lørdag 1. september 2012

Merkevaren OL/olympiske ringar - nærare for Paralympics?

Tankar 12.september: No er Paralympics over. Kanskje dei paralympiske leikene som har fått størst merksemd nokon gong. Mange meiner også at no er det på tide å likestilla olympiaden og paralympics. Skilnaden lar seg ikkje forsvara i lengda. "Folk flest" har oppdaga det, og gitt uttrykk for det dei siste vekene. Kanskje dei som har makt til å endra namn, titlar og symbolbruk også vil oppdaga det?

.........

Tankar1.september:

"Sette paralympiske idrettsutøvere i stand til å oppnå sportslig utmerkethet 
og inspirere og begeistre verden»

Dette er målet til 
Den internasjonale paralympiske komité (IPC) 

Sportsleg toppinnsats og inspirasjon og begeistring . Nett det er det me opplever at paralympics gir. Etter dagar med imponerande prestasjonar i første runde med OL, med utøvarar som hoppar høgare enn hus berre ved hjelp av fart og ei stang, turnarar som nesten slår krøll på kroppen, og handballjenter som held ut til slutt og tar gullet heim, er det likevel berre å innrømma det: Det me ser no overgår alt.

Same kva OL ein deltar i, gullmedaljar kostar blod. svette og tårer. Når eg lar meg imponera av dei som er med i paralympics, er det ikkje først og fremst fordi dei har trent så kolosalt mykje, men det aner meg at dei fleste har hatt ein annan kamp; kampen for å motivera seg for å ta fatt på ei reise som enda i idrettskonkurransar. Ei reise som for mange starta med ei personleg katastrofe, tap av helse og eit vanleg liv. Dei har kome seg  ut av uføret, dei har ikkje blitt verande i sorga og saknet, men har tatt fatt på livet slik det er.

Mange som tar same reisa, kjem ikkje på resultatlistene. Men dei slår eigne rekordar kvar einaste dag; fleire steg utan hjelp, fleire ord som kan tolkast av dei som høyrer på, fleire timar uta av senga, fleire timar samen med andre, fleire meter, kilometer vekk frå huset...
 
Me treng alle førebilete som kan inspirera  og begeistra, ikkje for å kvalifisera oss til OL, men for å ta i bruk den helsa me har.
 

Det paralympiske  symbolet
Symbolet er ein agito (lat. sette i bevegelse) - eit symbol på bevegelse, forma som en asymmetrisk halvmåne, i raudt, blått og grønt, fargane som er mest brukte i nasjonalflagg verda rundt, (i flg Wikipedia). Det første symbolet som blei tatt i bruk, hadde fem element sette samen som dei olympiske ringane. Dette måtte skiftast ut fordi det var for likt dei klassiske olympiske ringane. Og her strekk ikkje tanken min til: Kva er problemet med at symbola blei for like: Kva var i dei heile problemet med å nytta dei fem olympiske ringane for begge olympiadane?

Me høyrer kommentatorane er nøye med å seia at det blir delte ut paralympiske gullmedaljar. Kan det ikkje heita olympiske medaljar? Kan det forvekslast med konkurransar for funksjonsfriske? Sjølsagt kan det skje. Men kva gjer det? Me har mange typar verdsmeisterskap (VM), men alle som får gull blir verdsmeistrar.

Eg veit spørsmålet om namn på OL og bruk av ringane har si historie og grunngjeving. Men likevel: Er det rett å skilja så tydeleg?

Toppidrett?
I går kveld såg me Thorvald Steen på Dagsrevyen. Han ville eigentleg vera skihoppar, men har store problem med å reisa seg. Han sit lenge heilt stille. Så tar han sats, får kroppen opp av stolen og blir ståande. "Dette er toppidrett!" seier han. Les meir om han  her

Motto
"Raskere, høgare, sterkare" er mottoet for olympiaden. Eit flott motto både for idrettsfolk som skal prestera og inspirera både friske og ikkje-heilt-friske, spør du meg.

5 kommentarer:

  1. Jeg vet ikke. For min egen del synes jeg det er feil, men ...
    Det er vel med OL og deres symboler som det er med varemerket Coca Cola, det drar penger til. Og da skal det ikke kludres med. For pengene er viktigere enn mennesker og deres innsats, virker det som.
    For meg rager mange, langt de fleste, idrettsutøverne i Paralympics høyere enn deltagere i OL.
    Mormorklem

    SvarSlett
  2. Akkurat dette provoserar meg også. Var ikkje klar over før i går at dei ikkje fekk bruke OL-ringane (Er ikkje så veldig sportsinteressert, så dei fleste slike ting plar gå meg hus forbi...) Det er verkeleg imponerande prestasjonar som vert utførte i Paralympics, og eg kan ikkje forstå kvifor dei ikkje kan konkurrere under same symbolet som vanleg OL.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er jo forståeleg at dei vil skilja leikane frå kvarandre, men dette med ringane synest litt småleg. Kan ikkje koma frå det.
      Når paralympics får stadig større oppslutnad, og ikkje minst, når me alle viser begeistring for det, vil kanskje komiteen tenkja seg om.

      Slett
  3. Det kan hende at para IL merke blir like kjent og kjært som Ol merke... For meg er Para OL folka enda mer imponerende! Jeg håper de får mer plass etterhvert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dei blir større, både i tal, prestasjonar og innsats. Kankje dagen kjem då nokon angrar på eit altfor tydeleg skilje. Uansett: Det er imponerande, ja.

      Slett