torsdag 22. desember 2011

Kan eg makta å halda ein pensel?

Eit merkeleg spørsmål kanskje? Men ei tid var helsa slik at det ikkje var så mykje eg kunne ta meg til. Til og med ei bok var for tung å ha på fanget, og ryggen nekta å bøya nakken til lesing. Då kom tanken: Kanskje eg kan mala? Det var berre det at eg aldri hadde gjort det før, langt mindre lært det.

Men det var verd eit forsøk. Alternativet var lydbøker "utan noko attåt". Dermed blei det kjøpt inn maling, stafelli og lerret. Eg kjøpte oljemaling då det var det første eg fann i butikken. Så bar det heim for å mala, vekselvis sitjande og ståande og med liggepausar.

Og det blei bilete av det. Til og med bilete som folk ville ha. Betala ville dei også.

No har det gått seks år. Helsa er mykje betre. Eg lever eit nokolunde normalt liv, sosialt, om ikkje når det gjeld arbeid, - sjølv om eg også på det området er kome så langt at eg spør: Kan nokon bruka mi arbeidskraft?  Det er ikkje lite.

Over 500 bilete er det blitt. Mange er selde og mange er blitt til gåver.

Noko meistergransking og kritikaraugo vil eg ikkje utsetja bileta mine for, men dei har vore til glede for nokon, etter det dei seier. Og dei har vore til betring og meiningsfulle dagar for meg.

Så no, når me er komne inn i eige hus, opnar eg sokkeletasjen for dei som vil koma innom i Galleri Nauthydlaren. For tida er det 60 bilete som heng på veggane.

Når helsa sviktar, opplevest det som om det er uføre på alle kantar. Malinga har ført meg ut av uføret i eit rom i meg.

På biletet nedanfor er det Hildegunn Eiane Aartun (til venstre) som står føre den uhøgtidelege opninga av Galleri Nauthydlaren. Ho er medlem i Kvinnherad kulturstyre. Ein har jo ikkje meir moro enn ein lagar til sjølv.
(Eg held meg på høgresida, men frå min kant er det venstesida. Akkurat så forvirrande er det av og til å vera politikar også, men det er ei anna historie.)

Ynskjer alle ei god jul med Det hev ei rosa sprunge:

Det hev ei rosa sprunge ut av ei rot so grann
Som federne hev sunge, av Jesse rot ho rann
Og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved myrke midnattstid 



Ved grua


Reglar for kor bilda skal hengast opp  

13 kommentarer:

  1. Det er rimelig forvirrende å bare være, noen ganger også.
    Og kunst hjelper en sjel til å overleve. Uttrykk for eget liv kan man også lage.
    Jeg tror skapertrangen på en måte vokser, når man får færre arenaer en mestrer.
    Får vi se ett av bildene dine? Eller må vi dra til Kvinnherad?
    Gratulere.
    Ha en fin torsdag :-)

    SvarSlett
  2. Synd at du er langt unna meg, ellers trur jeg absolutt at jeg ville besøkt galleriet ditt ;)

    Kreativitet er en fin form for terapi det, og det må jo være deilig å kunne mestre en vanskelig kunst som maling er. Sånt står det respekt av :)

    Julehilsning og ønsker om godt nytt år til deg, og lykke til med galleriet.
    ps: får vi se bildene dine på bloggen også?

    SvarSlett
  3. Så fint det er å ha ein måte å få ut kjenslene på, om det er ved å måle, skrive eller spele. Godt å lese at du får så mykje glede av det! Sjølv har eg det på same måte når det gjeld skriving og musikk. Særs skriving.

    Og er eining med dei førre kommentarane! Det hadde vore spanande å sett eit bilete :-)

    SvarSlett
  4. Enig med Cassandra, synd du er så langt unna, ellers skulle jeg kommet!
    Maling er bra terapi, og jeg malte masse en periode, ingenting solgt, men henger da på noen vegger rundt omkring! Viktigste var likevel gleden i gjøre noe...
    Et lite blogg-galleri også, kanskje?

    SvarSlett
  5. ... Tror du må vise oss litt bilder! Jeg synes det er fint å kunne gjøre noe. Om det er å jobbe litt. Skrive litt. Fortelle litt.. Jeg tror mennesker liker godt å gjøre noe! Og du er flink til å male også :-) Så fint!
    Ha fine førjulsdager.

    SvarSlett
  6. Et lite julebrev
    http://www.starbear.no/mormor/2011/12/22/mormor-far-det-som-hun-vil/
    Ha en fin kveld :-)

    SvarSlett
  7. Takk, takk for varme og positive kommentarar! No har eg lagt ut ein del bilete. Det er ikkje lett å få rett lys med eit vanleg lommekamera, men de får eit inntrykk.

    SvarSlett
  8. Ved grua fikk meg til å tenke på mormors hus, min mormors hus, Hun hadde grue på kjøkkenet.
    Takk skal du ha.
    Ha en fin kveld :-)

    SvarSlett
  9. Godt gjort å kunne male slik når ryggen ikke vil holde hodet på plass :-)

    Ta vare på deg og dine, ha ei fredelig jul og et fortreffelig nytt år :-)
    Original Kamelrytterske, med Karavanseraiet.no's Julebrev

    SvarSlett
  10. Så vakre bilete du målar!!
    Og tusen takk for fin tilbakemelding på korta mine, håpar mottakarane også blir fornøgde:))

    Ynskjer deg ei fin julehøgtid!
    Juleklem frå meg:)

    SvarSlett
  11. Så flink du er og så tilfredsstillende det må være å kunne lage sin egen utstilling med egne bilder!

    Det er så viktig å ha noe som gir mening og som fyller dagene, ha noe annet enn sykdom. Å ha noe positivt som er sykdomsfritt er styrkende i seg selv. Viktig å ha noe som styrker livskvaliteten og som gjør sykdom mindre. Da står en bedre rustet til de dårlige dagene når de kommer.

    SvarSlett
  12. Takk for kommentarer, alle som har vore innom i jula.
    Til det du skriv medlivetpaaslep: høyrte jenta som er med i programmet "Ingen grenser" seia: Kven er eg no når eg sit i rulletol? Er eg ei anna, eller er eg den same personen i ein rullestol? Viktig vinkling!

    SvarSlett