søndag 19. juni 2011

Sorga søkjer ikkje arbeidsløyve

.
Eg møtte blikket hennar så ofte.
- Litt tomt.
- Litt matt.
- Eg har det bra, sa ho då eg spurde.


Av og til møtte eg blikket under ei rynka panne
- Smale augo.
- Djupe furer.
- Eg har det bra, sa ho då eg spurde.


Av og til møtte eg blikket under ei glatt panne.
- Hengande hender.
- Kvilande augo.
- Eg har det bra, sa ho då eg spurde.

Eg såg eit ti år gamalt bilete av kvinna:
- Strålande augo
- Smilande kinn
- Det går så bra så, fortalde biletet.

Eg går ut på badet, stirrer inn i ruta på veggen:
- Jasså, du er her framleis?
spør eg.
I spegelen møter eg eit blikk
- med forventning
- men utan planar om å innta heile verda.

Eg møter blikket og spør alvorleg:
- Har du lurt meg?
- Gjort som om, heile tida?
Men ho svarer:
- Eg har det bra, no som då.

--
Eg deler desse tankane fordi nokon kanskje kan kjenna seg att. Sorga søkjer ikkje om å slå seg ned, like lite som ho søkjer arbeidsløyve. Og om ho ikkje slår seg ned så tårene må ut, så kan ho ta plass i halsen, eller i magen. Kan henda ingen veit kva sorga di heiter. Men arbeider gjer ho.

Å velja etikett til denne bloggposten, som syner kva stikkord som fortel mest om innhaldet, er ikkje lett. Handlar det om sorg. Eller handlar det om meistring?

1 kommentar:

  1. Handlar om begge deler trur eg...om eg skal prøva å svara på spørsmålet ditt.
    Det er ugreit med ting som arbeider uten ansettelse!

    Takk for kommentaren hos meg:)
    Idag er eg glad for å ha gjennomført ein heil jobbedag og det har gått fint! Meistring e god medisin:)

    Trultemor

    SvarSlett