mandag 28. mai 2012

Sistemann ned, takk!


- Kan eg få vera sistemann i denne køen?

Ikkje det mest vanlege spørsmålet, nei ? Så er det heller ikkje så vanleg å stå i kø for å bli flytta ned att frå fjellet med helikopter.

Ventetida ved startpunktet blei korta ned med godt humør og full konsentrasjon ved kvart påfyll i hektoliterkoppen. På parkeringsplassen blei stavar, krykker, rullestolar arbeidslause. Synlege og meir usynlege skader og lyte hindrar oss i å koma utanføre vanlege vegar til dagleg, men i dag skulle alle slike naturlege hindringar kryssast.

Spenninga i flokken var stor, men det var for dei fleste ikkje helikopterturen som skapte spenninga, (som så mange av dei sjølgåande turgåarane trudde). Det var forventninga om frisk vind på toppen, utsyn over fjord, fjell og hav, og opplevinga av enda ein gong å vera på fjellet.

Og fjellet svikta ikkje. Lufta, klarvêret, utsikta, opplevinga av å vera nær sildrande bekkevatn og rester av snøen, held alltid det som det lovar.

"At eg skulle få koma hit opp ein gong til i livet mitt", kviskrar ein mann, - med ei tåre på kinnet, elles ordlaus av dei sterke inntrykka. Berre hans oppleving gjer det verd å ha eit slikt tilbod.

Eg er 25 år yngre og har større svingradius i kvardagen enn han. Men eg skriv under på det han sa. Å koma ut av uføre(t), kan vera eit arbeidsmål. Å ikkje sitja fast i uføret, er kunsten å leva sjøl om det går feil veg med houvdmålet. Denne dagen blei me bokstavleg tala lyfta ut av uføret.
Og å nytta seg av helikopter, er ikkje juks!

10 år med opne dører på Varhaugselet blei markert med friluftsgudsteneste og folkefest. 700 meter over havet ligg denne hytta som ikkje skal låsast, fordi alle er velkomne inn. I dag fekk dette eit nytt innhald: Me var alle velkomne, gåande som fykande.

3 kommentarer:

  1. Så deilig å lese.
    Minner er gode å trekke med seg, dett minnet blir vel en perle?
    Mormorklem

    SvarSlett
  2. Ja, dette finn sin naturlege plass i smykkeskrinet, og i hjartet

    SvarSlett
  3. Så flott! Må være supert å komme seg ut på denne måten!

    SvarSlett