onsdag 1. juni 2011

100 dagar med sosiale medium for ein uførarkandidat

Eigen blogg, Twitter og Facebook- 57 bloggpostar, 1000 tweets og nokre ord på Facebook inni mellom. Og eg som trudde eg var ferdig med å meina så mykje.

Det heile starta då eg valde å seia ja til å stilla som ordførar for KrF. Eg som var 100 % ufør, skulle ta utfordringa i eit krevjande verv dersom folket ville det. Ei slik avgjerd krevde at eg gjorde greie for saka. Ja, eg tenkjer rett og slett at det skulda eg folk; Dei måtte få ei forklaring. Først når svara var leverte, kunne den saksorienterte valkampen starta. Tok eg ikkje personfokuseringa no, rekna eg med at den ville rota til heile valkampen, for meg og for andre.

Eg visste at mediestormen ville koma. Og den kom; med avisopplag, reportasje med fotograf som fotfulgte med ein dag og telefonar frå riksmedia.

Stormen kom, men den var lun i kasta. Eg blei eksponert, svak og sterk som eg er. Begge sider kom fram. Mykje makt har eg hatt tidlegare i livet og styrke til å stå fram har eg for tida, men samstundes er det "den makteslause" som blir aller mest synleg, slik eg opplever det. Å liggja på ei matte på golvet på politiske møte, har sin pris. Å frivillig bli avbilda i avisene mens eg ligg der, inviterer til kommentarar av alle slag.

Reaksjonane som har nådd meg, har vore positive, og samtalar med representantar frå riksmedia har enda med interessante samtalar, og har til dags dato ikkje gitt for krevjande oppslag.

Twitter var ei ny erfaring. Meiningar på 140 teikn, det er ei utforming for ein politikar. Det gjeld å uttrykka seg presist i alvorlege saker, og lett og ledig i fleip og leik.

Eg har oppdaga at eg trivest med det. Det utfordrar språkgenet mitt og eg lærer mykje om andre som tar del i ordskiftet. Gode lenker til interessante artiklar har eg også fått.

Så har eg nok dumpa bort i debattar som eg mangla bakgrunnstoff for å skjøna breidda i. Då er det berre å vera audmjuk nok til å seia at her mangla eg oversikta. Og når ein ligg ofte på golvet på offentlege møte, har ein trening i å leggja seg flat. Har du prøvd det, veit du at det er meir fakta enn leik med ord. Synsvinkel "frå golvet" gjer noko med deg.

Facebook har eg nytta lite. Det blir å informera om blogginnlegg, helsa på slekta og finna att gamle kjende. Facebook er nok den kanalen inn i dei store fellesskapa som eg kjenner minst magnetisme mot. Twitter derimot kan du bli avhnegig av, og etter 100 dagar ser eg at det går an å bli hekta. Då blir sosiale medium tidstjuvar. Det ynskjer eg ikkje at dei skal bli. Eg ynskjer å ha kontroll over tida mi, men vil gjerne ha gode instrument til å nå slekt, vener, meiningsfeller og meiningsmotstandarar, styresmakter og den som til ei kvar tid klikkar seg inn på bloggen min med hovudbodskapen min, nemleg det denne bloggen handlar om: Menneskeverdet er ikkje avhengig av noko. Mennesket er verdifullt fordi det er eit mennesket. Eg vil minna om det faktumet, og vil gjerne vera med å leggja til rette slik at samfunnet tar det på alvor.
 
 
Fakta om mitt uførarkandidatur: Ordførarkandidat og ufør i valkamptider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar