lørdag 11. august 2012

Andre skal ha det litt kjekkare enn om eg ikkje var her

Det er Ove Tvedt, læraren, langdistanseløparen innanfor frivillig arbeid som lokalavisa Kvinnheringen  kallar han, (10.08.2012), som har dette flotte målet for kvardagane sine. Ikkje i eitt år, ikkje i ti år, men i fleire tiår har han levd saman med ungdomane i bygda med målsetjinga om at dei skal ha det litt kjekkare enn om han ikkje hadde vore der. Han og kona starta heime i stova og har i mange år drive Ope hus i kyrkja, i tillegg til mykje anna arbeid i nærmiljøet. Mange unge har opplevd at målsetjinga hans er meir enn ord.

"Krampaktig ung" kalla me i vår tid ungdomsleiarar som gjekk i lusekofte og tøysko for å sjå ungdommelege ut. Skal ein fylgja dei unge i kle og motar i dag, kan det bli strevsamt å vera ungdomsleiar. Då er det frigjerande med det rådet Ove gir til andre som vil få kontakt med dei unge:
Ver meir  interessert enn interessant!

Eit slikt råd kan me ta med oss nokon og ein kvar:
- han som ikkje veit kva han skal snakka om når han møter folk fordi han for det meste er heime åleine grunna sjukdom
- dei som er blitt plasserte ved sida av kvarandre ved eit festbord og ikkje er kjende frå før
- ho som har fått ein ny nabo med ein annan kulturell bakgrunn

Å bli møtt av nokon som er interessert i deg, gjer noko med deg. Born bruker store fakter for å fortelja oss kor viktig det er at me ser dei. Som vaksne seier me det ikkje rett ut, men me opplever det vel likevel godt å bli sett.

Sjå meg!
"Se meg" er tittel på Stortingsmeldinga om ein heilskapleg rusomsorg. Å sjå dei unge er den beste førebyggjande innsatsen mot rusmisbruk. Sjå dei i kvardagen, sjå og høyra dei i ordinære samlingar, sjå og spørja etter dei når dei gir teikn på at alt ikkje er som det skal. Og så til slutt det vanskelege: La dei vita at du ser dei også når alt har gått galt og vegen ut av eit liv i rus synest stengt.

Lokalavisa "Kvinnheringen" vil kåra den beste kvinnheringen. Eg er ikkje i tvil om kven som fortener å bli den beste i Kvinnherad i 2012. Å seia at nokon er best, er å bruka store bokstavar. Men når målet er å gjera livet kjekkare for dei andre enn om han ikkje var der, er ikkje bokstavane for store. Og kjenner eg han rett, har han ingenting i mot at nokon låner mottoet hans.

Meir om å bli sett, kan du lesa her


7 kommentarer:

  1. Viktig det du skriver om!! Så flott med et slikt engasjement som du har :)) ta vare på det. Også ønsker jeg deg en nydelig helg videre. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Omsider: Takk for kommentar! Det er sikkert ting som dessverre er lettare å skriva om enn å leva etter, så med trneg å bli minne på det, tenkjer eg.

      Slett
  2. Det var eit fint motto! Og gode råd å ta med seg når haustens arbeid no startar opp att. Takk!

    SvarSlett
    Svar
    1. Lukke til når arbeidet startar. Takk for besøket her!

      Slett
  3. Viktig motto.
    Skulle ønske jeg klarte å leve etter det.
    God søndag og mormorklem til deg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var det å leva etter det. Men me får tru det er betre å ha godt og høge mål, enn ikkje å ha det. Litt kan me vel strekkja oss i rett retning?

      Slett
    2. Alltid godt å ha noe å strekke seg etter.
      Vakker dag til deg,
      Mormorklem

      Slett