre får mellom anna vita at det ikkje er snakk om å få noko liberal innvandringspolitikk.

Det er no eg undrar meg: Ho forventar at sentrumspartia skal bøya seg for Frp i store viktige saker, men har over år vist at ho ikkje har skjønt at det er derfor samarbeidet er så utfordrande og fjernt.

Eg kunne forstått dette dersom Siv Jensen uttalte dette som ei sakleg konstatering, men det høyrest faktisk ut som om ho er litt såra over at det ikkje er sjølvsagt at dei som stort parti har stor makt.

Jo, partiet Frp er ganske stort, og dei kan krevja å bli høyrt utifrå sin storleik, men dei kan ikkje venta at andre skal leggja si tyngd til for å vippa eit fleirtal dersom vippa då ender ned på feil side, slik samarbeidspartia ser det.

Langt fram
Det er enda eit stykke fram før KrF tar stilling til regjeringssamarbeidet. Til no har KrF og Frp i regjering ikkje vore aktuelt. Om partiet finn at situasjon no er slik at det er naturleg å prøva ut eit slikt samarbeid, fordi landet treng i ny regjering, vil visa seg.

For min del blir eg litt trist med tanke på for lange steg, både til høgre og venstre, rett og slett fordi eg meiner den beste politikken er å finna i sentrum. Men skal det bli eit realistisk alternativ, må fleire meina det same.

Bondevik-1
Og når eg først skal kommentera partipolitikk for ein gong skuld her på bloggen, er det vel greitt å seia det som det er, eller som det var: Eg var statssekretær i Bondevik-1. Der lærte me kva ein kunne få ut av eit regjeringssamarbeid. Me lærte også at det hadde sin pris, sjølv om me faktisk då ikkje var ein veslebror i samarbeidet.



3 kommentarer:

  1. Er så enig med deg. Skjønner ikke at folk kan hoppe fra KrF til FrP, slik en politiker jeg kjenner gjorde. Men så er jeg ikke bare "gul på ryggen" som en av de ansatte i gruppesekretariatet uttrykte det, jeg har det kanskje mer i ryggmargen. Det har vel også med politisk ståsted å gjøre, føler mer samhørighet med folk i bl.a. V enn dem i FrP.

    SvarSlett
  2. Politisk troskap er vel ikke så utbredt som noen liker å tro? Men at det koster å være med i en regjering med flere partier, kan man trygt si. Det koster alle partier noe.
    Skal man se nøkternt på det, er all politikk tuftet på kompromisser. Hvert eneste vedtak og hver eneste parole vil ha sine motstandere innad i partier og ute i hverdagen.
    Noen synspunkter slår hverandre i hodet, mens andre ofte bare er variasjoner over ett tema.
    Ha en fin dag :-)

    SvarSlett
  3. Er vel som å tro på julenissen, å tro at FrP har fått med seg detaljen om å gi og ta i forhandlinger

    SvarSlett