mandag 13. juni 2011

Sawubona - eg ser deg!

Sawubona! Det er noko anna enn eit "Hei på deg!", sjølv om dei høver kvar til si tid og i ulike samanhengar.
Eg kjende ein mann som var fødd 45 år før meg, presten Petter Hermansen. Han lærte meg denne helsinga. Kvar gong me møttest, tok han meg fast i handa, festa eit varmt blikk på meg og sa: Sawubona!


Dette var ei like stor oppleving for meg kvar gong, og det blei på eit vis ei eiga helsing, eit band oss i mellom fordi me hadde snakka om kva ei slik helsing innebar, og kor viktig det er å bli sett.

Desse tekstane på bloggen min handlar om å bli sett:
Det er så vondt å bli oversett
Usynleg for mi skuld
Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun  - og far min
Borten Moe har sett "de som ikke synes"

1 kommentar:

  1. Sawubona!Så fint! Takk for at du delte med oss. Skal hugse det fine innhaldsmetta ordet: Sawubona
    med vennleg helsing Marit

    SvarSlett