Ein fløy innan Sv tapte i ultralydsaka på landsmøtet. Etter mitt syn tapte SV på denne saka.
Heiki Holmås var tydeleg på at dette handla om menneskeverd og ressusbruk i fjor, sjå nedanfor her. Og nedanfor der igjen er det gjort greie for kvifor dette er ei reell priotiering av ressurser:
20.januar 2012: Heikki Holmås ynskjer ikkje tidleg ultralyd for alle. Han vil vidareføra den ordninga me har i dag som han meiner er godt medisinsk fundert, og vil heller nytta ressursane til å hjelpa familiar med Downs syndrom. Dette er svært gode tonar frå SV. Vidare må ha han ha honnør for å vera tydeleg når han peikar på menneskeverdet: Samfunnet må være tydeleg på at sortering ikke er målet. Det er ekstremt viktig at vi har lover og regler som signaliserer at alle er like mye verdt, hvis det glippet, gjør vi noe med menneskeverdet, sier Holmås til Vårt Land, 20.januar.
Takk til Heikki Holmås for svært tydeleg tale om utruleg viktige spørsmål. Slik eg ser, det har han tatt dei to viktige elementa i saka: menneskeverdet og ressursbruken. Alt anna kan ein ha svært ulik mening om, men det blir ikkje avgjerande for om alle skal ha tidleg ultralyd når både ressurrstilgang og menneskeverd står på same side i saka.
Drakamp i regjeringa (januar2012).
Helseministeren er ikkje sikker på om saka om tidleg ultralyd vil krevja lovendring og dermed vil koma til Stortinget. Vårt Land 17.1
Drakampen går no føre seg i regjeringa der Senterpariet ikkje ynskjer ei utviding mens SV arbeider for å samla støtte for ei ordning der kvinna vel om ho vil ta mot tilbodet. Eit slikt tilbod vil lett opplevast som ei obligatorisk ordning for dei gravide, slik også kontroll i veke 18 blei heilt frå starten. Sjølv prøvde eg å takka nei for ca 20 år sidan og blei grundig undervist og utspurt frå legen for at eg skulle skjøna mitt eige beste og ta utralyd. (Sjølv hadde eg ingenting imot ultralyd, men meinte det ikkje var bruk for det viss det ikkje var medisinske grunnar for å sjekka tilstanden.)
Kva handlar debatten om?
Alle spør nå: Skal kvinna få tidleg ultralyd. Kvifor spør ikkje fleire: Kvifor skal kvinna ha tidleg ultralyd?
Har me råd til kreftmedisinen mannen treng?
Har me råd til ein operasjon som kan leggja veker, kanskje år til eit liv?
Har me råd til screenig av alle kvinner for livmorhalskreft?
Har me råd til screening av alle menn for prostatakreft?
Har me råd til vaksiner av alle born i verda?
Har me råd til vaksine, våger me vaksinera ungdom mot hjernehinnebennelse dersom det kan oppstå biverknader?
Har me fagfolk nok til helsetenestene alle skal få rett til?
Er det rett å prioritera fagkompetanse til nye tilbod?
Slike spørsmål blir stilte kvar dag i landet vårt.
Så kjem spørsmålet om alle gravide skal få tilbod om tidleg ultralyd.
Og merkeg nok: Hovedspørsmålet som dukkar opp, blir ikkje kor vidt me har råd til dette. Det undrar meg. For det er jo standardspørsmålet når det gjeld så mange andre tilbod.
Helsegevinst?
Tidleg ultrad gir liten helsegevinst i følgje mellom anna Ole Didrik Saugstad: "Så vidt jeg kan forstå er det imidlertid bare én tilstand hvor det pr. i dag kan gi en helsegevinst, ved det såkalt tvillingtvilling transfusjonssyndromet." Aftenposten.no/meninger/kronikker/Livet-i-sorteringssamfunnet-6737919.html
"Kjekt å ha"
Argumentet for å innføra tidleg ultralyd som eit tilbod for alle, blir grunngitt med at kvinner kan kjøpa tilbodet i dag, og det vil vera meir rettvist at alle får tilbodet frå staten.
Ja, kvinner kan kjøpa tenesta i dag. Tilbodet finnest, og mange unge kvinner synest det er flott å ta turen til sjukehuset og få sjå hjartet til barnet i magen slå. Det er ei flott oppleving, det bind foreldra saman og skaper god forventning til at barnet skal koma. Dette er sjølsagt vel og bra. Men det er eit langt steg derifrå og til å tilby tenesta til alle. Det er så ein må spørja seg om den sosialdemokratiske haldninga at ingen skal ha fleire helsegoder enn andre, slår så kraftig ut, at ein ikkje hugsar å ta andre tungtvegande omsyn som kostnad opp mot medisinsk utbyte.
