tirsdag 15. mars 2011

Kvifor er det så få som bryr seg om "dei brysame"?

Forslag til lov om kommunale helse- og omsorgstenester er på høyring, og uførestønaden skal tilpassast andre trygdeordningar i løpet av våren. Kvifor er det så lite ordskifte om dette?

Mange som treng økonomiske ordningar eller gode praktiske ordningar, er utrygge på korleis utfallet vil bli. Pleie for eigne barn og "privatstyrte assistentar", BPA, har ei usikker framtid. Og når endringa i uføreordninga kjem: Vil unge uføre bli kasteballar i systemet, eller vil dei kunne kjenna seg trygge på at dei kan ha ein jamleg vurdering av eigen situasjon utan å mata papirmøller?

Utan å kjenna til detaljar, synest det rett at: Stønader som gjer det muleg å vera aktive, må vidareførast. Retten til den einskilde må vega tyngre enn kommunalt sjølvråderett. Pleie av eigne barn, dersom foreldra maktar det og ynskjer det, må vera betre enn betalt hjelp frå andre.

Dette er viktige ordningar for mange. Kvifor har det fått så lite merksemd i det offentlege ordskiftet? Kvifor er det så få som bryr seg om "dei brysame", dei som ikkje fylgjer regelen, men som er unnataka? Eg meiner ikkje å seia at dei er brysame i den forstand at dei plagar fellesskapen med vanskelege spørsmål i tide og utide, men dei utfordrar systemet. I tillegg kan dei ikkje handsamast som gruppe, fordi det så ofte er tale om tilpassingar til den einskilde sin situasjon.

Det kan vera ulike forklaringar på kvifor så få bryr seg:
- Mange av oss har lite innsikt i lovverket: Det er detaljert og me kjenner det ikkje godt nok til å uttala oss bastant, meg sjølv inkludert.
- Dei fleste kjenner ikkje problemet på kroppen, og vil helst ikkje tenkja på at dette kan gjelda dei ein dag.
- Ein er redd for å ta ordet fordi ein ikkje veit kva ord som er lovlege. Gjeld desse spørsmåla dei funksjonshemma, uføre eller pleietrengande? Kva nemningar er dei rette i dag? Utan å villa det, har mange nytta "feil ord", og er blitt arresterte for det.
- Det manglar heilskap: Når ein tar vekk ordningar som gjer det muleg å ha ein aktiv kvardag, også inkl arbeid, sparer ein uførestønad. Men så lenge stønaden kjem frå staten og hjelpetiltaket frå kommunen, blir det vanskeleg å sjå kva som samla er den beste løysinga, også økonomisk.

Regelverk som er skreddarsydd kvar einskild, vil me aldri få, men det er likevel grunn til å ha dette i tankane når lovverket blir laga, så ein ikkje endar opp med eit så strigla system at svært mange fell utafor eller ikkje får den hjelpa dei treng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar