søndag 11. november 2018

Gjer nokon glad!

Har du tenkt å senda nokre gode ord til ein ven, eller ein som var ein ven ein gong? Men så lar du det vera. For me sender jo ikkje brev i tide og utide lenger.
Men kvifor ikkje gjera det likevel?
Eg har laga kort med fleire av maleria mine og opplever at mange set stor pris på å få eit kort med ei helsing i postkassa.
Så mi oppfordring er: Gjer nokon glad med eit kort. Eller med nokre ord på eit ark.
Korta mine kan du bestilla hos meg: marit.totland@knett.no
Her er døme på korleis korta ser ut. Dei er 15X15 cm, doble med kvit konvolutt.





Heile utvalet finn du her: kort

lørdag 29. september 2018

Rett tid for nyorientering for KrF!


Målet er det same: Å vinna fram med KrF’s politikk. Men det er i politikken som elles når ein skal finna fram. Har terrenget endra seg, må ein stoppa opp å sjekka både kart og terreng for å sjå korleis ein kan nå målet.

Eg har lenge hatt tru på sentrum som ei kraft i norsk politikk. Ein kan framleis snakka om at Senterpartiet, Venstre og KrF har mykje felles, men når Senterpartiet nyleg har vore i ei raudgrøn regjering og Venstre har gått saman med Høgre og FrP, er det ikkje noko tyngdepunkt igjen å bruka til praktisk politikk i sentrum, dessverre. Terrenget er altså slik at ein må velja ny rute.

Partileiaren peikar no mot AP og SP. Ikkje for at KrF skal overta deira politikk, men for at ein skal gå i samtaler med desse partia for å sjå om ein kan få gjennomslag for KrF’s politikk eller finna ein veg som er nærare KrF’s mål enn det andre regjeringskonstellasjonar vil kunne leia til. Mange meiner ein då skal gå til Høgre. Noko som ikkje er unaturleg utifrå KrF’s historie. Men ulikt tidlegare situasjonar, så kan ein ikkje i dag velja Høgre, men Høgre og Framstegspartiet. Det er ein heilt ny situasjon. For meg er ei slik løysing ganske fjern. Det skuldast avstand i politikk kombinert med at statsministeren, etter mitt syn, i alt for stor grad lar regjeringspartia styra kvart med sitt i staden for å ha ei samlande hand både om bodskap og statsrådar. Derfor gir eg lyd frå meg no. Som vestlending. Som ein del av grunnfjellet. Og eg er ikkje åleine her som meiner at partileiaren no har gjort ei rett vurdering for vår tid.

Når eit sentrumsparti vel å gå til Høgre eller AP gir ikkje det grunnlag for å ta fram dei store orda og kraftige karakteristikkane. Derfor er eg glad Eirik Lunde kan fortelja om godt klima på møtet på laurdag trass usemje om retningsval.

Mange har vore avventande til valet som blir gjort no. Nokon vil til og med bli medlem i partiet om Hareide får partiet med seg. Til det er det å seia: Meld deg inn straks. Nye medlemmer er målbart. Det kan gi hjelp til dei som skal ta avgjerd på landsmøtet i dette som for mange er eit vanskeleg val.

At det er ulike syn på kor langt partiet kan gå til høgre eller venstre, er ikkje nytt. Påstanden om at KrF er ein koalisjon meir enn eit parti, er vel meir sant enn på lenge. Kvifor ikkje då heller gå kvar til det partiet der ein kjenner seg heime i staden for å leva i ein koalisjon som «berre» er bunden saman av verdisaker og ta verdiane med seg der ein kjem? Mitt svar er det same i dag som det var for over 30 år sidan då eg melde meg inn i partiet. Det dukkar stadig opp nye saker som gjeld verdiar og menneskeverd. Aldri hadde eg kunne tenkt meg at spørsmålet om aktiv dødshjelp og surrogati for alvor skulle bli sett på dagsorden her i landet i mi tid då eg melde meg inn. Til no veit eg kva saker Stortinget har arbeidd med. Eg kjenner tapa og sigrane til KrF. Og eg veit sånn nokolunde kva ulike parti har meint i viktige verdispørsmål. Men eg veit ikkje kva spørsmål til dømes teknologien vil by på i framtida. Og eg veit heller ikkje korleis partia vil stilla seg til nye utfordringar i kjølvatnet av slike nyvinningar. Men eg stolar på KrF når det gjeld menneskeverdet, i vårt land og i verda elles. Eg kan ikkje vera trygg på at partiet vil vinna fram med vernet om menneskeverdet i alle saker, men eg er sikker på at dei vil ta kampen. Derfor vil KrF alltid vera partiet mitt!
Dette innlegget er også sendt til Verdidebatt.no

