Ni måneder som brukar av sosiale medier til kvardags: Er eg blitt klokare, meir sosial eller meir oppdatert?
Eg har i alle fall lært meg at det å vera oppdatert ikkje er det same som at eg er blitt klokare. Fylgjer ein alle straumane på skjermen, kan ein få ei oppleving av at det er heilt avgjerande å få med seg absolutt alt. Loggar ein av, vil ein sjå at livet likevel går sin gang. Og når ein er tilbake i straumen, oppdagar ein at det ikkje er mykje å ta igjen.
Likevel, ni månader med SoMe har hatt sin sjarm og nytteverdi. Særleg i valkampen fekk me som politikarar ein heilt ny arena til å kommunisera med veljarane og andre politikarer. Ein kombinasjon av blogg, Twitter, Facebook og lokalaviser opna nye dører, dører det gjekk an å gå inn og ut av utan å venta på at avisene skulle koma ut og utan redaktørar som dørvakter.
Twitter - svake og sterke sider.
Twitter har absolutt vore den mest spennande vegen ut i verda. Først var eg forsiktig med å twitra for mykje. Eg trudde det var om å gjera å berre by på gullkorn, gode innspel, verdifulle lenker, og at korte svar ville bli vurdert som støy i twitterstraumen. Men så gjorde eg som @agry07:
”Vurderte ei stund å bare snakke om det jeg hadde greie på. Måtte gi opp prosjektet.”
Etter kvart såg eg at twittermeldingar også var kommunikasjon, slik at små kommentarar kunne vera nødvendige, heiv meg på, og enda opp med kontakt med gilde folk som eg på eit vis opplever at eg kjenner litt etter kvart. Likevel: Eg har framleis problem med å sjå kva som er poenget med kaffiskåler og den slags. Det er truleg ei helsing som seier: ”Me kjenner kvarandre”, ”Eg har ikkje gløymt dykk”, ”Me er ein kjekk gjeng, er me ikkje?”
Det same gjeld twittermeldinga som seier: ”No må eg ha mat” eller ”Hei, der ute!”. Det er vel også ei påminning til oss andre om at ”Eg er her. Ikkje gløym meg”.
Det hender eg finn lukka grupper på Twitter, twitrarar som utleverer så mykje av eigne synspunkt til kvarandre, men som er så inni eigen sjargong, fagterminologi, (innforståtthet), at dei utelukkar andre i samtalen. Det er ok, men eg lurer av og til på kvifor dei nyttar Twitter til slike samtalar. Det same gjeld ein del personlege dialoger, som vel høver betre for DM?
I andre enden av skalaen er kontakten med den store verda. Det er flott å fylgja @olavkjorven, tidlegare statssekretærkollega, frå New York. Profilen hans fortel kvifor eg synest han er verd å fylgja:
”Assistant Secretary General for development policy, UNDP. Into all & anything that can secure a better future for people & life's diversity on Earth”.
Twitter har dessutan sin styrke ved:
Det er ein høvelag stad for språkelskarar og ordleik.
Dei som vil halda fram hjartesaker, har ein arena, men vil mista fiskelukka om ein gjer for mykje ut av det.
For alle som er på jakt etter gode artiklar, er Twitter eit funn. Tenk at andre les aviser og bringer vidare det mest interessante!
Lokale saker kan få ei nasjonal vinkling og omvendt.
Aktuell debatt, program, debatt blir kommentert av leg og lærd.
Autoritetsangst er det ingen grunn til å få fordi ein ikkje veit kven som skjuler seg bak nicka. Korleis kunne eg vita at eg fylgte ”den rikaste mannen i landet”. Det stod jo ikkje i profilen hans.Og kven veit kva redaktørar eller topp-politikarar som gøymer seg bak ord og uttrykk.
Nye personar kan få ein talarstol, som elles ikkje ville fått det, med tydeleg bodskap eller underfundige kommentarar som @nicecap.
Oppsummert: Twitter kan gi positive impulsar og ein god prat. Men ser ein seg blind på Twitterstraumen, kan ein koma til tru at den gir heile bilete av den verkelege verda. Det gjer den slett ikkje!
Blogg: Personleg, men ikkje privat.
