torsdag 23. juni 2011

Global utforming - heilt til toppetasjen.

Eit kommunestyremøte er nettopp avslutta. Seks timar blei det i dag.
Kommunestyra rundt om i landet kjenner godt til omgrepet "global utforming". Om me gløymer å ta omsyn til global utforming ved planlegging av eit bygg, kjenner me ein flau smak i munnen etterpå. Korleis kunne me? Me vil jo inkludera alle.

Og det vil me, - verkeleg. Eg mistenkjer ikkje nokon for ikkje å ha den gode viljen på plass. Men så er det slik at den gode viljen og tiltaka må heilt opp til toppetasjen. Det hjelper lite om heisen går til tiande etasje dersom du skal til femtande etasje.

Men slik er det jo ikkje heller. Ingen ville laga heis i halve bygget. Men det er ein annan toppetasje me skal nå også. Me skal nå hovudet, tanken, haldningane, - og den toppetasjen er det ikkje alltid tilgang til.

På møtet i dag var det global utforming av møtelokalet. Eg låg på matta mi på golvet, og ein annan representant fann plassen sin i rekkene med rullestolen sin, med assistent (BPA) som hjelpte han til rette. Så langt er alt greitt.

Men så er programmet for dagen slik at me skal ut på tur, midt i møtet. Til ein annan plass, med kort tidsmargin og utan fysisk global utforming.

Derfor må talarstolen entrast, og ordføraren må få vita at dette ikkje er bra. Det kan ikkje vera rett å plassera ei slik utflukt midt inne i eit møte når det ikkje ein gong gjeld vårt ansvarsområde eller noko me treg å kjenna til i samband med sakene.

Så etter ein runde, blir det klart: Turen blir lagt i etterkant av møtet. Mange av oss, dei fleste faktisk, er takksame for det.

Når global utforming har gått oss til hovudet, har me nådd målet om global utforming.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar