Eg ynskjer å vera i arbeid, men etter nokre år med fleire ryggoperasjonar, måtte eg gje opp det i ein periode. No har eg vore ufør i 6 år, og kroppen er så stabil, at eg våger meg ut i aktivitet att. Nedanfor skisserer eg kva som er min kompetanse og erfaring, men også kva som kan vera avgrensingar.
Har du ein jobb som høver for meg? Alle interesserte er velkomne til å senda ein epost til marit.totland@online.no for nærare informasjon, også nødvendige detaljar om helsa for å forstå korleis eg no kan prøva å koma i arbeid. Dei fleste stillingar må lysast ut og søkjast på, så tips om stillingar er velkomne.
Aktivitet/verv i dag:
* Kommunestyre/-formannskapsmedlem i Kvinnherad kommune. Eg var ordførarkandidat for KrF no i haust.
* Nestleiar i Normisjon
* Vara til Kringkastingsrådet
* Styremedlem i Skudeneshavn historielag
Utdanning: Adjunkt: nordisk, kristendom, psykologi, pedagogikk + ped.sem.
Erfaring:
* Leiar i friv.organisjasjonar
* Lærar, ungd.skule/vidaregåande skule
* Pedagogisk konsulent i "Kyrkja i Noreg 1000 år"
* Ordførar på Bømlo
* Statssekretær (KUF - Bondevik I)
* Direktør, Valen sjukehus
* Adminisitrasjonssjef i Helse Fonna
Styre/råd/utvalserfaring:
Styremedlem Høgskulen Stord/Haugesund, 7 år
Styremedlem Norsk Lærarakedemi, 5 år
Styremedlem Samarbeidsrådet for Sunnhordland, styreleiar 1 år
Medlem av regjeringa sitt utval: Kvalitet i skolen (fram til 1. delinnstilling)
Medlem av regjeringa si ref.gruppe for finansieringssystemet for uh-sektoren
Skriving
* Artiklar av ulik art
* Lærebøker i kristendomskunnskap, småskulen
* Pedagogisk materiell for "Kyrkja i Noreg 1000 år", til alle nivå i skulen
* Lokalhistorie på eige forlag: 5 hefte/bøker med lokalhistorie frå Karmøy/Nordfjord og ein historisk roman; Blåstrømpe (frå 1880, overgangsperioden frå segl til damp)
- Under arbeid: Ein biografi
Foredrag:
For å halda motet oppe i dei åra eg måtte vera svært passiv og knapt kunne ha ei bok på fanget, begynte eg å mala (olje). Dessutan samla eg ein del lokalhistorie på gode dagar og hadde eit par foredrag i semesteret i dei beste periodane. Slik blei noko av tida fylt med innhald, og eg heldt livsmotet oppe. Foredraga har vore på førespurnad frå ulikt hald: Kulturarrangement, festivalar, kyrkjelydar, hum.-frivillige organisasjonar, skuleeigarar, lokalt forskarforbund, politiske fora.
Tema for foredraga, (mange om menneskeverd), har vore:
* Glede - ei alvorleg sak
* Kong Salomo og Jørgen hattemakar
* Dei frivillige og arven dei bringer vidare
* Frivillighet - kvinnene si rolle før og no
* Som dagane går
* Finansiseringssystemet i Universitets- og høgskulesektoren
* Kva har oppveksten å seia for identiteten? Hav, himmel, håp.
* Motiv, frå kyrkje - til stovevegg
* Babettes gjestebud
* Å vera foreldre og beseforeldre
* Husker du? Kvifor er den nære kulturhistoria viktig?
* Kvinne med glede
* Skuleeigar og skuleleiing - korleis gjera kvarandre betre?
* Vegen vidare for KrF - utifrå ideologien i partiet
* Blåstrømpe - levekår rundt 1880
* Julefeiring før og no
* Josef G Larssen, Vestlandets Prøysen
* Ettertanke etter møtet med eit omstreifarliv
* Elias Blix
Stikkord/avgrensingar:
* Større eller mindre stilling er av interesse
* Helst arbeid frå heimekontor/Kvinnherad
* Reise til møte med medarbeidarar eller for å ha foredrag/presentasjonar er ok
* Nav tar ansvar for arbeidsgjevar sin del av sjukepengar, også dei to første vekene ved sjukdom
* Ved lengre arbeidsøkter må eg ha kvilepausar
Elles vil eg tru denne bloggen, "Ut av uføre(t)", og historiebloggen min: Det var ein gong vil gi eit inntrykk av kven eg er og kva eg står for.
Go girl!
SvarSlettKjempelurt å gjøre det sånn! Lykke til-jeg heier på deg :-)
Imponert, håper du får napp :-)
SvarSlettOriginal Kamelrytterske, bare på Karavanseraiet.no, om smitterfarlig syndrom
Håper noen finner deg attråverdig som arbeidstaker.
SvarSlettHa en god dag.
Bare innom for å si:
SvarSlettHA en god dag :-)