onsdag 30. november 2011

Svaret var nei på fritak for buplikta. Ordninga med buplikt for prestar er utdatert.

Oppdatering blogginnlegg 16.desember
Etter at det er blitt kjend i lokalmiljøet at me som familie ikkje får fritak for buplikta i prestebustaden, har det strøymd på med støtte og trøyst.
 
Denne flotte karikaturteikninga i lokalavisa, Kvinnheringen, av Lars Slettebø, er mellom dei eg har sett aller mest pris på:  http://yfrog.com/nznxoibj
Tekst: - Jan Ove, staar det naake i evangeliet om buplikt?


Støtta frå Frp lokalt kom også overraskande då Ole Torbjørn Holmedal tok saka opp i spørsmål til ordføraren i kommunestyret i går. Han spurte om det ikkje var lurt av kommunen å selja bustader som ikkje var meint til primæroppgåvene våre, til dømes prestebustaden på Husnes. Så kunne kommunen heller leiga eit hus til presten, og då ville det kunne vera aktuelt å leiga på Valen i staden, (altså vårt hus).  :)

Kva saka eigentleg handlar om, står i det opprinnelege innlegget:
Så fall dommen: Me har fått avslag på søknad om fritak for buplikt i prestebustaden, trass positive tilrådingar frå alle kantar.

Eg er priviligert. Eg bur i ein av dei best isolerte prestebustadane i landet, med praktisk romløysing og godt nabolag. Og eg er i eit uføre. Me har kjøpt hus, 7 km herifrå, som me så gjerne vil bu i. Men me kan ikkje flytta, for prestemannen har buplikt i dette huset kommunen har stilt til disposisjon som prestebustad.

Då me flytta inn i prestebustaden, visste me om buplikta. Ordninga kom ikkje som noko overrasking. Men me bygde hus før mannen min blei prest, og har leigd det ut i seinare år for å sjå om nokon av borna ville overta det. No har dei gjort sine val, og det var naturleg å selja huset sidan det ligg i ein annan kommune, og det blei tungvint med vedlikehaldet. Derfor selde me huset og kjøpte eit nytt hus her i Kvinnherad kor me ynskjer å bu i pensjoniståra.

Vår personlege frustrasjon og private utfordringar skal ikkje bloggførast. Men avslaget aktualiserer ei rekke prinsippielle spørsmål.

Prestar har i ei årrekke stått overfor same utfordring som oss. Men det har skjedd ei vesentleg endring: Prestar har i dag ei beredskapsordning som gjer at dei ikkje lenger skal vera tilgjengelege heile døgnet. Dei skal faktisk berre vera tilgjengelege mellom kl 8 og 17 på kvardagar når dei  ikkje har fri. Utover den tida er det ein prest i kvart tenesteområde som har ansvaret, og beredskapstelefonar går til denne presten. Desutan ligg pestekontoret ikkje lenger i prestebustaden. Ei så lita, men avgjerande sak, som mobiltelefonen revolusjonerte sjølvsagt også situasjonen for dei som skal ha tak i prest. Med desse praktiske endringane fell logikken vekk når det gjeld å ha eit bestemt hus som presten skal bu i og møtast i.

Ei utdatert ordning.
Mange meiner at ordninga berre kan fjernast. Så enkelt er det ikkje. Nokre stader i landet der det ikkje er lett å omsetja hus, kan det vera eit tilleggsproblem å skaffa prest dersom ein ikkje stiller med prestebustad. Kven vil investera i eige hus dersom det ikkje er marknad for sal seinare? Likevel: Det må kunne lagast ei fleksible ordning der hus blir nytta til rekruttering der det er trong for det.

Prestebustadane er enten eigd av Opplysningsvesenet fond (OVF) eller kommunen. OVF har ansvar for dei bustadane på dei "ærverdige" prestegardane.

Kommunen har plikt til å stilla med hus, og presten har plikt til å bu i det. Slik er det i dag. Begge partar har ei plikt. Her ligg problemet. Det mange ynskjer er nemleg at presten skal ha rett til å få tilbod om eit hus, mens kommunen skal ha plikt til å stilla med hus dersom presten ynskjer det. Ei slik ordning er det ikkje enkelt for kommuenn å forhalda seg til. Så ser me også at Frp no har levert eit Dok 8- forslag i Stortinget, eit framlegg om lovendring, der dei ynskjer å ta vekk kommunen si plikt.

Kommunane opplever at stadig fleire prestar søkjer fritak for buplikta, og vel derfor å selja bustadane sine.

Både kommunesektoren og OVF har interesse i bupliktordninga, og fleksible ordningar vil krevja ein del av dei. Eg trur likevel ikkje dette er grunnen til at me ikkje kjem oss ut av buplikt-uføret. Ein gong i tida hadde eg denne saka på bordet som politisk leiing i kyrkjedepartemenet (1997-2000)*. Då såg eg ei anna side av saka. Prestane sin organsasjon ville gjerne ta vekk bupliktordninga, men dei ville ha kompensert for å mista eit gode dersom ordninga fell vekk. Samstundes kjempar mange prestar rundt om i landet for å bli kvitt ei ulempe. Ulempa og godet er same sak. Det seier seg sjølv at dette ikkje kommuniserer.


