søndag 7. juli 2013

Dei kan jo ikkje tvinga oss..

"Eg kan ikkje lenger ha den arbeidsdagen eller det yrket eg er utdanna til, men dei kan vel ikkje tvinga meg til å gjera noko anna?"

Dette er ein uttale eg har høyrt ein del gonger. Fordi eg sjølv er arbeidsufør, er det kan henda slik at andre er svært ærlege om eiga helse og arbeidssituasjon. Stort sett er det heilt ok. Det kan vera mange erfaringar det er greitt å dela. Men denne haldninga: At dei ikkje kan tvinga oss til å arbeida, har eg problem med.

Problem nr 1: Dei kan vel ikkje tvinga oss - Kven er dei som det blir vist til: legen, NAV, samfunnet?
Problem nr 2: Kvifor kan ein ikkje gå over i anna arbeid som ein fysisk og psykisk maktar sjøl om det er noko anna enn det ein er utdanna til: Er det grader av verdighet i arbeid som ein ikkje kan gå under?
Problem nr 3: Kva tvang er det snakk om? Er det  uføretrygd som ikkje blir tildelt om ein ikkje er "lydig".

Eg er svært glad for det sikringsnettet som ligg i uføretrygda. Det held mange vekke frå fattigdomsfella og gjer overgangen frå arbeid til å vera ufrivillig utanfor arbeidslivet noko mjukare.
Men haldninga som ligg i spørsmålet om kor vidt dei kan tvinga oss, er avslørande. Det fortel at ein ser på staten som den som må ta ansvar. Det peikar mot sterke rettar: Eg må då få det eg har krav på. Og det utelet eit alternativ: Dersom eg ikkje vil eller kan arbeida, men heller ikkje vil ha anna arbeid, går det an å la vera, med den konsekevensen at ein ikkje har  inntekt før ein kjem i den normale pensjonsalderen.

Er vårt fokus på rettar blitt så einsidig og sterkt at me går utifrå at dette ikkje er noko alternativ?

Eg vågar så vidt å spørja. For det vil truleg provosera. Dei fleste strever for harde livet for å halda på eit sunt sjølbilete når sjukdomen rammer, og desse treng ikkje slike debattar som held dei nede. Og mange gjer det dei kan for å vera i arbeidslivet.

Likevel: Presset på stønadsordningar er stort, og me treng å hegna om rettane slik dei var tenkte. Derfor må andre verknader som ikkje var tilsikta, sorterast ut. Og me treng kanskje ein debatt om kor vidt me bør kunne ta ein annan jobb enn den me hadde - ikkje om naboen trur det er fornuftig, eller arbeidskollegiet, men dersom det er forsvarleg for den fysiske og psykiske helsa til den det gjeld. Eller?

6 kommentarer:

  1. Jeg tror man har fokusert feil.
    1. du kan bli det du vil (ja, men det er ikke sikkert du får arbeid, burde være lagt til)
    2. Du har rettigheter, vet du (alt fra hvor du vil bo etter et samlivsbrudd fra du er tolv, eller seriøs forhandlingspartner fra knøttsmå)
    3. Mange sier ofte til de yngre at de ikke kan tvinges til noe de ikke har lyst til (ofte med de beste hensikter, m.a. ikke bli utsatt for overgrep)
    4. Pliktdelen av livet har gått av moten. Den gamle biten om "gjør din plikt og krev din rett" har utelatt plikt.
    Så veien til helvete er ofte brolagt med de beste intensjoner. Og vi legger stenene ved våre ord.
    Klem :) .

    SvarSlett
  2. "Gjør din plikt, krev din rett."

    Desse orda seier det meste, eigentleg. Me lever i ein av verdas aller beste velferdsstatar med mange rettigheiter. Men det krev at så mange av oss som mogeleg gir vårt bidrag ved å arbeide. Det viktigaste må vere at vi bidrar til verdiskapinga på ein eller annan måte. Ikkje kva type arbeid vi utfører.

    Vi kan sjølvsagt velje å ikkje arbeide, sjølv om vi har arbeidsevne. Men då må vi og hugse på at vi er med på å undergrave velferdsstaten. Dersom mange veljer å ikkje vere i arbeid vil vi ikkje greie å finansiere alle dei gode velferdsordningane våre. Dersom berre nokre veljer å vere gratispassasjerar går det nok greitt. Men visst veldig mange byrjar å tenkje på same måten, betyr det slutten for den velferdsstaten me kjenner i dag.

    SvarSlett
  3. Ja. Måtte det vera slik at også komanne generasjonar veit kva det inneber å gjera si plikt og krevja sin rett.

    SvarSlett
  4. Dette emnet har truffet ørene mine nå og da fra radioen Marit. Og hver gang blir jeg like paff, og får hodet fylt med to tanker:
    Hvordan kan de forsvare det der?
    Maktutøvelse!
    Og jeg tenker på meg skallebank hver gang...
    Hvor har de tenkt å sette grensen på hvem som skal "lukes ut"? (eller inn om man vil)
    Og hva tjener de på det? Er det en statistikk de skal innfri? Er det et prinsipp de har fått for seg? Er det en eller annen politiker som har gitt et løfte som har gitt den en på tygga, og må derved rette det opp for en hver pris? Hva dreier det seg om bak dette forslaget?

    Hele greia er jo langt over idiotisk!

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne gongen forstår eg ikkje heilt kva du meiner Mirapisani.

      Slett