Kor langt står de frå kvarandre?
Den politiske kvardagen går ut på å finna saman for å få realisert mål. Av og til er det lett å finna fleirtal, andre gonger er vegen kronglete.
Personar og grupper kjem også med sine innspel. Ofte kan dei synast å dra i kvar si retning. Då gjeld det å trø varleg. Å bæra ved til bål som helst skulle vore slokte, er ikkje lurt, men fort gjort. Å oversjå usemje er heller ikkje lurt. Det er ofte godt meint, men dårleg gjort.
I møte med lobbyistar og andre politikarar er det viktig at ein ikkje trur at ein er ei passiv brikke. Det ein seier og ikkje seier driv prosessar. Orda og handlingane kan gjera avstanden mellom grupper større. Men dei kan også byggja bru.
Når konfliktar og ulike synspunkt tårnar seg opp i lokalpolitikken, tyr eg til dei kloke orda frå
Anna Skeide:
Og eg spurde vinden:
Sei meg du flygande flyktning:
Kor lang er ennå vegen frå aust og til vest?
Og vinden den svara:
Så lang som frå menneske til menneske.
traff meg midt i hjartet
SvarSlettHm.kloke ord fra Anna Skeide!
SvarSlettKanskej enighet ikke er så viktig..men kanskje hva vi gjør med uenighet?
Hva driver oss fremover?
SvarSlettAlltid enighet?
Dagens spørsmål.
Ha en fin dag.
Gode og viktige ord. Takk for at du deler.
SvarSlettAvstand mellom mennesker er en hverdagslig sak.
SvarSlettFritt etter verdens beste Karlson
Ps.
SvarSlettDu spurte "... lurer på om Kammelryttersken vil ri innom bloggen min og skriva nokre ord om kven som fortener vår hjelp i 2012 som marsgjest?"
Kan jeg, godt med litt avveksling fra anna skriving
Flott! Då gler me oss til mars..
SlettSendte deg en mail med en tekst jeg hadde liggende på harddisken
SlettKansje du kan bruke den?
:-) Ragnhild