Bloggen min Ut av uføre(t) blei oppretta fordi eg etter mange år om ufør, såg ei litt lysare framtid nærma seg, og håpte å koma ut i arbeid att. Det måtte blei ein snirklete veg, og då eg stilte som ordførarkandidat var det ikkje berre å la seg sleppa utfor ein slakk nedover bakke og håpa og koma ned på beina, då blei det å sleppa seg utfor ein hoppkant, med sjanse for magaplask, skibrekk, fiasko, eller suksess. Eg valde å fortelja om prosessen på bloggen, samstundes som eg la menneskeverdet som grunnlag for alt som blir skrive der om å koma ut av uføret, ikkje berre for meg, men for menneske i dei ulike situasjonar livet kan føra oss inni i.
Ved å stikka innom hjå andre bloggarar, får eg eit glimt av kvardagar slik dei kan vera, gode eller dårlege, til dømes Mormors klagemur, og eg møter menneske med stort samfunnsengasjement, til dømes: Karavanseraiet.
Facebook, Fjesboka - for dei eg kjende fjeset på frå før – trudde eg.
På Facebook hadde eg tenkt å halda kontakt med familie og gamle vener. Men det fungerte ikkje. Dagen etter at eg hadde opna facebookprofil, kom eg i prat med ein gjeng lokalpolitikarar. Rundt kaffekoppen blei Facebook raskt eit emne. Eg sa då at eg ville nytta Facebook til familie og vener. Vel heime opna eg PC’en og såg til mi overrasking at ein av dei eg hadde hatt kaffedrøs med, hadde sendt veneførespurnad. Og eg kunne ikkje avvisa den. Me var jo meir vener enn uvener sjølv om me var i ulike parti. Dermed balla det på seg slik at Facebook er blitt ei brokete samling ”hei og hopp”, ”redd verda” og ”takk for sist”.
SoMe - typisk meg.
I starten, då eg såg hashtagen #SoMe, trudde eg det var ein slags kommentar: Det eg skriv no, er typisk meg. Så oppdaga eg at det stod for sosiale medier. Men etter kvart går det for det same for min del: SoMe er nok blitt litt typisk meg. For sjøl om eg av og til tenkjer at verda blir for snever og vid samstundes og at det blir nytta for store bokstaver om kvardagsleg tema, så er det nok ikkje aktuelt å logga av for godt.
--
Dette er mi oppleving av å vera aktiv på sosiale medier etter ni månader. Kommentarar, innspel til debatt er svært velkomne, gjerne frå kaffiskålerane.
Tips til dei som er nye på Twitter, og også til dei sm har vore med ei stund, finnest her: Twitter for nybegynnere
Tusen takk, nå ble jeg rørt.
SvarSlettTakk.
Trivelig at du setter pris på Karavanseraiet :-) Tusen takk :-)
SvarSlettSosiale media er så mangt. På en side er det en erstatning og en utvidelse av praten over kaffekoppen, venner og bekjente i mellom. På den andre siden gjør Twitter, Fjæsboka og blogger at man får mer av verdens elendighet og utvikling inn i stua. Vi blir både nærmere og fjerner oss mer fra hverandre med å ha en PC-skjerm mellom oss og omgivelsene.
For mitt svar viser jeg til:
SvarSletthttp://amrama.blogspot.com/2011/11/fb-og-andre-some.html
Skreiv også dette innlegget etter 22.juli:
SvarSletthttp://amrama.blogspot.com/2011/08/mitt-fineste-sommerminne.html
Tja, etter 15 år på nett har jeg sett de sosiale mediene utvikle seg nesten helt fra starten. Det har virkelig vært så ymse som har skjedd der.
SvarSlettBrukt med omhu kan de være et gode, men de kan også forårsake mye vondt.
Kamelryttersken: Ille viss SoMe blir ein erstatning for kaffikoppen, men greitt om det blir utviding. Har tenkt å sjå nærare på den sosiale delen i eit seinare innlegg. - Når heila verda kjem inn i stova, med direkte tale, vaknar eg av og til opp, men det hender eg blir overvelda og må slå av "heile greia" også.
SvarSlettTakk for kommentar @amrama!
Og velkomen til Cassandra! Ja, det er dette med å barbera seg og skjera haka av seg ..
Heh..! :D Lilla Nasha fant fina lesesvinger. :lol:
SvarSlett