Healing går ut på å gjera heilt noko som er halvt, øydelagt, i stykker. Mange som får tilbod om healing, opplever like mykje at noko som var i ferd med å bli heilt, blir knust på nytt.
Alle som søkjer eit friskare liv, er fri til søkja dette kor dei vil. Men dei som tilbyr folk å bli friske, bør gjera det med stor grad av aktsemd. Fordi dei tilbyr eit friskt liv til eit heilt mennneske, ikkje berre til kroppen. Og når dei ikkje lukkast, er heile mennesket skuffa, ikkje berre kroppen. Nedturen kan bli tøff, særleg om ein har investerert både, tid, krefter og pengar i "forfriskinga".
Ein gong fekk ein mann høyra at han skulle ta senga og gå. Han reiste seg og kunne gå!
Også i kristen samanheng snakkar ein om å bli frisk, meir i somme miljø enn i andre. Under har skjedd og dei skjer. Dei fleste må likevel leva med plager og
sjukdom. Ikkje fordi dei ikkje ber, eller fordi dei ikkje trur på Guds makt,
men fordi sjukdom er ein del av livet. Sjøl har eg tatt utfordringa og
tatt senga mi. Det vil seia eg har ei matte som eg drar med meg og
legg meg på under politiske møte. Når eg kjem dragende med matta,
har eg fått spørsmålet om det ikkje var så at ein skulle "ta senga si og gå"? Heldigvis gjer det meg korkje uroleg eller irritert. Grunnen,
(trur jeg), er at eg
høyrer til ein tradisjon som vurderer sjukdom og vonde dagar som foreinleg
med eit kristent liv.
Dei fleste som blir ramma av sjukdom går etter mi erfaring gjennom ulike fasar:
1. Overrasking, sjokk: Kunne dette skje?
2. Sorg, fortviling: Dette kan eg ikkje leva med.
3. Leiting etter utvegar: Kan du hjelpa meg doktor?
4. Alle typar hjelp blir vurdert: Kan eg få bli frisk?
5. Aksept: Dette må eg leva med.
6. Fokus på alternativ: Korleis kan eg leva det gode livet no?
I dei første fasane er det mange om søkjer hjelp i tradisjonell bøn eller hjå healarar. Men kva så når invitasjon til "forfrisking" blir slik at ein ikkje
får leva i fred med fase 5 og 6? Nokon opplever faktisk det. Ei ungjente
som visste at ho ikke kom til å bli gamal, hadde vore gjennom alt, og
vel så det. På slutten sukka ho og sa at det hadde vore fint om alle
dei velmeinande menneska kunne la vera å tilby henne forbøn gong på gong.
Ho hadde ikkje slutta å tru. Men ho var trygg og tok
ein dag om gongen,. Og som ho sa: Ho orka ikkje fleire rundar. Det er
nemleg ei stor påkjenning å skru opp forventninga, leva i håpet,
eksponerast - med sin svakhet overfor andre, - og så bli skuffa igjen.
Ingen har formidla til meg en så sterk og ærleg Gudstru som denne
jenta. Likevel er det også ho som har lært meg at ein treng stort skjønn når ein går ein sjuk så nær.
Jeg tror bønnen "gjør meg frisk" kanskje ikke skal bes for ofte, hverken på den ene eller andre måten. Ikke til Gud eller mennesker. Ikke fordi man ikke skal søke etter hjelp til å bli frisk, men fordi det ikke er alt man kan kurere, ikke alt det finnes en kur for og livet skal leves, helst gladest mulig oftest mulig.
SvarSlettKlem :)
Og ofte kan det gode livet, i alle fall "det best mulige livet" vera der ein tilpassar livet nye vilkår. Men eg skjøanr også dei som desperat søkjer noko anna. Måtte det berre vera slik at dei blir møtt med omtanke så det ikkje går frå vondt til verre.
SlettDen der healinga er jeg ytterst skeptisk til. Jeg mistet troen på leger som barn og har hele mitt voksne liv holdt meg til alternativ medisin. Og takk og pris for min skepsis, for i den bransjen er det mye rart. Det finnes også mange leger som helst skulle ha byttet yrke.
SvarSlettMen jeg har blitt hjulpet av begge yrkesgrupper. Kanskje først og fremst fordi jeg lar meg ikke hjelpe av hvem som helst.
Bare en gang har jeg vært borti dette med håndspåleggelse. Da hadde legen gitt opp etter gjentatte forsøk med ymse medisiner. Det siste han sa til meg var at jeg måtte si fra hvis de siste tablettene ikke virket. De virket ikke og jeg sa ikke ifra, for jeg så for meg kniven og operasjonsbordet.
Så dukket det opp en mann på kontoret hos meg som lurte på hvilke syn jeg hadde på håndspåleggelse. Han var en god sjel, så jeg gikk med på det. Og frisk ble jeg.
Da først gikk jeg til legen igjen og sa hva som hadde skjedd. Kanskje han trodde at jeg var gal, for han undersøkte meg grundig. Lenge. Til slutt sa han at det der skulle ikke gå an. Og han var også forsker på sitt felt.
Jeg er glad for at du skriver om dette Marit. Det er viktig å være skeptisk til "legende" mennesker. Uansett i hvilke form de kommer i. Og det er spesielt mange i alternativ medisin som, sikkert uten at de vet det, suger ut energi fra de menneskene som de skal hjelpe.
Ønsker om en god dag sendes i din vei. :)
Takk for flott svar. Verda er ikkje svart/kvitt, og uttrykka "alt til sitt bruk" og "alt med måte" gir av og til meining. Sunn skepsis kan kombinerast både med sunn fornuft, tru og optimisme!
Slett