fredag 28. september 2018

Når livet går i knas...

Når alt går i knas kan det synast håplaust. Ei kjeramikkmugge kan vel limast, men blir aldri som før. Nei, som før blir den ikkje, men med kintsukuroi kan den bli ny. I tillegg kan den bli både finare og sterkare.

Kinstsukuroi er ein japansk kunst der ein limer kjeramikk med gull.
Dette måtte festast til lerretet. Og eg ville kombinera det med sommarfuglsymbolet, det kraftfulle symbolet for fornying og forvandling, og mi tru; på oppstandelsen og det evige håpet. Dermed måtte det bli sommarfuglane som kom med gullet.
Eg høyrte først om den japanske kunsten av Marit Aksnes Aase då me var i lag og snakka om pottemakaren. Og så er eg ikkje før kommen heim, så finn eg ein flott artikkel i Aftenbladet om same emnet. Den er verd å lesa. Du finn den her: Når livet går i knas.
Tidlegare har eg gjort meg mange tankar om korleis livet blir når alt blir snudd opp-ned: Når livet snur. No har dette temaet fått ein ny dimensjon takka vera den japanske kunstforma.
Maleria mine er for sal, og det vil nok dukka opp fleire variantar i tida som kjem. Det øvste bildet er seld. Det andre er 50x50x4cm, akryl på lerret, kr 2000,-
Sommarfuglane kan du lesa meir om i boka : Håp

onsdag 21. mars 2018

Tenk først. Tast etterpå.

Som ung debattant kladda eg innlegga først. Så skreiv eg dei på maskin, bretta arket og putta det i ei raud postkasse. Ganske snart fann eg ut at eg burde "sova på det" før eg posta brevet. Ikkje sjeldan førte det til at eg endra litt på innhaldet neste dag. Uforgløymeleg er episoden då eg sende eit skarpt, ope brev til dåverande helseminister med overskrifta: "Kva verdiar, Mork?", og fekk ei skrikande overskrift mot meg i ei landsdekkande avis nokre dagar seinare: "Kva verdiar,Totland?" Han hadde god grunn til å stilla spørsmålet. Mi handling spegla ikkje gode verdiar i forsøket på å avsløra hans etter mitt syn ufullkomne verdisyn.

Tastesamfunnet kan få oss til å tru på hastesamfunnet.

Når ein hest "løper løpsk" eller "spring ut" som me kalla det, er det berre ein ting som kan stoppa han: At nokon stengjer vegen når han kjem springande. Det krevst mot for å stilla seg opp slik. Kanskje treng me i større grad bremsa kvarandre i tastaturverda også: Seia "Stopp! Har du tenkt over kva du no deler av mistanke, fordomar, haldningar?"

lørdag 17. mars 2018

Arbeid til arbeidsufør


Eg er godt nøgd med veka som gjekk. Fordi den gav arbeid til meg som er arbeidsufør. Ikkje vanleg arbeid då. For det var ikkje råd å finna noko som ryggen tålte då den melde pass for over 10 år sidan. Målet mitt var å vera tilbake i arbeid etter 10 år. Det meinte legen kunne vera realitisk, om eg var heldig.
Det einaste ryggen klarte var at eg heldt i ein pensel. Så då starta maling, - som eg aldri har lært eller drive med før. Og no, over ti år etter, ser eg resultat. Det kjem stadig nye bilde på veggane. Og folk kjøper bilda mine, - faktisk i så stor grad, at eg kan kalla meg delvis ufør. Takka vera den "nye uførelova" kan eg no mala og selja dei vekene helsa tillet det. Eg tener meg rik på meistring, og staten tener på at eg skal ha mindre trygd. Og om det kjem vonde dagar som hindrar malinga, er utgifta frå staten som den var i utgangpunktet. Hurra!

