mandag 30. juli 2012

Hjernetrim og hjerneføde mot hjernedvale

Så har me fått det stadfesta frå fagleg hald: Hjernen er til for å brukast. Viss me ikkje bruker dei små grå, vil dei gå i dvale ifølge Dagbladet

Bjørnen må gjerne gå i dvale. Litt mindre likar eg når datamaskina mi gjer det. Men hjernen min, den må for all del ikkje gå dvale.

Hjernetrim
Hjernetrim, sier me litt lettvint, når me set oss med Sudoku eller kryssord, som om me treng ei unnskyldning for å bruka tida til slikt. Men skal me tru Åge Pålshammar, nevropsykolog ved Uppsala universite, er det viktig å trimma hjernen.

Meir alvor er det når sjukdom har ramma, og hjernen faktisk må trenast opp att. Kor mange har ikkje vist at treninga gir resultat?

Sjølv strevde eg med minnet og konsentrasjon etter mykje narkose, slik at det blei vanskeleg å lesa ei avis eller følgja med på eit fjernsynsprogram. Men ved å tvinga hjernen til å arbeida, høyra på lydbøker og sjå krim, kom det seg når tida i tillegg fekk hjelp til.

Halda hjernen ung
Ein flokk eldre menn møtest jamleg for å spela sjakk, løysa kryssord og laga middag. Om dei var svært oppegåande fordi dei trente hjernen, eller om dei kunne trena hjernen fordi dei var oppegåande, veit eg ikkje. Men no kan dei i alle fall skulda på Pålshammer når dei lagar god middag i lag etter hjernetrimmen.

Mor mi dreiv og skreiv ned slektsregister for alle familiane rundt om i bygda. Den store slektsforskinga var det vel ikkje, for det meste var avskrift frå bydebøker. Men ho sa ho kjende att namna, såg korleis dei brukte dei i ulike slektsledd og fann ut korleis slektene fletta seg inni kvarandre. Ho hadde ein klar tanke all si tid. Kanskje namneskrivinga var viktigare enn me trudde?

Hjerneføde
Når ein trenar, treng ein sunn kost. Eg har alltid lært at sjokolade er hjerneføde, akkurat slik eg har høyrt at hjernen treng trening. No er dette med treninga altså slått fast av ekspertar. Dei må svært gjerne slå fast at det med sjokoladen også stemmer.


10 kommentarer:

  1. Jeg stemmer for sjokolade ved siden av hjernetrimmen! :-)
    Min mormor var en raser på kryssord..hun var klar som glass (og skarp) til hun døse nesten nitti år gammel..Jeg bør kanskje løse kryssord litt oftere.

    SvarSlett
  2. Og kombinasjonen, sjokolade og kryssord er fint, to fluer i eit smekk

    SvarSlett
  3. Kryssord og sjokolade høres ut som en god kombinasjon, men det er nok med 10 gram pr. dag...

    SvarSlett
  4. med sjokolade. Kryssord, sudoko og anna hjernetrim kan derimot inntas i ubegrensede mengder.

    SvarSlett
  5. Hjernetrim (og sjokkis) er alltid bra :) fin og viktig blogg du har :) klem til deg med ønske om en god onsdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for gode ord. Kjekt å høyra at nokon finn verdi i bloggen.

      Slett
  6. Nyter trim av hjerne, gjerne med en bit (eller to) sjokolade ved siden av :-)
    Ha en vakker dag :-)
    Mormorklem

    SvarSlett
    Svar
    1. Kombinasjon er fin, ja. Sjølv om eg må innrømma at eg berre tar hjerneføda av og til. Seier som mi mormor: Eg trur eg treng det når eg får lyst på det.

      Slett
  7. May I just saу what а comfoгt to uncover somеonе who rеallу
    knowѕ what they're talking about on the internet. You definitely understand how to bring a problem to light and make it important. A lot more people have to read this and understand this side of your story. I can't belіeve you aгen't more popular because you certainly have the gift.

    Take a look at my web page - Arjun Kanuri

    SvarSlett