Buplikt for prestar kan ikkje vera eit gode og ei ulempe samstundes  - presteforeninga sitt ansvar.
Ein kan ta fatt på buplikta frå mange vinklar: Ulik bruk av prestebustadar med kontor o l  før og no, den einskilde sin rett til å velja bustad, det praktisk-økonomiske ved ikkje å ha eige hus eller kommunen og staten sine oppgåver og utgifter. Men så lenge prestane sin organsasjon hevdar at ordninga både er eit gode og ei ulempe samstundes, er det ingen grunn til å tru at saka finn si løysing med det første. Mens tida går, seier nokre bispedømme oftare ja til fritak frå kommunal bustader, mens prestane i kommunar andre stader sit att med probemet i fanget. Det er ikkje ein god veg ut av uføre.

Tid for debatt.
Sidan saka har så mange sider, og sidan vilkåra for folk flest til å skaffa sin egen bustad er annleis enn då buplikta kom til, er det på tide med ein offentleg debatt om saka. Er ikkje buplikta i tråd med krava og vilkåra for prestetenenste i 2011, bør den avviklast, slik det har skjedd med buplikt for andre grupper, mellom anna for fylkesmenn.

Det er altså innlevert et lovendringsframlegg på Stortinget som gjeld nettopp denne saka. Det er å håpa at saka blir så godt opplyst og engasjerer så breitt, at me kan få ei ordning som både kommune, kyrkje og prest er tent med anno 2011. Dok 8:16 L (2011-2012)

- Avisa Kvinnheringen skriv om saka 2.12.2011: Får ikkje fritak for buplikta
 - Det er no ordskifte om saka på Verdidebatt.no
- Kari Sørheim har ein kommentar til same spørsmålet: Karitankar
- Jan Ove, mannen med buplikt, har også skrive eit avisinnlegg, det finn du nedst i dettee blogginnlegget her

* Apropos sal av prestegardar
I departementstida snakka eg ofte om at Opplysningsvesenets fond og sal av prestegardar. Det kunne bli mange foredrag på ein stakkars statssekretær, og det hende eg stokka litt om på orda og påstod at me dreiv og selde kyrkjegardar. Det blei latter i salen kvar gong, og det tok tid før eg forstod kvifor. Eg blei litt klokare då folk kom og spurte korleis prisen var på kyrkjegardar for tida.

10 kommentarer:

  1. Det er ikke greit å skulle være ordførende for motsatte synspunkter, slik presteforeningen skal gjøre.
    Hmmm, kan man si at den foreningen taler med to tunger?
    Noen løsning har jeg ikke (heldigvis?)
    Ha en fin kveld

    SvarSlett
  2. Er det ikke så enkelt som at retten og plikten oppheves og at de sogneområdene som trenger lokke med bolig for å få prest gjør det?

    SvarSlett
  3. Mormor: Ja, dei taler med to tunger, heilt klart.

    Melivetpaaslep: Ja, du har fatta poenget 100 %.
    Eigentleg kunne det gjerast slik.

    SvarSlett
  4. God lørdagsmorgen
    Håper dagen blir god.

    SvarSlett
  5. Tiltrår melivetpåsleps forslag

    Var det en passe korrekt uttrykksform? Sånn departementalt/politisk sett?

    SvarSlett
  6. Ja, uttrykksformen er nest n heilt korrekt. "Tiltrer" hadde vore heilt bingo.

    Og til saken: Ja, dere er på rett spor, etter mitt syn Får håpa det blir nok merksemd om de urimelege sidene ved saken i samband med at dok 8-forlaget skal til Stortinget.Det er ved slike høve ein kan få ein debatt. Elles sniglar saka seg framover. Det skuldast nok at det er svært mange kokkar: Kommunen, presten, presteforeninga, sokneråd, bispedøme, politikarar, departement, Opplysningsvesenets fond. Alle har sine aksjer i saka og vil ha ei løysing som gjer kardagen enkel og økonomien så god som råd.

    SvarSlett
  7. Jeg synes medlivetpåslep har godt forslag..problemet med endringer at alt tar sånn tid .. Noen ganger bra og fornuftig. Andre ganger synd for dem det gjelder.
    Lykke til..
    Og god 2. advent søndag.

    SvarSlett
  8. Ja, endringar tar tid, Bente. Håper likevel saka kan lirkast nokre centimeter no når den skal opp i Stortinget.

    Har fått god støtte lokalt etter saka blei kjend, så no køyrer me på det prinsippielle. Me visste kva me gjekk til, så det er ikkje synd på oss. Likevel er det grunn til å gjera det ein kan for å byta ut ei antikvarisk odning med ei som passar i 2011.

    SvarSlett
  9. Siste tilskot på hjelpelsita frå nærmiljøet, finnest her: http://detvareingong.blogspot.com/2011/12/ei-100-ar-gamal-utruleg-historie-om.html

    SvarSlett
  10. Karikaturteikninga kjøpte eg og gav til prestemannen frå svigerfar hans. Dei blei svært nøgde med gåva, både givar og mottakar.

    SvarSlett