Det er Ove Tvedt, læraren, langdistanseløparen innanfor frivillig arbeid som lokalavisa Kvinnheringen kallar han, (10.08.2012), som har dette flotte målet for kvardagane sine. Ikkje i eitt år, ikkje i ti år, men i fleire tiår har han levd saman med ungdomane i bygda med målsetjinga om at dei skal ha det litt kjekkare enn om han ikkje hadde vore der. Han og kona starta heime i stova og har i mange år drive Ope hus i kyrkja, i tillegg til mykje anna arbeid i nærmiljøet. Mange unge har opplevd at målsetjinga hans er meir enn ord.
"Krampaktig ung" kalla me i vår tid ungdomsleiarar som gjekk i lusekofte og tøysko for å sjå ungdommelege ut. Skal ein fylgja dei unge i kle og motar i dag, kan det bli strevsamt å vera ungdomsleiar. Då er det frigjerande med det rådet Ove gir til andre som vil få kontakt med dei unge:
Ver meir interessert enn interessant!
Eit slikt råd kan me ta med oss nokon og ein kvar:
- han som ikkje veit kva han skal snakka om når han møter folk fordi han for det meste er heime åleine grunna sjukdom
- dei som er blitt plasserte ved sida av kvarandre ved eit festbord og ikkje er kjende frå før
- ho som har fått ein ny nabo med ein annan kulturell bakgrunn
Å bli møtt av nokon som er interessert i deg, gjer noko med deg. Born bruker store fakter for å fortelja oss kor viktig det er at me ser dei. Som vaksne seier me det ikkje rett ut, men me opplever det vel likevel godt å bli sett.
Sjå meg!
"Se meg" er tittel på Stortingsmeldinga om ein heilskapleg rusomsorg. Å sjå dei unge er den beste førebyggjande innsatsen mot rusmisbruk. Sjå dei i kvardagen, sjå og høyra dei i ordinære samlingar, sjå og spørja etter dei når dei gir teikn på at alt ikkje er som det skal. Og så til slutt det vanskelege: La dei vita at du ser dei også når alt har gått galt og vegen ut av eit liv i rus synest stengt.
Lokalavisa "Kvinnheringen" vil kåra den beste kvinnheringen. Eg er ikkje i tvil om kven som fortener å bli den beste i Kvinnherad i 2012. Å seia at nokon er best, er å bruka store bokstavar. Men når målet er å gjera livet kjekkare for dei andre enn om han ikkje var der, er ikkje bokstavane for store. Og kjenner eg han rett, har han ingenting i mot at nokon låner mottoet hans.
Meir om å bli sett, kan du lesa her
Viktig det du skriver om!! Så flott med et slikt engasjement som du har :)) ta vare på det. Også ønsker jeg deg en nydelig helg videre. :)
SvarSlettOmsider: Takk for kommentar! Det er sikkert ting som dessverre er lettare å skriva om enn å leva etter, så med trneg å bli minne på det, tenkjer eg.
SlettDet var eit fint motto! Og gode råd å ta med seg når haustens arbeid no startar opp att. Takk!
SvarSlettLukke til når arbeidet startar. Takk for besøket her!
SlettViktig motto.
SvarSlettSkulle ønske jeg klarte å leve etter det.
God søndag og mormorklem til deg.
Ja, det var det å leva etter det. Men me får tru det er betre å ha godt og høge mål, enn ikkje å ha det. Litt kan me vel strekkja oss i rett retning?
SlettAlltid godt å ha noe å strekke seg etter.
SlettVakker dag til deg,
Mormorklem