tirsdag 19. mars 2013

Kan havet bli snilt igjen? Apropos Sleipner.

Kan eg skriva meg ut av Sleipner-forliset?
Refleksane frå bylgjene blinka som juletrelys. Vinden ulte så det var uråd å snakka på dekk. Båten la seg over i bølgjekasta etter som den ville, mens kapteinen prøvde å leggja han slik at me såg folka i sjøkavet rundt oss. Sjokolade og chips i kiosken datt på golvet, pølsegryta skvulpa over. Og i frå leikerommet høyrtest latter frå ein amerikansk komedie.

Det var Sleipner som gjekk ned den haustdagen. Det var der katastrofen var. Det var passasjerane ombord i Sleipner som opplevde marerittet, og som sit med øydelagde liv, - dei som overlevde.

Eg var berre passasjer ombord på systerskipet Draupner som gjekk frå Bergen til Stavanger samstundes som Sleipner gjekk frå Stavanger til Bergen. Likevel har Sleipner-kvelden gjort noko med meg. Frå barndomen var eg vel kjend med havet. To timar tok turen med Skudenesferga til Stavanger, og den turen tok me ofte. Om bølgjene slo over dekk, var det berre stas. Fekk eg berre stå ute,var eg frisk og nøyt å vera nær det sterke elementet: havet. Bølgjebrus og stor makt var berre fasinerande og tiltrekkande.Salt i huda, susing i øyro. Det var Vestlandet på sitt beste.

Etter Sleipner forsvann all fasinasjon ved bølgjer over ei viss høgd.

Likevel, etter Sleipner, har me skaffa oss båt, og har vore mange dagar og netter på fjorden. No er ein større båt komen til kai, og eg har tatt VHF-sertfikat og skaffa lettbåt for å vera tryggare.

Men tankane frå Sleipner-kvelden sit godt fast.

Slikt skjer ikkje. Ikkje med lokalbåten vår..
Då me nærma oss Moster på Bømlo, fekk me melding over høgtalaren om at me måtte setja kursen mot Ryvarden fordi Sleipner stod på grunn der. Alle med sjukepleiefagleg/medisinsk erfaring måtte melda seg. Ikkje mange minutt seinare, kom det ny melding: Me gjekk no mot Ryvarden, Bloksene, med full fart. Sleipner var gått ned.

Eg såg meg rundt i salongen. Det var stappfullt ein fredag ettermiddag. Eg kjende titals passsasjerar. Og tanken gjekk fort: Eg kjende truleg like mange i båten som var gått ned.

Neste melding frå kapteinen fortalde om alvoret. Alle som kunne vera med på redningsaksjonen, skulle på dekk med lykter og redningsutstyr for å ta folk ombord . Dei som ikkje hadde andre oppgåver, skulle gå til øvste dekket. Eg hadde andre oppgåver. Men føst skulle alle leggja frå seg varme ytterklede og genserar. Andre trengte dei meir enn oss.

Neste melding var at salongen skulle delast i tre: Ein for overlevande - ikkjeskadde, ein for skadde, og ein for omkomne.

Då gjekk alvoret for alvor opp for oss.

Framme ved Bloksene viste det seg at hutigbåtar er dårleg konstruerte med tanke på å ta folk opp frå ein frådande sjø. Me blei liggjande med lyskastarar i vatnet for at andre fartøy som kom til, kunne plukka opp folk.

Alle dører stod opne. Iskaldvind suste, med høyrte roping frå båtar, redningsfolk og folk i sjøen. I etterid har eg sagt til meg sjølv at dei eg høyrte ropa, nok var dei som blei redda. Og å ha høyrt ropet frå dei som gjekk ned, er for kraftig kost å la minnet streva med.

Ikkje vel i hamn.
Vel i havn, var me ikkje vel i hamn. No starta leitearbeidet utover natta. Heime i stova sat eg med ullteppe rundt meg og høyrde Kveldsnytt sine kjenningstonar. Så kom redningsvest-fyrverkeriet på skjermen, - med båtar som låg utafor Ryvarden. Det blei sagt mykje om ulukka. Eg sat og lurte på om eg drøymde.

Neste morgon gjekk eg til kommunehuset der kriseteamet var. Som nyleg avgått ordførar visste eg korleis dette skulle organiserast, og som statssekretær visste eg at regjeringa ville vera orientert om det som skjedde. Dessutan: Det var naboar, kjende det gjaldt. Var listene komne?

Listene kom etter kvart, og kjende og ukjende namn stod på den. Av ein eller anna grunn var båten knapt halvfull, så det kunne ha vore verre.

Men det var gale nok.

Eg blei lenger heime denne helga enn planlagt. Turen tilbake til regjeringskontora blei utsett til redningsarbeidet var avslutta. Eg tok del i samlinga lokalt på Bømlo for dei som hadde vore med i redningsarbeidet og hadde ei takkehelsing på vegne av regjeringa. Etterpå blei det gudsteneste i Haugesund der me møtte overlevande og pårørande.

Så gjekk turen tilbake til Oslo.

Tre arbeidsdagar gjekk, - greitt.
Fjerde natta beli det ingen søvn.

Så fann livet tatt sin vante rytme på ny.

Mange lever med ein annleis kvardag etter Sleipnerulukka. Dei som miste sine nære og kjære, dei som var i vatnet og må streva med ulike situasjoner og tankar, kvar dag..

Eg har ingenting å klaga over. Eg var tørr og trygg.

Men eg blei kjend med eit nytt hav. Eit hav som ikkje skapte stemning ein haustdag, men som tok, det tok liv.
Bølgjene er no grådige.

Eg skal på båttur snart. Sova med klukking mot båtsida, leggja båten opp not bølgja når ho veks.
Men eg vil aldri utfordra veret, for bølgja tar ingen omsyn. Ho er nett så sterk som ho er. Og gjer det ho vil.
Bølgja blir aldri snillare enn krafta i havet er den dagen. Det er eg som må vera snill mot meg og mine, og ta dei nødvendig omsyn.
Det har eg tenkt å gjera. Derfor har eg også tatt VHF-sertifikat no.
Ikkje at det temjer bølgjene.
Men det temjer meg, - sånn akkurat passe.

7 kommentarer:

  1. Takk for beskrivelsen. Min Onkel Edvin gikk ned med Sleipner, og døde.
    Sterke naturkrefter og svake, nølende mennesker får ikke alltid heldig utfall. vh Torill

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein blir ordlaus i møtet med dykk som har ulukka inn på livet slik. Kan berre seia at det er trist.

      Slett
  2. Naturen er naturlig, den skiller ikke og havet er seg selv.
    Men ulykker som denne med Sleipner og andre setter sterke spor etter seg.
    Takk for erindringen.
    Mormor

    SvarSlett
  3. Er tøft å lesa om detta... det kjem så nært igjen. Vi høyrde om forliset då vi var på ferja på vei heim frå julehandel.
    Urolig natt, dagen etter fekk eg veta at han eg var praktikant for då eg var 16...var med. Han overlevde, men den yngre broren gjorde det ikkje.
    Vondt

    Wenche V

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det kjem nær. Og det gjer vondt. Og det gjaldt så mange.

      Var det den unge guten som gjekk inn att etter bagen sin du kjende?
      Mange familar lever med hol i liva, opprivne tankar.
      Dette blogginnlegget var nok frå mi side eit forsøk på å normalisera forholdet til havet på. Men ingenting blir heilt som før.

      Slett