mandag 3. september 2012

Tydelege leiarar, takk!

Større handlingskompetanse og gjennomføringskraft. Tydelege leiarar, klare kommandolinjer. Oppdaterte rutinar for avvik og korrigering av system. Alt dette blir det ropt etter i kjølvatnet av 22.juli-rapporten. Og det er vel og bra. Men når ein leitar etter grunnar til at me ikkje er i mål på desse områda på mange felt i samfunnet vårt, bør me kikka oss over skuldra og spørja kva for eit samfunn me har oppmuntra til fram til no.

Spør du ein svensk leiar om kva som skil norsk og svensk arbeidsliv, svarer han at i Sverige gjer arbeidstakaren ofte det han får melding om, men i Norge vil han stilla spørsmål ved ordren.

Å ha oppegåande, tenkande arbeidstakarar og medarbeidarar er sjølvsagt eit pluss. Men har me strekt oss for langt den vegen?

Skapa kvalitet eller stela kvalitet?
Arbeidsplassar er prega av demokrati, særleg dei store. Der blir lovar og reglar fylgde, og arbeibstakarar hegnar om rettane sine. Dette er vel og bra. Men er det lov, eller går det an, eller vågar eg spørja: Kan det bli for mykje av det gode?

Næringslivet, kommunar, skule- og helsevesenet er i endring. Det er ikkje noko nytt. Dei har vore i endring sidan fyrste virkedag. Endringa skjer for å kunne utføra den tenesta ein er til for, på beste vis.

Alle som gjer vedtak, treng å få synleggjort kva konsekvens vedtaka får.
Og dei som blir direkte råka av endringar som tilsette, skal vera orienterte og skal kunne påvirka situasjonen, om det er råd. Dette må liggja fast. Likevel: Bruker me ressursar, tid, kompetanse, pengar som står i forhold til desse måla? Eller er me komne i eit uføre med stor mengde informasjon, tallause drøftingar, av og til aksjonar og til og med sjukmeldingar som resultat av "den gode vilje" til demokrati? 

Eg har ikkje svara, men etter å ha hatt leiar - og styreansvar i ulike samanhengar; organisasjonar, skule/høgskule, sjukehus, helseføretak og kommune, sit eg med ein del spørsmål:
- Kor mange møte trengst?
- Kor mange tilsette må vera med på møta?
- Kva område på arbeidsplassen er det viktig at dei ulike gruppene blir involverte i.

Omorganisering er tidkrevjande. Endringar som skjer er ofte av administrativ karakter og har for det meste med pengeflyt, personalansvar, og samarbeid å gjera. Dei fleste tilsette vil ha ein arbeidsdag der dei merker svært lite til denne organiseringa. Kor stor medverknad bør dei ulike gruppene då ha?

Eg har inntrykk av at me tolkar demokrati på arbeidsplassen slik at alle skal meina noko om alt. Det skaper ikkje kvalitet, korkje i prosess eller resultat. Det stel kvalitet.

7 kommentarer:

  1. Jeg jobber i skoleverket og har kanskje en litt annen opplevelse av dette. Lærere er som kjent en høyt kompetent arbeidstakergruppe. Noe av det som frustrerer oss er når vi blir diktert av arbeidsgiver. Vi har jobba med et område på vår skole og hadde tenkt å bruke planleggingsdager på det, men så kommer det brev fra etaten over som vi værsågod skal gjennomføre! Det andre må legges til side. Det som frustrerer oss er at beslutningene som skal ha forkjørsrett ikke har rot i vår hverdag eller i de behov vi eller elevene har. Når dette skjer gang på gang, får vi en følelse av at vår kompetanse ikke betyr så mye og at beslutningene er viktigere enn oss (og elevene våre). Respekt må gå begge veier, det gjelder også i min jobb som lærer.
    Tidligere hadde jeg personalansvar, jeg prøvde å leve etter dette og tror jeg også lyktes med det - i hvert fall delvis. Men også jeg har vært nødt til å være med på å sette i gang tiltak som jeg ikke helt så meningen med. Man prøver da å gjøre det beste ut av det, men legger kanskje ikke hele sjela i det. Hvis man skal "selge" slike beslutninger, må man kunne argumentere godt og finne gjenklang hos mottakerne.
    Beklager, dette ble litt langt, men jeg ble litt engasjert av innlegget ditt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette er insteressant, hannemagna. Eg er også sterk forsvarar av læraren sin metodefridom. Den som kjenner seg sjølv som lærar og sine eigne elevar, er den beste til å velja pedagogisk opplegg og metode.

      Eg hadde met slike spsømål i tanakne som ikkje grip inn i primæroppgåvene: Kva hus som skal brukast til kva, korleis leiinga skal organiserast, kven ein rapporterer til osv.

      Lærarar bør styra eigen kvardag i stor grad. Det er også bra at dei gir lyd frå seg når det kjem planar for korleis skulen skal bli, til dømes når det kjem nye planar. Men når planen er vedteken, er det på tide å starta arbeidet. Tenkjer med gru på den gongen lærarane hadde bokbål og brente M 87. Det var faktisk forakt for systemet og bortkasta energi.

