torsdag 18. april 2013

Ein annleis debatt om trygdemisbruk, takk!

 Arnfinn Fiskå skriv  i Bystemmer om trygdemisbruk slik ingen har gjort det før. Argumenta om kvifor det er godt å vera i arbeid kjenner me.

Men Fiskå har eit anna poeng, eit svært godt poeng: Det er trygdemisbruk å gi trygd til dei som kunne ha vore ein del av det aktive samfunnet. Nokon av dei vil, nokon vil om dei får hjelp til å finna evna og viljen.

Me vil gjerne tru at det er slik: At dei som vil og kan, får arbeida. Me vil gjerne tru at nokon, at systemet, fungerer. Og viss det ikkje fungerer, er det nokon som ordnar opp.

Når ein har levd ei stund, finn ein ut at det ikkje er slik. Ting ordnar seg ikkje av seg sjølv. Det finnest ikkje ein allvitande sjef i landet som legg brikkene på plass når biletet kjem i ulage. Ingen har den oppgåva, ingan kan makta å ha det.

Livs-sanning?
Livsløgna kan halda oss i livet. For mange ville livs-sanninga ha gitt eit betre liv. Sanninga om at eg duger, kan vera til hjelp for nokon, kan yta, kan gjera det eg kan.

Takk til Arnfinn Fiskå for ei ny vinkling av spørsmålet om trygdemisbruk. 
Måtte det bli det aktuelle temaet i den komande valkampen!

7 kommentarer:

  1. Er så enig, med dere begge! Er jo en grunn til at vi kjemper med eller mot systemet i flere år, og at vi prøver og prøver, nekter å gi opp(sjøl om det av og til er fristende).. Og jeg kjenner meg så godt igjen i det med at der godt å ha noe å ha fri fra, i stedet for å ha fri alltid...

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette må ein nok ha prøvd sjøl for å forstå, trur eg..

      Slett
  2. Veldig godt sagt! Kjenner ei som har en sønn på 18 med Downs syndrom. Det lokale NAV-kontoret mente han måtte på uføretrygd. Hun var ganske rasende på dem, for det fins mange oppgaver han kan gjøre, bare det blir lagt til rette for det. Dessverre er han ikke noe enestående tilfelle, det er mange som han. Jeg har lenge undra meg over at de som vil og kan jobbe (om det blir lagt til rette for det) ikke får lov, mens det som ikke klarer å jobbe, blir tvunget ut i alskens utprøvinger.
    Selv håper jeg å klare å jobbe i den stillingsprosenten jeg har de årene jeg har igjen (inntil 13), men jeg erkjenner at det er kanskje for mye for meg. Heldigvis har jeg folk rundt meg som forstår min situasjon.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vanskeleg balanse dette. Og mange blir nok usikre på kva me eigentleg vil og kan når debatten kjem. Ein kan jo bli irritert av stadig å høyra om restarbeidsevnen også om det ikkje er råd å ta den i bruk. Synest Fiskå klarte å setja fingeren på noko viktig på ein tydeleg måte.

      Slett
  3. Kunne, burde, skulle - egentlig er det leit at det er kan ikke , skal ikke, burde ikke.
    Men han forutsetter en ting som ikke er tilstede: Arbeidsplasser, tilrettelagt for det enkelte individ.
    Klem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det har du heilt rett i. Me gjer det for innvikla. Her i kommunn er det ei gruppe som vil gjera strøjobbar no, som dei sjøl tar initiativ til, men så kjem spørsmålet om kontraktar, forsikring, skade i arbeidet o l.

      Slett
  4. Bare som snarest innom med med en mormorklem :)

    SvarSlett