lørdag 25. februar 2012

Kvardagen til ein statssekretær: Korleis leva med eit ansvar som andre kan måtte ta?

Ja eller nei?
Høgskule eller universitet?
Lobbyistar eller fagfolk?
Innafor eller utafor rammene/retningslinjene?
Rom for skjønn eller ikkje?
Bør dette gå til Stortinget?
Bør det drøftast med statsråden?
Trengst det betre gjennomgang av fakta?
Skal det visast handlekraft eller tolmod?

Kvardagen som statssekretær var full av spørsmål som eg måte ta stilling til. Ofte var svaret gitt. Andre gonger vreid eg meg på stolen fordi eg visste avgjerda ville bli upopulær. Andre gonger var eg i tvil, og måtte drøfta saka med dei andre i den politiske leiinga og med embetsverket.

Men av og til måtte det gå fort. Og av og til blei det tatt avgjerder som var større enn dei såg ut for der og då, og konsekvensane meir vidt-rekkjande enn eg innsåg.

Dette var ein del av kvardagen. Mange spurte korleis ein kunne leva med slikt dag ut og dag inn. For alle veit kor gale det blir, når ting går skeis, opposisjonen på Stortinget treng noko å retta pilene mot  og pressekorpset går i takt.

Eg hadde gleda av å vera statssekretær for Jon Lilletun i Bondevik 1-regjeringa (Kyrkje - utdannings og forskningsdepartementet) frå 1997-2000. Politisk leiing var då eit samansveisa team, med ein politisk rådgjevar; Knut Arild Hareide, to statssekretærar; Svein Helgesen og meg, forutan statsråden sjølv. Det var ei god oppleving å vera på eit lag som arbeidde mot same mål og som stod saman. Me visste nemleg kor ansvaret låg; hjå statsråden. Og fordi me visste det, var me alle svært opptatt av å gjera jobben vår slik at han kunne forsvara det. For det visste me at han ville gjera.

For at det skulle fungera måtte me:
-    Vita korleis statsråden tenkte.
-    Drøfta arbeidsmåte og prinsipp slik at me var trygge på oppgåvene våre
-    Drøfta vanskelege konkrete spørsmål så sant det var råd

Kvardagen var likevel slik at me måtte gjera vedtak utan å få snakka med statsråden. Jon Lilletun gav denne tydelege meldinga då han bad meg vera den i den politiske leiinga som «styrte departementet» i hans fråver: Dersom det er ei fillesak som du er i tvil om kva du skal gjera med, så la den liggja til eg er tilbake. Dersom du har ei stor og viktig sak som du er trygg på, så ta avgjer og få saka vidare.
Med ein slik marsjordre, var det ikkje vanskeleg å gå dagsetappane. Lilletun viste også at han stod for det han hadde sagt. Han forsvarte avgjerder eg hadde tatt, i media og på Stortingets talarstol, sjøl om han kanskje ville gjort det litt annleis om han skulle vurdert alle sakene sjølv. Men arbeidsinnstruksen var klar: Når du tar avgjerder som du ikkje er trygg på at me har heilt samanfallande syn på, må du forklara meg korleis du tenkte, slik at eg kan forsvara det. Dermed fekk eg ein ekstra runde å gå: Kunne eg ikkje forklara på ein god måte kva eg hadde gjort, var det feil å ta den avgjerda på eiga hand.

Å ta ansvar er alvorleg, men å ta eit ansvar som seinare andre må overta, er i tillegg svært vanskeleg.

Også politikar
.
Som statssekretær måtte eg ofte fungera som stand-in for statsråden. Det var alltid like lite kjekt å melda frå at det kom ein statssekretær i staden for statsråden. Ein gong blei eg presentert med at Lilletun dessverre ikkje kunne koma, men hadde sendt sekretæren sin, og «ho er visst også politikar».

Når de gjeld det formelle kan det synast som om det i den aktuelle debatten om Lysbakken sitt ansvar, er et stort spenn i kor stor kunnskap ein har om kva ein statssekretær er.  Kort fortalt:
Ein statssekretær
-    Er utnemnd av kongen i statsråd
-    Gjer vedtak i departementet på linje med statsråden, (ei underskrift er nok)
-    Har alle fullmakter - med desse avgrensingar:
      -       Møter ikkje på slottet eller går på Stortingets talarstol
      -       Kan ikkje underteikna brev frå statsråden til Stortinget

Ein politisk rådgjevar har ikkje desse fullmaktene. Han er ein rådgjevar og kan nok ta avgjerder i departementet og arbeida med stortingsmeldingar, men for at tredjepartssaker og saker til regjeringskonferansen eller Stortinget skal passera, må dei underskrivast av statsråd eller statssekretær.

Tidlegare skrive: Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun

2 kommentarer:

  1. Ikke bare,bare noen steder.
    Men lærdom er ikke tung å bære, tror jeg.
    Litt tull med adressen min pt. Så beste hilsen fra Mormor på muren.

    SvarSlett
    Svar
    1. Og lærdom er til for å delast, i den grad det går an. Noko må ein alltid læra sjølv.
      Godt å høyra frå deg, mormor!

      Slett