Desse bilda har eg laga denne veka. Du finn fleire på maleribloggen her om du vil sjå: Galleri Nauthydlaren



tirsdag 20. februar 2018

Ein bitteliten mammut


Boksal til god pris i mammas lager, må vel vera ein liten mammut? Denne veka får du alle bøkene mine for kr 100,- per stk + evt porto ved bestilling her hos meg: SMS/98060938, i kommentarfeltet eller på Messenger.

Det gjeld: Med handemakt og hestekraft, Rolf Høines forteller,
Husker du?
Blåstrømpe (historisk roman),
Garborg og Skou - forskjell på folk?,
Alt vel (historisk roman)
og gåveboka Håp.

Dei to første bøkene til far er utselde.
Tilbodet gjeld fram til måndag 26.februar.

søndag 29. oktober 2017

Utan avtale

- Kjekt å sjå deg, sa han.
- Det ser ikkje sånn ut.
  Du spring jo berre fort forbi, svarte ho.
Som hadde gått ein tur på butikken,
ikkje fordi ho trong smør,
men fordi det
kanskje
var nokon å snakka med
der.

- Me kan godt ta en prat ein dag, sa eg.
- Ja, det kan me, sa ho
og gjekk.
Så møttes med
i ei døropning
i farta
og ho fortalte alt
det ho ikkje
kom innom
for
å fortelja.

Når er rette tida?




søndag 17. september 2017

Hekla fruktposar: Ut av plast-uføret!


Har du tenkt på kor mykje plast som hamnar i søppelkorga berre når du pakkar ut frukta du har kjøpt? Det har svigerdotter mi. Så ho spurte om eg kunne hekla fruktposar. 
Så det har eg gjort.

Fristar dette som eit godt alternativ til plastposar nokon SOM IKKJE KAN HEKLA, kan eg laga nokre: kr 60 per stk for den smale, kr 90, for den store + pluss porto. Det blir ikkje akkurat nokon timepris å snakka om, men heklinga er god å kombinera med krim på TV.
Posane er hekla i 100 prosent bomull som kan vaskast, ja, kokast om dei blir skitne.
Eg har laga ei hekleoppskrift etter mine prøvehekleposar. Men ver ikkje redd for at du ikkje går heilt etter mønsteret. Det blir truleg posar av det uansett, i fleire fasongar.
Har du ulik farge på bandet øverst, er det lett å hugsa kva som var ein liten pose som passa til tomater og kva for ein som var stor nok til ein kilo eple.

Start med 10 luftmaskar (lm) og fest dei i ein ring med ein kjedemaske (km). Bruk heklenål nr 2 og Solberg garn 12-4 eller tilsvarande.

1.omgang: 4 lm, 1 stav (st) og 1 lm 9 gonger i ringen. Avslutt omgangen med 1 km i  den 3. lm av de 4 første lm.
2.omgang: 5 lm, 1 st og 1 lm mellom de to første stavane i forrige omgangane. Gjenta rundt heile vegen og avslutt med km i 4.lm av de 5 første på omgangen
3. omgang: 6 lm, i dobbelstav (dst) og 3 lm mellom dei to første stavane i forrige omgang. Gjenta rundt heile vegen og avslutt med km i 5.lm av de 6 første på omgangen.
4. omgang: 2 km i luftmaskebuen, 6 lm, 1 km i neste bue. Gjenta rundt heile vegen og avslutt med 3 lm og 1 stav i den 3. av de 6 første luftmaskane.

Fortsett på same måte som 4. omgang, slik
5. omgang, 7 lm, 1 km i kvar bue
6 og 7. omgang; 8 lm, 1 km i kvar bue
9. omgang: 9 lm, 1 km i kvar bue
Fortsett med omgangar lik omgang 9 til ca 5 cm før ønska lengde.