      Slett
  2. Jeg ønsker meg kloke ledere jeg, som bruker fagfolkene under seg når beslutninger skal tas. Er bekymret for det som foregår i offentlig sektor nå. Det kommer en masse direktiver utenfra, fra byråkrater, som ikke har sin begrunnelse i faglighet, men i økonomi. Og som fører til endeløse kontroller og kontroller av kontrollene.

    Innen helse, sosial og undervisning fungerer ikke dette, tror jeg. Det kan ikke ledes som en vanlig fabrikk, det er menneskevirksomheter.

    Tror det vil vise seg dette, mer og mer, at dette ikke er god styring.

    Så jeg etterlyser kloke ledere, som vet å lytte og som forsvarer kvaliteten, ikke bare budsjetter og tellekantkvalitet, dvs på papiret.

    Føler meg litt krass nå, håper bloggen tåler det. Jeg står midt oppi det og er slett ikke alene om å oppleve dette. Det brer om seg....

    SvarSlett
    Svar
    1. Det siste først: Sjølvsagt tålest det at du er krass. Når eg tar opp slike tema som dette, kjem eg ingen veg med tenkinga dersom det berre blir klapp på skuldera.

      Eg følgjer deg i det du skriv. Kontroll, byråkrati, målstyring og instrumentalisme kan bli fiender i arbeidskvardagen. Det eg er oppteken av, er at "alle" skal meina noko om alt, også det som ikkje er oppe til drøfting. Eg kan ikkje ta for mange døme fordi einskildpersonar vil då kunne kjenna seg igjen og oppleva at eg henger dei ut. Sidan eg ikkje lenger er leiar for desse, og kan følgja opp, vil det vera dårleg gjort. Men la meg ta eit døme frå ei sak som var landsdekkande. For vel 10 år sidan fekk psykologspesialistane høve til å gjera vedtak i psykiatrien. Dette blei gjort ved ei lovvendring. Samstundes kom pålegg om einskapleg leiing på sjukehusa, også vedtatt i lov. Likevel gjekk det årevis før legane aksepterte at sjukehusa kunne organisera avdelinga i tråd med dette og ta lova i bruk. (Framleis skal sjølsagt ein lege vera fagleg ansvarleg i teamet rundt pasienten.) Ja, eg veit ikkje om det er så mange sjukehus som har gjort dette enda.

      Og eg er enig med deg, med treng kloke leiarar. Hovudpoenget mitt er vel at kloke leiarar lyttar og får eit bilete av det faggrupper tenkjer og meiner. Når ei sak skal avgjerast, bør leiarane vita kva som skal leggjast fram som drøftingsssaker og kva som skal informerast om "at det blir sånn". Er det ein grunnleggjande tillit til stades, vil det fungera i dei fleste tilfelle, og svært mykje tid og støy vil vera spart.

      Når det gjeld lovendringar eller vedtak av overordna karakter frå eit eigarstyre (private høgskular/inst, organisasjonar), blir dette noko tydelegare, men balansegangen mellom medråderett og styring er den same der.

      Slett
    2. Er så enig med deg, Gamle Ugle.
      Derfor er jeg også skeptisk til hva som skjer rundt i (fylkes-)kommunene, etter at man innførte parlamentarismen. Tidligere hadde man personell i etatene med god faglig bakgrunn som fungerte som rådgivere. Etter min mening er disse nå blitt redusert til papirflyttere. Det høres kanskje brutalt ut, og det er ikke sikkert dette er situasjonen overalt, men det er dessverre flere eksempler på at dette er tilfellet.

      Slett
  3. "Endringar som skjer er ofte av administrativ karakter og har for det meste med pengeflyt, personalansvar, og samarbeid å gjera."

    Kanskje derfor pengene ikke kommer til nytte i form av utførende ledd i helsesektoren og andre? For en på utsiden ser det ut som om de bevilgninger som gis, resulterer i økt byråkrati uten forankring i faglig kompetanse.

    Og med den følge at alle vedtak ikke har relevans. Men som likevel skal gjennomføres. Og møtehysteriet er større enn før.
    Ha en fin dag :-)

    SvarSlett
  4. "Endringa skjer for å kunne utføra den tenesta ein er til for, på beste vis." Eg trur faktisk på det eg skreiv slik. Derfor er det viktig å halda fokus på det på dei møta som må til. Og den faglege kompetansen må brukast til det. Mange tilsette er flinke til det, men mange er oså flinke til å delta på ein slik måte at det blir meir spørsmål om kva plass den faggruppa skal ha i strukturane i framtida enn den heilskaplege løysinga. Derfor tar alt lang tid, og det blir svært mange møte.

    Men dette er slik eg har opplevd det frå min ståstad. Andre opplever det kanskje annleis.

    SvarSlett