lørdag 14. april 2012

Tala taler: Færre uføre no enn før

«Skal eg le eller grina?» 

Eg sat og såg på Nytt på Nytt, og høyrde straumen av påstandar, insinuasjonar og vitsar. Er dei morosame på mi rekning? Er dette ein slags lytehumor, der ein ler og kosar seg over andre sin lagnad? 
Kjenslene riv litt i meg ei stund. Kunne ikkje i alle fall fredagskvelden vore ein frikveld, i alle fall utanom nyhetssendingane, slik at eg kunne få «vera ufør i fred» ei lita stund! Men eg vel ein annan strategi: Eg ler med. Mange kommentarar er gode og treffande, og ganske snart høyrer eg at me er på lag. Ironien og sarkasmen er så kraftig at eg faktisk opplever at dei forsvarer meg. 

Kanskje andre opplevde dette annleis? Det fortel berre at kjensler er ein ustabil målestokk når det gjeld desse spørsmåla. Eg vil derfor heller peika på ein del fakta;  tal som kan gjera debatten meir nyansert. 

«Det er altfor mange føre", blir det sagt. Og seier ein det same mange gonger, blir det før eller seinare ei slags sanning. Men er dette sant? Blir det stadig fleire uføre?  Uføremeldinga som blei lagt fram for Stortinget i fjor, Prop 130-l-2010--2011 har ei rekke fakta om dette. Eg tar med ein del av desse, og kommenterer dei: 

* Det er fleire eldre i landet. 
Sidan 2000 har auken i talet på personar mellom 55 og 67 år vore spesiell sterk.  Denne auken er større enn auken i uføre i den same gruppa. Det er altså fleire mellom 55 og 67 som er uføre no, men det er ein lågare prosent av den aldersgruppa.

* Mange kvinner blir uføre. 
Forskarane har ikkje konkludert med kva som er årsaka til dette, men her gir også tala ein peikepinn. Kvinner har lågare dødelegheit i alle årsklassar. Der menn døyr av sjukdomane dei får, overlever kvinna eller får i mindre grad dødelege sjukdomar tidleg i livet. Kvinner får oftare muskel- og skjelettplager/sjukdomar. 

Mange menn som har svak helse, har hatt høve til å gå av med AFP når pensjonsalderen nærma seg. Mange kvinner som arbeider deltid, har ikkje hatt det høve, og har gått over på uføretrygd når helsa svikta. 

Kvinnene si deltaking i arbeidslivet har auka med gjennomsnitleg 11,5 år frå 1989 til 2008, medan mannen sin auke har vore på 1 år. Arbeidstyngda på kvinner som gruppe, har altså endra seg monaleg, og det er naturleg at slitasje/ skade i yrkeslivet fylgjer utviklinga. 

* Høg sysselsetting
Ved høg sysselsetting tar ein store deler av arbeidstyrken i landet i bruk. Det inneber også at fleire som i utgangspunktet har vanskar i arbeidslivet, får ein plass der. Desse har likevel større fare for å "detta ut att" av arbeidslivet.

Ikkje fleire uføre, relativt sett.
Dette fortel at dei demografiske fakta forklarer auken i talet på uføre. Hadde det vore like mange uføre prosentvis som for nokre tiår sidan, hadde det faktisk vore fleire uføre no enn det er i dag.

Det er altså ingen smitteffekt, ingen lettare tilgang til trygd, ingen lette utvegar som er forklaringa.
Stortingsmeldinga peikar også på store skilnader mellom høgt- og lågtløna, høgt og lågt utdanna, og den gir ein del internasjonale samanlikningar, alt av stor interesse for den som er oppteken av temaet.

Eit stort puslespel.
At talet på uføret ikkje har auka, relativt sett, inneber ikkje at ein ikkje skal setja fokus på korleis fleire kan vera i arbeid, heit eller delvis, eller korleis ein kan unngå at unge ikkje får prøva seg i arbeid med den helsa dei har. Alle er tente med det: Arbeidslivet, samfunnsøkonomien og personleg utvikling, velvere og sjølvbilete hjå den som ikkje kan gå heilt i takt med fleirtalet. Kunne berre ordskiftet framover tatt sikte på å kasta lys over dei tiltaka som kunne fremja dette! For at det skal skje må me som er uføre la vera å gå i skyttargravene, dei friske må la vera å spreia mistanke og arbeidsgjevar og styresmaktene må gå saman om gode praktiske og økonomiske tiltak. Så får me saman få i hop det store puslespelet der me har kvar vår brikke som trengst for å danna heilskapen.

 **
Dette blei mitt hjartesukk, "eit objektivt hjartesukk" denne gongen. I dag har eg lese eit subjektivt: eit ordentleg hjartesukk, som dreier seg om det same. Det finn du her på Mormors klagemur: Me retten til å klagaSkammens penger

Mine tidlegare bloggpostar som handlar om praktiske og økonomiske ordningar, finn du ei liste med lenker til  her 

5 kommentarer:

  1. Hei,
    jeg så det samme programmet som deg, og satt med en blandet følelse til å begynne med, men underveis, jeg kunne ikke annet enn å le, og jeg tror nok de heiet på oss uføre, med sine spissfintligheter.

    Selv er jeg mellom 50 og 60, og det er ikke verst med meg, men jeg tenker på unge, både friske og de som har en funksjonsnedsettelse. Jeg tror ikke det er enkelt å være ung i dag. Det stilles tidlig krav om å velge yrkesrettning, og utdanning deretter. Jeg tror en del av disse ungdommene, de er ikke der, og de trenger å fanges opp, slik at de kan finne sin vei underveis.
    En fortsatt god dag til deg.

    Bibbi.

    SvarSlett
    Svar
    1. Helt enig! Alt som kan gjøres, må gjøres for de unge. Så får helsa deres sette grenser, ikke systemene. Ha ei fin helg, og takk for kommentaren.

      Slett
  2. Det har blitt så mange terskler for de unge. Terskler som er vonde å forsere. Krav om tidlig veivalg i yrkeslivet, krav til lengre utdannelse, krav til alder, krav til perfeksjon.... Og lite målrettet veiledning.
    Hva vet en ungdomsskoleelev om hva slags yrke vedkommende vil ha om ti år?? Hvem vet om den enkelte ungdom har evner og ferdigheter for skoleløp og veivalg? Nå er det vel nesten ikke lov å gå med avisene heller, for de yngre ungdommene?
    Før kunne de få prøve seg på ulikt, både i industri og handel, men den veien er også stengt.
    Jeg er glad jeg ikke er ung. Nå.
    Hyggelig av deg å lenke til meg.
    Mormorklem

    SvarSlett
  3. Jeg satt også og humra med. Nå følger jeg ikke med på serien "NAV", men den skal etter sigende være ganske morsom.

    Jeg så en oversikt i vinter en gang. Den viser en stor økning i antall unge uføre, og det tallet synes jeg er svært bekymringsfullt. At jeg, som har bikka 50 har status som delvis ufør, kan jeg godt leve med. Jeg har deltatt i arbeidslivet fra jeg var 15 år, men noen avbrekk pga skolegang og et par fødsler. Verre er det med unge mennesker som sliter med helsa og som opplever at veien er for smal og porten for trang for dem til å komme inn i arbeidslivet og som ender opp som unge uføre. Bak tallene er det nok mange ting som skjuler seg, men like fullt grunn til bekymring, etter min mening.

    SvarSlett