tirsdag 31. januar 2012

Januargjesten: Vi utviklar menneske!

Solveig Schytz, har ordet:

Eg er så heldig å få leie ein ambesiøs barne- og ungdomsorganisasjon som er i vekst; unge menneske som vil noko. Det er eit stort privilegium å vere speidarsjef.
Kva vi gjer i speidaren? Vi utviklar menneske.
Dette er målet: "Norges speiderforbunds formål er å utvikle mennesker til selvstendighet og til å ta aktivt ansvar i samfunnet i samsvar med idealene fra speiderløftet og speiderloven"
Utvikle menneske. I samsvar med idealar. Går det an?

For nokre år sidan traff eg att den speidarleiaren eg hadde hatt frå eg var ti til eg var 13 år gamal. Vi hadde ein god og sterk samtale. Både fordi eg som vaksen såg kva hans engasjement for meg og mitt
då eg var ti-elleve-tolv-tretten år gamal har betydd for meg,- og fordi han gav nokre sjeldent klåre perspektiv på kva speiding handlar om; å utvikle menneske. Han heiter Sigurd, og han har sidan speidargruppa vart lagt ned seint på 80-talet vore aktivt i anna barne- og ungdomsarbeid i kykjelyden han er aktiv i. Sigurd sa det slik: "Eg driv ikkje med utvikling av organisasjonar. Det handlar ikkje om denne speidargruppa, dette koret eller denne kyrkjelyden. Eg driv med utvikling av menneske". Det var ei viktig påminning. Det handlar om menneske. Om 20-åringen flyttar frå bygda etter å ha fått opplæring og  gått på leiarkurs, så var det ikkje forgjeves.

Vi utviklar menneske.

Kva er desse ideala? Speidarløftet vårt er slik: " Eg lovar etter beste evne å vere open for Gud, hjelpe andre og leve etter speidarlova."
Dei orda eg likar best i speidarløftet er "eg lovar etter beste evne". Det høyrast kanskje veikt ut? Eg tolkar det motsatt. Det er ramme alvor. Alle menneske kan gjere sitt beste. Uansett kva utgangspunkt ein har. Uansett kva for ressursar ein er utstyrt med i utgangspunktet. Alle kan gjere sitt beste. Å gjere sitt beste er ikkje småtteri. Etter å ha lova - gjennom heile livet - å gjere mitt beste, ligg det som ein slags ryggmargsrefleks i meg: å gjere mitt beste.

Eg er sterk kandiat til å gå rett i "flink-pike-fella", for eg vil alltid gjere mitt beste. Så ventar eg og det same av andre og. Eg ventar faktisk at folk rundt meg gjer sitt beste. Eg ventar ikkje meir, men eg ventar ikkje mindre heller, enn at dei gjer sitt beste.

Å få bidra til å utvikle menneske,- å få erfare at alle kan gjere sitt beste, same kva utgangspunkt ein har. Det er sterkt. Det er difor eg framleis er speidar. Det er difor eg ikkje vert ferdig med denne rørsla,
fordi det djupast sett handler om menneske, om at alle menneske kan bidra med noko, alle har moglegheiter for utvikling, og om at alle kan gjere sitt beste.

Solveig


Følg gjerne Solveig på Twitter: @ssshytz. Det gjer eg.
Marit Elisebet

3 kommentarer:

  1. Når man har gjort sitt beste, etter beste evne, kan man ikke gjøre mer.
    Ha en fin dag.

    SvarSlett
  2. Dette var en interessant og fin blogg :) Og dette innlegget traff meg, som har vært speider i 17 (!) år, tro det eller ei. Speiderloven er så absolutt verdt mye, og det å love etter beste evne er mer enn godt nok,og på ramme alvor. Takk for at du her ga meg mye å mimre tilbake til - og mye å finne tilbake til :)
    Her popper jeg innom igjen!! God helg :)

    SvarSlett