fredag 16. desember 2011

Humor hjelper mot det meste

Mannen har skrive i anken til bispedømmerådet: "Etter å ha summa seg litt, har kona mi bestemt seg for at ho vil bu på Valen. Ho orkar ikkje bu litt her og litt der. Ho målar, og vil ha sitt eige galleri i sokkeletasjen der publikum kan koma innom... Eg legg ikkje skjul på at eg foretrekk å sove i same hus som kona mi, noko eg reknar med biskopen og resten av bispedømmerådet ikkje vil ha innvendingar mot."
 

Kven kan vel stura over eit avslag på søknaden om å sleppa å bu i prestebustaden for å flytta inn i eige hus, når bygdefolket gir massiv støtte til at dette må då kunne ordnast. Teiknaren Lars Slettebø har kvessa blyanten og seier det på sin måte: - Jan Ove, staar det naake om buplikt i evangeliet? under overskrifta "Det hende i dei dagar" (Lokalavisa Kvinnheringen, 16.des). Slettebø har velvillig gitt løyve til å visa fram teikninga her. 

Det kom også overraskande støtte frå Frp lokalt, då Ole Torbjørn Holmedal med eit glimt i auget tok saka opp i spørsmål til ordføraren i kommunestyret i går. Han spurte om det ikkje var lurt av kommunen å selja bustader som ikkje var meint til primæroppgåvene våre, til dømes prestebustaden på Husnes. Så kunne kommunen heller leiga eit hus til presten, og då ville det kunne vera aktuelt å leiga på Valen i staden, (altså vårt hus).  :)

Humor hjelper mot det meste. Det hjelper i kvardagen. Om det hjelper for å få saka løyst, vil visa seg. 

I Kvinnheringen, 23.desember, skreiv Tor Bringedal om ein tidlegare prest i Kvinnherad, Strømme, som for 100 år sidan strevde med buplikta. Her kan du lesa den utrulege og underhaldande historia.

På blogginnlegget Svaret var nei på fritak for buplikta  har eg gjort greie for det som har skjedd og kva eg tenkjer om saka. Han som har denne omtala buplikta, mannen min Jan Ove, har også tatt til ordet offentleg, og også han gir meg vellvillig løyve til å ta med innlegget hans her:

Buplikt for prestar, irrelevant og uakseptabel ordning 
For snart 11 år sidan var eg så heldig å bli prest i Husnes og Holmedal sokn. Her trivest vi så godt at vi ynskjer å bu her som pensjonistar. Tidleg i haust var det av ulike grunnar naturleg å kjøpe vår framtidige bustad. Bustaden er plassert sentralt i soknet, og sokneråd, prost og presteforeininga sitt bustadombod stilte seg positive til søknaden om fritak frå buplikta. Men Bjørgvin bispedøme sa nei, sjølv om eg denne månaden fyller 55 år og som prest i  Bjørgvin er omfatta av bispedømet sin seniorpolitikk. Med ei så streng handheving av buplikta, finn eg tida inne til å stille spørsmål ved om dette er ei ordning som kan forsvarast i 2011.

Det er ingenting i prestetenesta eller presterolla i dag som tilseier at presten skal bu i ein spesiell bustad. Den siste tenestemessige tilknytninga til prestebustaden fall bort då prestane for nokre år sidan fekk beredskapsordning og bustadtelefonen vart bytta bort med mobiltelefon. Når presten ikkje har beredskap, treng han/ho ikkje vere tilgjengeleg mellom kl.17 og kl.08 eller i helgene. Og har presten beredskap, så er ikkje kravet at han/ho skal opphalde seg i prestebustaden, men i beredskapsområdet. Å ha eit punkt i tenesteordning for prestar der arbeidsgjevar kan pålegge presten plikt til å bu i ein spesiell bustad er difor irrelevant og heilt uakseptabelt.

Eg kan ikkje forstå at det kan vere i tråd med vanleg arbeidsrett at ein arbeidsgjevar kan bestemme over ein arbeidstakar sitt privatliv når det ikkje har noko som helst relevans i høve til arbeidet ein er sett til å utføre. Om lag fjerdeparten av prestane i Den norske kyrkja  har ikkje lenger buplikt. Det er eit tydeleg signal om at plikt til å bu i ein spesiell bustad ikkje lenger har noko med prestetenesta å gjere.

Eg ber dei som har ansvar for å gje rettferdige lover om å fjerne denne plikta som kan opplevast som ei stor og unødig ulempe,  både for presten og familien. Dette må ikkje forseinkast av ein debatt om rekruttering av prestar til område der det å stille bustad til disposisjon kan vere eit godt tiltak. Å bu i prestebustad frivillig med høve til å flytte ut når ein sjølv vil, er noko heilt anna enn å vere klistra til prestebustaden av plikt.
Dersom det i nokre område er ynskjeleg at presten skal bu i ein ærværdig prestebustad av kulturhistorisk verdi, ja, då får ein gjere det så attraktivt å bu der at presten gjer det frivillig.

Bustadordninga for prestar som plikt er utgått på dato for lenge sidan. Den er både irrelevant og uakseptabel.  Her inviterer eg alle gode krefter til å gå saman om å gje prestane fridom i høve til bustad.

Jan Ove Totland
Sokneprest i Husnes og Holmedal sokn



2 kommentarer:

  1. For en herlig tegning.
    Enig i at det bør sees nærmere på og fristilles fra rekrutterings-spørsmålet.
    Og helst rimelig fort.
    Ha en fin dag

    SvarSlett