onsdag 6. april 2011

Når ein ikkje meistrer meistringa, kva då?

Hippokrates sa; "Det interessante er ikke hvilken sykdom en person har, men hvilken person som har sykdommen".

Javel.
Då vil eg vera ein person som meistrar å leva med sjukdomen.
Eg vil også vera ein person som meistrer sjølve sjukdomen,
smertene, plagene og avgrensingane som fylgjer med.

Eg vil vera ein flink sjuk.
Og så lenge eg er ein flink sjuk,
får eg klapp på skuldra, oppmuntring,
- til og med respekt(?)

Men når eg kjenner at eg ikkje meistrer å meistra så mykje lenger,
då lukker eg augo
og ser at eg heng i ei line,
høgt over eit djuv.
Eg tviheld på lina,
for dersom eg slepp taket,
vil eg falla
langt, langt ned.

Når eg når botnen
er det berre ei oppgåve som ventar meg:
å klatra opp att

4 kommentarer:

  1. Likte innlegget ditt!

    God påske!

    /Henning

    SvarSlett
  2. Takk for det! Tenkte kan henda det kunne vera til hjelp for nokon som opplever liknade dagar. God påske til deg og!

    SvarSlett
  3. Bra! Som behandlar ser eg ofte at kravet om meistring blir eit tilleggsproblem. Å vera "flink" sjuk, sørgjande osv er tungt!

    SvarSlett
  4. Anonym:
    Så flott at du som behandler ser det. Da kan de som møter deg, oppleve at det problemet blir mindre.

    SvarSlett