fredag 7. september 2012

Riksrevisjonen i eit uføre?

Eller kanskje det ikkje er Riksrevisjonen som er komen i eit uføre, men rikspolitikarane og systemet når Aftenposten skriv at fleire politikarar vil vingeklyppe Riksrevisjonen.

Stortinget kan gjerne få eit råd frå meg, heilt gratis, som det heiter når ein trur rådet ikkje vil bli tatt imot. Det er eit råd som ikkje vingeklypper Riksrevisjonen, men som vil redusera talet på oppgåver dei skal løysa:

- Lag eit statsbudsjett der løyvingane ikkje blir delte opp i for mange underpostar eller har for mange detaljerte premiss
- Unngå øyremerking
- La vera å understreka at departementet skal rapportera delajert om pengebruken

Det er berre Stortinget som løyver pengar som kan letta kontrollbyråkratiet der pengane skal nyttast. Derfor bør dei gjera det.

Tillit? Misbrukt tillit?
Men dette inneber at me må stola på at pengane blir brukte til det dei skal? Ja, det er ein risiko ein må ta. Eg trur likevel ikkje dei kronene som evt. går til eit noko anna formål enn det Stortinget hadde i tankane, vil vera fleire enn dei som no går vekk til kontroll.(Hugs: kommunar, andre mottakarar av tilskot og overføringar har også revisjon).

Sjølvopplevd
Dette har eg sett på nært hald som statssekretær for lenge, lenge sidan. Tilstanden kan ha endra seg, men då var det slik: Eit år laga KUF ein skulepakke. Pakka inneheldt tilskot til å nytta alternativ kompetanse i undervisninga/skulekvardagen slik at pedagogen skulle kunne vera pedagog i større grad, la rådgjevarar og andre ungdomsskulelærarar hospitera i næringslivet, kursing av lærarar i pedagogisk bruk av IKT osv. Midlane skulle fordelast via Utdanningsdirektørane, og målet var ei flat fordeling. Dette skulle alle få del i.

Summane var ikkje før godtekne i finansdepartementet og lagde inn i budsjettet, før eit stort arbeid begynte. Til mi overrasking. No blei det laga system for korleis kommunane kunne søkja på dei ulike tilskota, og korleis bruken skulle rapporterast.

Resultatet var at mykje av desse midlane ikkje nådde fram. Det blei for spesielt og tidkrevjande å få kronene til å rulla.

La meg skunda meg å leggja til: Embetsverket gjorde berre jobben sin. Dei var glade for pengane me hadde fått på bordet, og gledde seg til å sjå resultat. Og dei gjorde jobben sin slik Storting og revisjon hadde bede om.

På eit møte ei stund seinare møttest ulike departement og Riksrevisjonen til gjensidig informasjon. Då spurte eg korleis dette kunne gjerast enklare. Svaret var at det ikkje var noko problem: Det var opp til Stortinget å leggja dei rette føringane, eller la vera å leggja så mange føringar.

Kaos?
Er skulenorge og andre mottakarar av statstilsot verd så stor tillit? Nei, blir det sagt. Pengane vil berre gå inn i det store sluket.
Og det kan det vera noko i. Svampen er turr i mange kommunar, og kjem det nokre dråpar, vil dei raskt bli sugde opp. Men pendelen er i dag så langt på andre sida, at det må vera råd å våga og la han svinga litt tilbake.
Slepp kontrolltaket på kvar krone, og sjå at det skaper utvikling og engasjement!

Forvaltningsrevisjon
Så ser eg at den aktuelle debatten handlar om forvaltningsrevisjon, og nokon meiner at den ikkje fungerer slik det var tenkt. Dersom Riksrevisjonen hadde brukt mindre tid på kroneforfølging, hadde det ikkje vore så dumt og fått vita om måla for vedtaka var nådde, også på innhald. Det er jo i grunnen det viktigaste med heile vedtaket. Men skal ein ekstern etat vurdera måla departemenet har sett, stiller det store krav til presise målformuleringar.

1 kommentar:

  1. Og dermed koker det hele bort i kålen, som man sier her. For hver gang endringer skal gjøres, må det planlegges og for hver planlegging skal det hentes inn noen nye mennesker og så skal det møtes også ...
    Men det er klart at det hele er politisk styrt. Så skal det utredes og konsekvensanalyseres og planlegges og møtes, der også.
    Livet er ikke lett i et byråkrati :-) heller.
    Ha en fin dag :-)

    SvarSlett