søndag 30. september 2012

Krafta i eit smil og eit blikk

Ho ser folk - til tårer.
Sit heilt stille og ser folk inn i augo.

Den verdskjende; performance-kunstnaren Marina Abramovi,
gjorde dette,
og folk strøymde til
for å bli sett.

Ordlaust,
nært,
mektig.

Slikt hender berre i konstruert kunst,
tenkjer me.

"Du såg meg då eg kom ny i skulegarden for 40 år sidan,
og du smilte til meg.
Eg har alltid hugsa deg for det,"
sa ho som eg møtte i går.

Eg visste ikkje kven ho var for 40 år sidan,
eg visste det ikkje i går heller - før ho sa det.

Å sjå.
Å smila.

Raust kan me dela ut
signal frå hjarte til hjarte.
Det kostar ikkje anna
enn å orka reagera på at andre menneske er der du er.

Kva hadde skjedd om eg vågde sjå
dei eg jamleg møter,
slik at dei opplevde seg sett?



Fleire tekstar om å bli sett, finn du: her /Sawubona.

3 kommentarer:

  1. Ikke verre, nei.
    Skulle vært flinkere til det.
    Ha en sett dag.
    Mormor

    SvarSlett
  2. Det var sterkt å se innslaget du nevner her. Jeg tenker at vi går glipp av mye når vi er travle, det er kanskje derfor vi haster så fælt? For å unngå å konfronteres med oss selv og forholde oss til andres indre?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, innslaget var sterkt. Dei som møtte opp, hadde nok ei spesiell innstilling. Likevel; eg kan ikkje la vera å undra meg over kva litt meir, og meir heilhjarta augekontakt kunne ført til i kvardagen vår?

      Slett