Større perspektiv
Tidleg ultralyd opnar for vurdering av abort ved mistanke om avvik ved undersøkinga. Dette er svært alvorlege spørsmål, spørsmål som heldigvis blir diskutert i denne saka. Når så prinsippielle etiske spørsmål blir aktuelle, skulle ein tru at det var påtrengande å gjennomføra tiltaket. Dersom det var den minste tvil om at tenesta vil kunne føra til abortar på feil grunnlag, skulle ein tru det var tunga på vektskåla som avgjorde at dette ikkje var eit tilbod me er tente me å ha så tidleg i svangerskapet. Og ein skulle tru at det var avgjerande uansett kva syn ein har på abortlova, då eg trur at det er eit mål for alle at det ikkje blir tatt abort på sviktande grunnlag.
Prioriteringsforskrifta
Me har ei prioriteringsforskrift som skal vera til hjelp med å sortera kva tiltak ein pasient skal ha rett på. Forskrifta er ikkje meint å skilja i kva tilbod som skal finnast, men den bør likevel kunne gje retning til kva helsevesenet skal nytta kompetanse og økonomi til. Fylgjande utdrag bør vera til hjelp i vurderinga:
"Med forventet nytte av helsehjelpen menes at det foreligger god dokumentasjon for at aktiv medisinsk eller tverrfaglig spesialisert behandling kan bedre pasientens livslengde eller livskvalitet med en viss varighet, at tilstanden kan forverres uten behandling eller at behandlingsmuligheter forspilles ved utsettelse av behandlingen."
Heile forskrifta kan lesast her
Når hjelpa som blir gitt på sjukehusa våre blir vurdert opp mot dette når ventetidene skal avgjerast og pasientar prioriterast, synest det underleg for meg at ressursar skal brukast på friske menneske når tilbodet skaper fleire dilemmaer enn det gir svar på.
Det kan sjå ut som om Senterpartiet kan stoppa tidlig ultralyd, så regjering står ikkja samla.
Sv avgjer truleg ultralydsaken, skriv Vårt Land .
– Når man er gravid, er man utrolig opptatt av egen kropp og av barnets helse. Da er en tidlig ultralyd et veldig forståelig ønske, sier SV-nestleder Bård Vegar Solhjell til VG.
"Et veldig forståelig ønske", - kva tid er det blitt avgjerande arguement for prioritering av helseressursar, Bård Vegar Solhjell?
"Et veldig forståelig ønske", - kva tid er det blitt avgjerande arguement for prioritering av helseressursar, Bård Vegar Solhjell?
Så godt! Eg heiar også:) Ha ei god helg!
SvarSlettFlott! God helg til deg, også!
SlettFint å lese. Jeg skal heie kjempehøyt....
SvarSlettSå bra! Då er me i ferd me å bli ein heil heiagjeng! For min del synest eg det er ekstra kjekt å heia på nokon i eit anna parti når høvet byr seg.
SlettDet hadde blitt tilstander om man skulle handle ut fra forstålige ønsker.
SvarSlettDe aller fleste har ønsker som ikke lar seg oppfylle ved landets helsetilbud og tjenester. Det er et etablert faktum. Påvist i utallige rapporter og påpekt hver eneste gang man vil si nei til noe.
Dermed må Solhjell snakke mot bedre vitende om han virkelig mener at et forståelig ønske skal påføre ekstraarbeid, utgifter og så videre, når det ikke oppfyller dette:
"Med forventet nytte av helsehjelpen menes at det foreligger god dokumentasjon for at aktiv medisinsk eller tverrfaglig spesialisert behandling kan bedre pasientens livslengde eller livskvalitet med en viss varighet, at tilstanden kan forverres uten behandling eller at behandlingsmuligheter forspilles ved utsettelse av behandlingen."
Jeg får heie på Heikki jeg også :-)
Ha en flott lørdag. :-)
Ja, det kunne synast som om "ønsket" kom noko høgt på argumentasjonslista.
SlettHei! Jeg heter Marianne Eidem og er masterstudent i folkehelsevitenskap på Universitetet på Ås. Jeg skriver masteroppgaven min om tidlig ultralyd, og er interessert i å inkludere ditt/dine blogginnlegg i min analyse. Jeg hadde satt pris på om du kunne sende meg en mail på marianne_eidem@hotmail.com, slik at jeg kan sende deg mer informasjon. Din kontaktinformasjon vil behandles konfidensielt av meg, jeg vil ikke gi e-post-adressen din videre til andre.
SvarSlett