tirsdag 13. desember 2011

Gjesteblogg: Mange blomster i Vår Herres hage


Hovudtemaet på bloggen min er menneskeverdet. Kvar månad framover vil eg utfordra ein av dei eg har møtt i min kvardag, auge til auge, på Twitter eller nokon som eg fylgjer bloggen til, - eg vil utfordra til å dela tankar om menneskeverdet.


Første kvinne ut er Marit Gaustad. Eg har ikkje møtt Marit, men eg kjenner varmen i orda og bileta hennar. 
På Twitter finn du henne på @maritga og bloggen hennar finn du her: maritsmeiningaromdittogdatt


Ordet er ditt, Marit Gaustad:

Mange blomster i Vår Herres hage



Det finst mange blomster i Vår Herres hage, brukte mora mi å seia.

Ja, det gjer det sanneleg. Rundt oss på alle kantar snublar vi over folk
som ikkje går midt etter vegen, som ikkje kler seg og ter seg som den store
flokken gjer det.
Og ser du riktig godt etter, vil du nok oppleve at det faktisk gjeld alle.
Each and everyone. Originalar. Berre originalar, alt i hop.
Men det er mulig du må ta på deg nye briller for å sjå dette.
Velvillege briller. Sterke briller.
Ønsket om standardisering omgir oss. Ver som oss! Gjer som oss!
Det er i dette kravet vi begynner å tvile på eigen verdi. For vi får det
berre ikkje til.
Ein av desse dagane då eg kjende meg så inni alle granskogar mislukka og
mislikt, litt for tjukk, altfor gammal, litt for ditt og altfor datt- då
møtte eg ei ung mor i gangen på rådhuset.
På armen bar ho ein vakker, vidunderleg baby, ei lita jente, ny i livet. Ho
opna heile det skjønne ansiktet sitt mot meg, den vesle, smilte henrykt og
pludra i veg. Heile ho sa: Du er heilt ok! Eg likar deg!
Eg måtte ta til tårene over denne totale, pure fordomsfriheita.
Er det slik, tenkte eg, at vi skal møte kvarandre?
Som barnet?
Var det dette Han meinte, han som sa at vi skal vere som barn?

Måtte barnet lære oss.
Gud sende ikkje ein ferdig konge til jorda, for å lære oss å leve.
Han sende eit barn.

For unto us a son is given (Frå Händels Messias)
http://www.youtube.com/watch?v=7VynBiI9M30&feature=youtu.be


Du er god nok.
I Jesu namn. Amen

Med gode helsingar frå Marit Gaustad

5 kommentarer:

  1. Takk. I dag var dette ord jeg tror jeg trengte.
    Ha en god onsdag

    SvarSlett
  2. Takk mormor! Me sender takken vidare til Marit Gaustad!

    SvarSlett
  3. Unnskyld, lurer på hvorfor jeg kommer til Telenor når jeg klikker på You Tube-adressen.

    SvarSlett
  4. http://youtu.be/7VynBiI9M30
    Har same problemet, Sigrun! Men her er eit nytt forsøk. Om du ikkje kjem til rett adresse no, så kopier og legg inn i nettlesar
    mvh Marit G

    SvarSlett
  5. Sigrun Og Marit. Har no limt inn lenka direkte frå You Tube. Det skal vera i orden.

    SvarSlett