"Ingen bryr seg om det eg har gjort, ingen treng meg, ingen er glad i meg", fortalde komikaren Joan Rivers og synte fram ei blank side i ein sjuande sans i fjor på denne tida. "Dette er min angst!" la ho til.
Sjølsagt er det ille om ein underhaldar ikkje er etterspurt. Men når ho legg til: "Ingen er glad i meg", og ser ut som om hu trur på det, skulle ho fått tilsendt livsloven min: Menneskeverdet blir ikkje målt i kroner, meter, alder, prestasjon eller desibel. Mennesket har verdi fordi det er eit menneske.
Og så kunne ho fått vita at det faktisk heller ikkje er desse ytre faktorane som avgjer om nokon er glad i deg. Eg håper det er sant for henne også. Mange andre har heldigvis opplevd at det er slik når ting endrar seg i livet. Det hjelper lite om ein vinn prisar i filmverda dersom ein er redd alt det positive i livet heng saman med popularitet og suksess.
I hylla med "sjuande sansar" har eg tomrom. Det manglar to årgangar. To år hadde eg ikkje bruk for å føra opp avtalar. Hadde eg fått vita det for 10 år sidan, hadde eg grudd meg til eit så stille liv. Men å leva langsamt har sine verdiar, fann eg ut. Kven skal til dømes kunne ta statsminister og konge på ordet og ha tid til å sjå naboar om døgnet har timebestilling?
Primstaven - den same frå år til år.
Mange sukkar letta når dei kan ta i bruk ein ny sjuande sans. Det er som å få starta på nytt. For dei fleste er det heilt feil, fordi det ofte er gjort avtalar langt inn i det nye året som berre skal førast inn. For det andre er året som kjem, ikkje tomt. Det har sine hendingar som ligg og ventar, om du vil eller ikkje. Du kan sjøvsagt velja å ta del i dei eller ikkje, men dagane kjem, den eine etter den andre. Slik var den gamle primstaven mykje meir å lita på enn den nyare sjuande sansen. Den var den same frå år til år, og den fortalde om dei rammene som var for kvardag og fest og dei gjeremål som ville bli krevd. Det var aldri snakk om ein "tom primstav". (Meir om merkedager og tidsforståelse)
File of facts
Dei som er svært travle har bytta ut ordet sjuande sans med ordet filofax. Desse har vore så travle at dei til og med har slukt halve ordet. Filofax kjem av det engelske uttrykket file of facts (wikipedia).
Ei fil med fakta? Ok, ein sjuande sans er nok det. Men den har berre eit utdrag av fakta. Desse kan synast svært viktige i øyeblikket. Og dei er det også, om samfunn og familie skal fungera. Men dei er ikkje avgjerande for din verdi som menneske.
Sjuande sans uten sjuande sans?
Kva den sjuande sanse eigentleg er, finnest det ikkje mange klare svar på. Illustrert Vitenskap meldte i 2004 at menneske kunne ha en reell sjuende sans. Når sansane blandar seg, slik at dei til dømes oppfattar tal eller bokstavar i fargar, tar dei i bruk denne sansen. Dette blir kalla synestesi og ein trur det er ein tilleggseffekt av evnen til å tenkja kreativt som oppstår ved ein kortslutning i hjernen som gir oss ein 7. sans.
Kjekt då, at det var i dei åra eg ikkje hadde sjuande sans, eg prøvde meg med pensel og palett.
Det er noen mennesker som definerer seg ut fra hvor mange avtaler de har. Ramser opp alt med høy stemme. Sier de er stresset. Jeg tenker at mye av livet velger de vel?
SvarSlettJeg har en syvende sans som viser hele uka. Den ligger på bordet. Og jeg vet at jeg ikke må fylle den. Da blir det for mye. Kanskje jeg har blitt noen som skryter av tom Ukesans?!
Jeg tror iallfall vi skal velge. Hvor mye vi orker å ha på planen..eller lite.Det er trist å ha lite hvis man ønsker seg mye..
Hm..fint innlegg som satte igang masse tanker.
Sender en klem. Kanskje du oppfatter den med den sjette sansen?
;-)
Manko, manko, fullstendig tom for 7.sans, den 6. vet jeg ikke noe om, men jeg har kalender.
SvarSlettDet hender jeg kludrer på den for å minne meg selv på å huske.
Å være er viktig, men å skrive opp tinger og tanger for at man skal være, blir feil, for meg.
Om man definerer seg etter andres kriterier, blir det også feil, for meg.
Om noen trenger en avtalebok i størrelse A3 for å være sikker på at de er, er det synd på dem.
Da må man kanskje si til dem:
Ha en fin dag i følge avtaleboken din?
Jeg sier bare ha en fin dag, jeg. Uten antydning eller hentydning til andre enn de 5 sansene vi har :-)
Takk for at de delte tankane dykkar, Bente og mormor! Det er slik med dette som med så mykje anna, for mykje og for lite skjemmer alt.
SvarSlett