Etterpå:
Ein omgang: 8 lm, 1 km i kvar bue,
neste: 7 lm, 1 km i kvar bue

Vidare desse 4 omgangane:
- 4 lm 1 km i kvar bue
- 1 km i kvar maske på forrige omgang
- 2 dst, 2 lm, hopp over to maskar, gjenta rundt heile vegen
- km langs heile kanten

Hekle ei snor med luftmaskar og tre den gjennom løpegangen du laga med den nest siste omgangen . Bruk gjerne dobbel tråd.

Vil du ha ein vid pose, går du vidare med fleire lm i kvar bue etter omgang 9, og lagar lengda på posane med same talet på buen som den siste omgangen du auka opp. (altså heile vegen 9 lm i kvar bue dersom største buetalet var 9. 12 lm i kvar bue dersom største talet var 12 osv.

Mari på Lunner har no kvalitetssikra mønsteret, og her er resultatet:


fredag 15. september 2017

Tatt av Smørbukkgenser-bølgja

Det blir snakka om å vera i flytsona, den overlegne sinnstilstanden då arbeid blir gjort, konsentrasjonen er på topp og tankane flyt. Noko av dette har eg sakna etter at eg måtte gi opp arbeidslivskvardagane.
Stadig søkjer eg etter nye tankar og tiltak å sysselsetja meg sjølv med. Det blir mykje maling og skriving når helsa tillet det.
Og så ein dag datt ein ny tanke ned i meg. Tanken kom frå barnebarnet, så han datt vel ikkje ned, blei vel heller kasta opp til meg. Han ville ha ein Smørbukkgenser.
Eg leita og leita, men noko mønster var ikkje å finna. Dermed var det berre å setja i gong med metoden "prøving og feiling". Det enda med ein genser i størrelse 4 år.


Dette var gøy. Kanskje gøy for fleire? Derfor la eg ut mønsteret på bokbloggen min "Bøker er bra". Du finn det her.  Og sende eit tips til Norsk Barneblad. Så no er bølgja i gong. Sjøl held eg på med to på ein gong og er ferdig med ein. Etter kvart som eg prøver ut ulike størrelsar vil dei komma på bokbloggen her.
Bli med du også vel?
Strikker du genser, så legg gjerne ut bilete av arbeidet mens det skrid fram instagram med emnknaggen #smørbukkegenser og send bilete av den ferdige genser til Norsk Barneblad.


tirsdag 29. august 2017

Bittelitt delvis arbeidsfør

Det er blitt langt mellom innlegga mine her på bloggen. Det er eit godt teikn. Det fortel nemleg at eg lever større deler av døgnet andre stader enn ved datamaskina. Då eg starta bloggen, var innlegg og kommentarar så å seia eit vindauge ut mot verda og alle dykk andre som er der ute.

Eg hadde eit håp om å komma meg ut av uføre(t), altså å ikkje vera ufør lenger. Det har gått 10 år sidan eg slutta i jobb. Ut i vanleg arbeidsliv kjem eg nok ikkje igjen. Men eg maler og skriv så pass mykje at eg får redusert uføretrygd. Hurra! Det betyr at eg berre er delvis ufør (sjølv om den arbeidsaktive delen er ganske liten). Men eg opplever å nesten ha nådd målet mitt. I alle fall er dagane meiningsfulle; eg har noko å planleggja og å følgja med på. Og eg får tilbakemelding frå dei som les bøkene og ser og kjøper maleri  her i Galleri Nauthydlaren

Det er blitt to bøker siste åra: Alt vel - ein historisk roman frå Island, om ein orkan i 1884 som hundrevis av rogalendingar kom skutelause tilbake frå
og Garborg og Skou - forskjell på folk?

Etter kvar bok tenkjer eg at no skal eg halda fingrane frå tastaturet. Det finst vel nok bøker i verda. Men så er det noko som vil ut og fram. Mellom anna den vesle fortellinga om larvane som frykta det dei hadde i vente.

Boka Håp, er ei gåvebok om sommarfuglen som symbol.
Boka blir ca 14x14 cm. 
Desse sommarfuglane er gjennomgåande illustrasjonar i boka.


"Håp" kan bestillast i kommentarfeltet her, eller ved epost til meg: marit.totland@knett.no.
Prisen er 50 kr + evt porto.